|
Førde 2 - Veitastrond 5-3

Eit tamt og til tider tafatt Veitastrond lag tapte i dag 5-3 mot unggutane på Førde 2. Tapet var fullt fortent og VIL scora sine to siste mål heilt mot slutten slik at me i det minste fekk pynta litt på resultatet. I dag var me ikkje med frå start av, og då held det diverre ikkje mål i dette selskapet. Gløden og entusiasmen frå Lærdal kampen var i dag ikkje til stades, og difor reiste me i dag heim frå Førde med 0 poeng og 5 baklengs i sekken.
Geir og Morten måtte melda forfall til denne kampen og me måtte difor gjera endringar i startellevaren. Øivind kom inn i midtforsvaret for Geir medan Arne kom inn for Morten og gjekk opp på høgreving og skyvde Bjørn ned på defansiv midtbane.
Veitastrond opna kampen positivt og i dei fyrste 10 minutta såg det lyst ut for oss. Alt etter 1 minutt kom Kurt med eit varselskot då han banka ballen like over frå 16 meter, og etter 10 minutt fekk Vidar ein kjempesjanse då han blas de presise innlegget frå Kurt over. Hadde Vidar satt denne kunne det fort ha blitt eit anna kampbilde enn det som skulle bli tilfellet.
Kunstgraset i Førde har nok sett sine beste dagar og var meget hardt og ga ein vanskeleg sprett på ballen. Dette i samband med ein fela vind gjorde ikkje speletilhøva optimale for dei to laga i dag. No skal ikkje me legga noko som helst skuld på kamputfallet av desse faktorane, men det var utvilsamt heimelaget som trivdes best utpå der i dag.
Etter den gode opninga til VIL så fall laget i saman då Førde 2 gjekk opp til 1-0 etter 13 minutt. Mykje klabb og babb og dårlege avklaringar frå VIL-forsvaret gjorde til at Kim Andre Herstad til slutt fekk ein enkel jobb med å setta inn 1-0 til heimelaget.
Erlend var særs nær si fyrste scoring for klubben, men headinga hass etter 21 minutt gjekk hårfint til side for mål.
25 minutt var spelt når førdianarane dobla leiinga. I ein duell ute på høgrekanten prøvde Åsmund å skjerma ballen ut til innspel, men vingen deira fekk snappa opp ballen. Han la 45 ut til Herstad som via eit VIL-bein skaut ballen i lengste hjørne og dermed sitt og Førde 2 sitt andre mål for dagen.
5 minutt etter trudde dei fleste inkludert speakar på stadion at Herstad hadde scora ekte hattrick, men denne gongen hadde dagens dommar vinka for offside.
Vidar gjorde ein kanon jobb etter 33 minutt og han kjempa til seg det som såg ut som ein umogleg ball og kom åleine med keeper. Diverre så klarde han ikkje å overlista siste skansen deira og dermed var me framleis mållause.
Etter dette hadde Førde ein stor sjanse etter at dei braut eit VIL-angrep og kontra glimrande. Før Kurt banka ballen i nettveggen då han kom åleine med keeper frå skrått hold.
Publikum trudde ikkje sine eigne auger då Øivind Kristiansen sprang så fort han kunde over heile bana etter 41 minutt. Diverre for han så var gjennombrotspasningen frå Vidar ikkje god nok. Kan opplysa om at det gjekk bemerkelsesverdigt treigare når Bolt skulle bevega seg attende til sin stopparplass.
I det Veitastrond håpa på å få ei redusering rett før pause fekk me i staden ei scoring til i fleisen. Førde 2 kontra og inne i boksen felte Even ballførar. Frå vår posisjon såg dette greit ut, men Even meinte sjølvsagt at dette berre var tull. Uansett så vart straffen satt bombesikkert i mål av Ruben Holsæter.
Dermed 0-3 til pause og det såg vel ikkje akkurat veldig lyst ut. Lagdelene hang så alldeles ikkje i saman, og det vart alt for mykje strekk i laget. I pause vart me enige om å stå høgare og vera meir samla i eit forsøk på å henta igjen leiinga.
