Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Balestrand - Veitastrond 3-2

Eit Veitastrond lag som mangla mange spelarar tapte fullt fortent 3-2 mot Balestrand på Kreklingen Stadion i dag. VIL-fotball kom aldri i gang i dag, og tapte for eit heimelag som synte ei langt større vilje til å vinna kampen enn det me gjorde. 

Den 19 mann store troppen me skreiv om i går vart i dag skrumpa ned til 14 mann då Morten, Geir, Ivar, Arvid og Ole Kristian ikkje vart med til Balestrand. Dette gjorde at Emil kom inn sentralt for Morten medan dagens debutant Kjell Ronny kom innpå laget for Geir.

Alle spelarane var klare til kamp kl 18:00, men dommar Torstein Egil Kvam hadde ennå ikkje stempla inn på Kreklingen. Den ellers så presise dommaren hadde mista den første ferja med 1 minutt, og kampen vart blesen i gang 5-10 minutt seinare av ein uoppvarma dommar.

Som i forrige kamp mot Hafslo avtalte me å gå ut med høgt press, og tidleg ta kommandoen i kampen. Men som i kampen mot Hafslo så lukkast me overhovudet ikkje med dette, og Balestrand var det klar beste laget i innleiinga utan at dei skapt nokre store sjansar.

Etter at VIL hadde rista av seg det fyrste trykket frå Balestrand så var det me som fekk den første store sjansen. Ein nydeleg corner frå Emil traff pannebrasken til Even, men uheldigvis så traff ballen stolpen og ingen var på plass for å ta seg av returen.

11 minutt var spelt då Balestrand legg inn frå høgresida. I ein duell inne i feltet er VIL-forsvaret litt for aktiv med hendene, og dommar Kvam bles straffen. Denne set Balestrand sin storscorar Arnstein Menes sikkert i nota. Medan dei 21 andre spelarane på bana hadda valt å spela i anten bukse, shorts eller nikkers, så valde ordførarkandidat Menes å bekle seg med den gode gamle varianten med mørkeblå stilongs under shortsen. Denne klesdrakta var spesielt populær blant lilleputtane på Moane Stadion ein gong tidleg på 90 talet. Einaste som mangla for å gjera det komplett var at den ellers så sympatiske Menes hadde spelt med leggbeskyttarane utanpå sokkane, og kanskje hatt ein liten "snårebudl" dinglande ut av nasaskafte. I allefall 1-0 til Balestrand...

Etter denne kalddusjen så kom VIL seg litt meir inn i kampen, og me fekk ei tidleg utligning 8 min seinare. Emil kjempar seg ned til dølinja og legg ballen inn i feltet. Der dukkar debutanten Kjell Ronny Haugen opp, og han får krangla ballen inn i buret, og dermed 1-1.

Diverre så var ikkje Veitastrond så lenge i paradis, og berre 3 minutt etter får Balestrand corner. Denne vert slegen hardt inn i boksen, og der dukkar Øyvind Neset opp og headar kontant inn 2-1 til heimelaget. I denne situasjonen er både keeper Gøran Fimreite og VIL-forsvaret alt for passive og let Neset få gå opp heilt åleine. Riktignok skal det takast med at det er ein fin prestasjon av målscoraren, og han utnytta her kjempekreftene sine - kjempekrefter som han truleg opparbeidde seg då han som gutonge var med å stå i siloen framme hjå han onkel Bjarne på Strondi.

