Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Kaupanger 2 - Veitastrond 26.april 2008

Det var ein rekordstor tropp som reiste dei 6 mila frå Veitastrond til Kaupanger idag. Heile 19 mann var tilgjengelege, noko som er svært gledeleg når det no nærmarseg seriestart.

Sjølv om me hadde mange spelarar tilgjengeleg i dag er det som kjent kun 11 so kanspele i gongen.Og dei 11 som starta kampen klarde ikkje heilt å finne posisjonane istarten av kampen. Det blei store rom mellom ledda, og Kaupanger anført av KennethTeigen fekk mykje rom å boltre seg i framover på bana,og det var heilt fortjent dåGeir Ove Engebø og stussa inn 1-0, etter at han slo Gøran i ein duell etterfrispark. Strondi produserte eit par sjangsar i 1.omgang, først ved eit frispark på16 meterstreken frå Kurt, som keeper Borlaug redda rimeleg greitt, og seinare vedEmil som var farleg frampå etter flott forarbeid av Frode. Strondi burde og hatt eitfrispark til frå 16 meter då Andreas Bjelde var altfor sein i ein duell med Emil,men dagens ellers så gode dommar Lasse Opseth vinka spelet vidare. 2-0 kom etter eikontring, Engebø kom seg fri på høgrkanten, slo inn til ein umarkert Kenneth Teigen,som hadde ein lett jobb med å sette inn 2-0 10 min før pause.

Me bestemmde oss for å legge oss litt lenger ned på bana i 2.omgang for å tetteromma, noko som skulle vise seg å vere eit bra grep frå Emil. Det vart mykje gje ogta første kvarteret, utan at det vart produsert dei store sjangsane. Strondi setteinn friske bein etter 60 min. Dagens debutant Morten Hagen, Arne og Geir erstattaFrank, Boltn og Bjørn. Vår første skåring kom etter vår første kårner i kampen. Kurtsnappa opp ein retur, hælsparka elegant til Emil som la inn til Even, som heddaballen i mål frå fem meter. Også den andre skåringa kom etter kårner. Emil slo einmeget presis badl rett pao skadl te Arne, som sette ballen enkelt bak Borlaug i KIL-målet, dermed 2-2! Strondi hadde fleire moglegheiter til å skåre i 2.omgang, både Emil og Frode missa på gode sjangsar. Veitastrond hadde dei største sjangsanetil å avgjere på slutten, men kampen ebba ut med uavgjort, noko som var greitt,kampen sett under eitt!

Mest gledeleg i dag var 2.omgang, og det er svært bra at me kan ausa inn kvalitetfrå benken etterkvart som me blir slitne utover. Er vel svært få lag i dennedivisjonen som har den breidden i troppen som me har, noko som blir viktig utover,og trenarduoen har eit alder so lite luksuproblem når dei skal plukke utstartelvaren, eller for så vidt 16/18-mannstroppen til kvar kamp!

Me skal og skryta av dagens motstandar KIL 2, som vil bli svært leie å ha med ågjera i årets 5.divisjon, spesielt heima pao Skogen.

 

Kampfakta: KIL 2 - VIL 2-2 (2-0)

1-0 Geir Ove Engebø

2-0 Kenneth Teigen

2-1 Even Kvam (Emil)

2-2 Arne Nes (Emil)

VIL 4-4-2Gøran Fimreite - Sindre Mørkve (Ole Kristian Vikheim i 3 min), Even Kvam, ØivindKristiansen(Geir Årdal i 30 min), Kim Andre Navarsete(Ivar Melby i 15 min) - BjørnMolland (Arne Nes i 30 min) Kurt Heggestad, Frank Heggestad (Morten Hagen i 30 min),Petter Fagerli (Øyvind Lien i 15 min) - Frode Kvam (Jan Erik Bøyum i 10 min), EmilHeggestad (Øystein Heggestad i 3 min)

Dommar Lasse Opseth (God)

Ingen kort.

Tilskodarar ca 35.

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com