|
Lærdal - Veitastrond 2-3!

Veitastrond sine staute menn fekk ein pangstart på sin tilværelse i 4.divisjon då dei i dag vann 3-2 borte mot Lærdal i seriepremieren. I ein jamn og tett kamp kom Veitastrond tilbake frå 1-2 og det var ikkje noko å sei på når Vidar Vadseth vart den store helten med si 3-2 scoring midtveges i 2.omgang. Kampen i dag var ein skikkeleg arbeidssiger og alle mann gjorde ein kamp. Det er godt å no endeleg vera i gang med seriespelet, og endå bedre å sjå at me har noko å gjera i 4.divisjon. Ein godt start på det som skal bli ein usedvanle lang og ikkje minst morosam sesong.
Me fekk dårleg nytt før kampen då hverken Emil eller Morten var klare til kamp. Dermed var laget sine defansive midtbanespelarar ute og me måtte komponera på nytt. Arne og Erlend kom inn for dei to og Arne tok då høgrevingen medan Erlend og Bjørn tok plass på defansiv midt.
Det vart og ein dårleg start for oss allereie ved myntkast då vår kaptein Even tapte, og me måtte spela fyrste halvtimen med ei forferdeleg sol midt i fleisen. Veitastrond på si side fekk avsparket, og her prøvde Helge seg med årets fyrste avslutning, men skotet frå midtbana var berre såder.
Det var heimelaget som tok føringa tidleg i kampen og Veitastrond sin keeper og forsvar hadde store problem med den skarpe sola. Dette førde til at Lærdal fekk mykje gratis sjansar og me var heldige som ikkje låg under med fleire mål etter fyrste halvtimen.
Likevel var det Veitastrond som tok leiinga i kampen, kanskje litt mot spelets gang. Kurt Heggestad kom seg laus på venstre og la inn mellom forsvar og keeper. Richard rakk ikkje fram på fyrste, men på bakerste venta Lærdal sin venstreback som noko uheldig satte ballen i eige mål. Her lyt Arne få mykje kreditt som pressa Lærdalspelaren til å gjera feil og han får ei halvscoring på denne. 1-0 til VIL, og det var fela kor lett det var å spela i 4.divisjon du.
Diverre holdt me ikkje leiinga så veldig lenge. Sola spelte nok VIL eit puss (greit å ha noko å skulda på) då Lærdal kom seg fri inne i boksen, men spissen deira avslutta i stolpen. Ballen spratt ut i feltet der eit passivt VIL-forsvar ikkje kom opp i mann og ein Lærdal spelar fekk ein enkel jobb med å banka ballen inn til 1-1.
Og verre skulle det bli. Ein Lærdal corner etter ca 24 minutt enda med dårleg avklaring, og ballen havna hjå Lærdal-guru Øystein Lindesteg på 10 meter. Han skaut så hardt han kunne og ballen fauk som ein prosjektil i nettet og dermed var plutseleg Lærdal i føringa.
Ein tung periode for oss dette, og Lærdal kunne fort ha scora fleire mål. Dette gjorde dei heldigvis ikkje og i staden kom me sakte men sikkert innatt i kampen. Etter ca 30 minutt spelte Kim Andre ballen opp frå sin venstreback posisjon. Ballen var nett innom ein lærdøl før Richard snappar den på skrått hold. Han ser at keeper er langt ute og får akkruat ei lang tå på ballen som går i ein fin boge over keeper og i lengste hjørne. Dermed 2-2 og balanse i rekneskapen.
Like etterpå fekk me ein ny stor sjanse då Arne ruva høgast på corner, men Lærdal sin unge keeper redda meisterleg både denne og returen frå Richard.
Veitastrond skulle ha gått opp i leiinga 5 minutt etter, då Kurt kom fri i boksen og vart meia ned. Soleklar straffe og erfaring tilseier at då scorar som regel VIL. Det gjorde dei diverre ikkje i dag då Richard blas straffen 1,5 meter til side for mål. Ein dårleg straffe, og på 16-meterstreken stod Bjørn å gnei seg i hendene då han truleg blir neste mann ut...