Siste kvarteret av omgangen skjedde det ikkje så fela mykje interessant framfor dei to måla. Begge lag har nokre halvsjansar utan at det vert noko meir ut av det. Diverre så vert 1.omgang skjemma av ein forferdeleg grisetakling av Balestrand spelar Tommy Ese på Emil Heggestad etter 42 min. Ein VIL-corner vart avklart og Emil og Ese sprang begge etter ballen, Emil sprang lett i frå han og fekk tak i ballen heilt ute ved sidelinja omtrent midt på bana. I det han får ballen i beina kjem Ese inn totalt meiningslaust med to føter og taklar Emil bakfrå. Heldigvis så røyser Emil seg med ein gong, men det er liten tvil om at dette kunne fått eit stygt utfall. Kan hende Ese har sett dette på tv og tykkjer det er fela tøft å takla slik, men for alle dei som ser dette vert det berre latterleg håplaust. Endå meir håplaust at det skjer i ein ubetydeleg treningskamp. Dommar Kvam delte ut eit gult kort, men ingen kunne sagt noko om fargen på kortet var raud.

Laga gjekk til pause med 2-1 leiing til Balestrand. Forsåvitt fortent etter sjansar og spel. Frå benken kunne det meldast at Gaute Olstad stort sett kjeda seg, og han gnog til det keisomlege om kor viktig det er å bruka hjernen.

Ingen skifter i pausa, og me gjekk ut på til 2.omgang med håp om å løfta oss både spele- og innsatsmessigt.

Me byjra omgangen meget positivt, og etter berre 4 minutt fekk VIL straffe etter at Øyvind Lien vart felt. Straffen vart teken av Richard Nes, og han sende keeper til høgre og ballen til venstre og dermed 2-2 på Kreklingen.

I denne perioden er VIL ganske bra, og det ser ut til at me skal ta skikkeleg tak i kampen. Akkurat då skjer det som ofte skjer i fotball. Noko klumsete forsvarspel frå oss gjer at ein baling plutseleg er åleine med keeper, og han set ballen kaldt i mål via stonga til 3-2 og nok ein gong er Balestrand i leiing.

Etter 60 minutt må Even Kvam ut med skade. Han vart erstatta av Gaute Olstad.

6 minutt seinare kjem kampens merkelegaste situasjon. Balestrand kastar opp langs høgresida, og legg ballen inn i boksen. Der mottek Arnstein Menes ballen med ryggen mot mål, han vender opp og skyt ballen i opp i krysset. Ei nydeleg scoring som åleine sikkert sanka eit par stemmer til neste valg for Senterpartiet og Menes. I det publikum og Menes jublar som galne kjem VIL spelarane med Petter Fagerli i spissen bort til dommaren og minner han på at det slettes ikkje var kast i situasjonen før, men frispark til Balestrand. Dommar Kvam innrømmer at VIL har rett, og han gjer noko så sjeldent som å gjera om på si eiga avgjersla og heimelaget får underkjent målet og må ta frispark i staden. Godt slike hendingar skjer i ubetydelege treningskampar.

69 minutt så kjem Jon Arne inn for Bøysen.

Etter 72 minutt vert Kjell Ronny spelt igjennom, men han blir stoppa. Løpeturen til Kjell Ronny var imidlertid det som tok knekken på leggane hans, og det neste minuttet er det stopp i spelet då alle dei andre spelarane står å ler av Kjell Ronny som vrir seg i smerten som krampen gjer han. Etter ei stund får han karra seg over sidelinja, og Øystein erstattar han på topp.

Resten av kampen har me ikkje noko å melda om, og det meste er prega av lite finspel og uinterssant midtbanekrig. Balestrand vinn denne kampen fullt fortent i dag, og for vår del var me utruleg slappe i dag. No har me ein treningskamp før serien brakar laust 2.mai. Innan den tid må me skjerpa oss!

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Sindre, Even (Gaute), Øivind, Kim Andre - Øyvind, Petter, Emil, Kjell Ronny (Øystein) - Richard, Jan Erik (Jon Arne)

1-0 Arnstein Menes str.

1-1 Kjell Ronny (Emil)

2-1 Øyvind Neset

2-2 Richard str.

3-2 x

Gule kort; Ingen på VIL. Teodor Kvikne og Tommy Ese på Balestrand.

Dommar; Torstein Egil Kvam (good)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com