2.omgang starta med at Førde 2 fekk nok ein scoring annulert for offside. Deretter fekk me ei stor sjanse etter 50 minutt med avslutning frå Kurt etter mykje klabb og babb. Førde 2 fekk avklart denne og gjekk rett i angrep og her kunne det fort å stått 4-0.
4-0 skulle det imidlertid bli 5 minutt seinare. Øivind prøvde å brysta ballen tilbake til Even på eit innlegg frå kant, men ballen gjekk i feil retning så vår keeper fekk akkurat slått ballen på undersida av tverren, ned på strek og det såg ut som at Even hadde tak på ballen, men diverre mista han den og Kenny Hoti var påpasseleg på returen og fekk ein enkel jobb med å trilla ballen i mål.
Etter 60 minutt kom Richard inn for Arne.
Veitastrond fekk si fyrste scoring etter 68 minutt. Ein corner på bakerste endå hjå Helge som traff dårleg på sitt skotforsøk, men ballen enda hjå Vidar som fekk ein touch på ballen så den akkurat passerte streken og dermed redusering til 1-4...je je je
Diverre klarde me ikkje setta noko press på Førde 2 etter dette heller, og i staden for ein skikkeleg VIL-innspurt så var det Førde 2 som fekk den neste scoringa. Eit pasning igjennom endå hjå Fredrik Solheim som sprang ifrå VIL-forsvaret og kaldt satte inn 5-1.

Etter 87 minutt kom Øystein inn for Vidar.
Heilt på slutten så klarde me å pynta litt på resultatet- Fyrst etter 89 minutt då Kurt la inn på bakerste til Richard som fekk ein enkelt jobb med å setta inn 2-5.
Minuttet etter fekk VIL-frispark etter at Kurt vart felt akkruat på 16-meterstreken. Kurtn tok sjølv frisparket, og medan Førde 2 sine keeper aldri vart ferdig med å stilla mur så banka han frisparket via stanga og inn.
Dermed ebba det heile ut til 3-5 tap for Veitastrond, og me møtte i dag den knallharde 4.divisjons kvardagen - og det til trass for at det var ein søndagskamp du...
I dag mangla det entusiasme og vinnarvilje i det som Veitastrond føretok seg. Slik sett vart det eit realt antiklimas ifrå det me såg mot Lærdal førre kamp. Me såg det heilt frå før kampen start då folk ikkje møtte presis og me kom dårleg ut alt på oppvarming. Heretter lyt kvar enkelt gå i seg sjølv og sørga for at ein er 110% klar når dommaren bles i gang kampen. Dersom me ikkje gjer det kan det nok bli mange kampar som i dag, og då får me ikkje akkurat med oss så mange poeng.
Me takkar det unge og sympatiske Førde 2 laget for kampen, og ynskjer dei all hell og lukke vidare i sesongen.
VIL-STJERNA
I dag var det Silje Christine Nygård som fekk æra av å dela ut stjerner. Ho hadde teke turen til Førde og fulgte kampen sværs nøye og studerte kvar einskild VIL-spelar for å finna ut kven som gjorde seg fortent til dagens stjerner. Hennar valg fall til slutt på følgande;
| óóó |
Øyvind Lien |
| óó |
Kurt Heggestad |
| ó |
Åsmund Øgar |
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind, Øivind, Kim Andre, Åsmund - Erlend, Bjørn - Arne (Richard), Helge, Kurt - Vidar (Øystein)
Ubenytta reserve; Gaute (har ikkje drakt....kan nokon skaffa guten ei trøye stakkar)
1-0 Kim Andre Herstad
2-0 Herstad
3-0 Ruben Holsæter str.
4-0 Kenny Hoti
4-1 Vidar (Helge)
5-1 Fredrik Solheim
5-2 Richard (Kurt)
5-3 Kurt
Gule kort; Helge og Øivind på VIL, ein på Førde 2.
Dommar; Ukjendt ved navn (gutungalake)
Diverre ingen bilder frå dagens kamp.
|