Me var det beste laget på slutten av omgangen, og kunne fort ha gått til pause med leiing. Kurt var nærmast, men avslutninga hass gjekk i nettveggen frå skrått hold inne i boksen.
Dermed 2-2 til pause. Lærdal var kanskje hakke bedre sett alt under eit, men me var bra med så lenge me hold ballen nede på bakken. Litt problem med Lærdal sin unge spiss til tider, og her var det feil hjå oss som måtte lukast vekk.

2.omgang skulle visa seg å ikkje bli så innholdsrik som den 1. Veitastrond var det beste laget i denne omgangen, og me føler at me har bra kontroll på kampen. Likevel slit me litt med å skapa dei heilt store sjansane.
Hadde ingen referent på sidelinja i dag så me hugsar ikkje alt som skjedde slik på sparket. Hugsar sant og seia ikkje so mykje av betydning som skjedde etter pause...
Etter 60 minutt gjorde VIL sitt fyrste bytte då Vidar kom inn for Richard.
Dette skulle visa seg å vera ein genistrek då Vidar takka for tilliten berre 5 minutt etter. Ein pasning opp frå Kurt var akkurat så perfekt at Vidar nådde ballen før keeper. Han dytta til ballen akkurat så mykje som det trengtes slik at den trilla inn i det tomme buret. Herleg goalgetter scoring av Vidar og dermed ny leiing for VIL...
Etter scoringa roa kampen seg noko og ingen av laga kom til dei heilt store sjansane.
Me var nærmast på eit frispark frå Helge, men nok ein gong redda Lærdal sin keeper meisterleg.
Lærdal på side slo mykje langt opp, men lukkast ikkje i særleg stor grad med dette då vårt eminente stopparpar Kenneth og Geir stort sett tok i mot det som var. Heilt bakerst hadde me ein Even som redda oss med fleire flotte inngrepnar - er god på strek, konge i feltet, eineståande i mann mot mann situasjonar og gjer heile laget den tryggheta dei treng.
Etter at Lærdal trykka litt på mot slutten med nokre cornera og farlege frispark så blas dagens gode dommar Ragar Åmot av kampen og Veitastrond kunne innkassera 3 herlege poeng.
Ein kjempestart for oss, og me føler at me gjer ein meget god kamp i dag. Alle som spelte utpå der gjorde ein kjempe innsats og me har utvilsamt god dekning på alle posisjonar. Even er framifrå i mål, backfiraren er eineståande med solide stopparar og to offansive backar. Bjørn og Erlend steppe inn på defansiv midtbane og imponerte stort, og framfor dei er både Kurt, Helge og Arne ein konstant trussel. Heilt fremst gjer Richard og Vidar jobben og får med seg kvar si scoring. Heilt på slutten fekk og Åsmund sin debut og han gjorde og sine saker bra og var med å rei av Lærdalsstormen. Når me i tillegg har Emil, Frank og Morten klare framover lovar dette godt...
Sjølve kampen var fairspelande og gjekk føre seg i ein fin tone, og me ynskjer Lærdal lukke til vidare i sesongen.
VIL-STJERNA
Fyrstemann ut i år er vår trufaste fan Arvid Heggestad. Han har hatt jobben fleire gongen før, og byrjar å bli ein dreven stjerneutdelar. I dag falgt valget på følgande;
| óóó |
Even Kvam |
| óó |
Geir Aardal |
| ó |
Kurt Heggestad |
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind, Kenneth, Geir, Kim Andre - Erlend (Åsmund), Bjørn - Arne, Helge, Kurt - Richard (Vidar)
0-1 Sjølvmål (Kurt)
1-1 x
2-1 Øystein Lindesteg
2-2 Richard (Kim Andre)
2-3 Vidar (Kurt)
Gule kort; Kim Andre på VIL.
Dommar; Ragnar Åmodt (God)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|