|
Selje - Veitastrond 5-1

Reisa var lang og me tapte så deg sang. Slik kan ein kort oppsumera gårsdagens kamp mellom Selje og Veitastrond der heimelaget vann fullt fortent 5-1. VIL-fotball hang ikkje med i svingane frå start av og Selje pressa voldsomt på i frå fyrste spark på ballen. Me klarde med nød og neppe å halda nullen i 20 minutt, men etter det så gjekk det skeis. Alltid skuffande å reisa heim med 0 poeng sjølvsagt, men me lyt berre sjå framover og tenka at det ikkje er på slike baner me skal henta poenga våre i år.
Veitastrond stilte med samme mannskap som fyrst annonsert, minus Gøran som ikkje vart med oppover.
Fyrste 5 minutta av kampen gjekk roleg føre seg og det vart mykje ta og føla på inntil Selje etterkvart tok kommandoen i kampen. Even Kvam fekk det hektisk ei stund og me klarde å stå i mot lenge. Likevel var det med naud og neppe fleire gonger. Etter 8 minutt hadde dei eit skot i tverren, 2 minutt etter redda Even oss med fleire feberredningar og alt etter 20 minutt hadde dei fått 6-7 cornera som alltid var farlege. Veitastrond sin oppstilling på corner i mot fungerte i går dårleg...
20 minutt var spelt når Selje fekk hol på byllen. Dei som seg fri på kanten og inne i boksen var det teljefeil slik at ein seljing fekk stå åleina og nikka ballen i nærmaste hjørne og ein sjanselaus Even måtte til slutt kapitulera.
Med eit mål kjem det gjerne fleire og berre 2 minutt etter scora heimelaget nok ein gong. Ein corner vart ikkje avklara skikkeleg og den havna på 17 meter til ein Selje spelar som avfyrte eit skot som utruleg nok gjekk igjennom heile mølja av spelara og inn til 2-0.
Selje haldt fram med å ha initiativet i kampen, men etter 2-0 roa den verste stormen seg og me kom litt meir med i kampen. Etter 35 minutt skapte me vår fyrste skikkelege sjanse då Vidar skaut utanfor frå god posisjon.
Det såg ut som at det skulle stå 2-0 til pause, men akkurat som i forrige kamp mot Førde 2 så scora og Selje sitt 3.mål rett før kvilen. Morten missa ballen på 20 meter og Selje sin gode flankespelar Endre Kupen snappa opp ballen og lobba elegant over Even i buret. Unødvendig feil av oss, og ei flott avslutning av Kupen.
Rett etterpå fekk me ein gylden sjanse til å redusera, men frå skrå vinkel på ca 10 meter sendte Bjørn ballen i retning havgapet i staden for i nota. Dermed gjekk laga til pause på stillinga 3-0.
Me fekk verkeleg køyrt oss i denne 1.omgangen, og me kunne nok fort ha fått endå fleire mål i mot. Me vart alt for dårlege i duellspelet og når me fyrst fekk tak i ballen så slo me berre langt og tårde aldri å spela langs bakken. Dette gjorde til at me som regel fekk ballen rett tilbake i fleisen dei gongene me prøvde å angripa.
2.omgang vart heldigvis litt roligare, men framleis var det heimelaget som hadde føringa i kampen.
Tidleg i omgangen fekk dei straffe etter at Even felte Selje ein spelar som truleg hadde scora. Straffesparket var imidlertid av det dårlege slaget og gjekk i stolpen og utanfor. Flax for oss...
4-0 kom etter ca 60 minutt spelt. Ein lang ball vart spelt igjennom til Selje sin spiss som prøvde ein himmelhøg lobb over ein utrusande keeper. Utruleg nok datt ballen ned akkurat på streken og spratt opp i nettaket. Ein noko heldig avslutning, og i tillegg lukta det her offside lang veg...
Veitastrond var langt betre i 2.omgang og me fekk til litt meir spel. Spesielt Kurt spelte stort utover i kampen og høgrebacken til Selje fekk køyrt seg skikkeleg. Kan og ta med at tempoet til tider var høgt i kampen, og når og Veitastrond meldte seg på mot slutten så vart det veldig mykje fram og tilbake. Vart til å bli sliten av kan du seia.
Richard fekk ein stor sjanse etter 67 minutt då Kurt la inn på bakerste. Han dempa ballen på brystet, men blas ballen over frå ca 8 meter. Veitastrond sin største sjanse så langt.
Etter 70 minutt scora Selje sitt siste mål for kvelden. Nok ein gong fekk dei straffe og nok ein gong var Even syndaren. Denne gongen var det gamlefar på midtbana som tok staffa, og han sendte Even til høgre og satte ballen til venstre til 5-0.
Siste 20 minutta hadde begge lag gode sjansar. Likevel var det berre Veitastrond som klarde å scora då Helge spelte Kurt igjennom etter 76 minutt og han satte ballen sikkert i mål og dermed 5-1, iihaaaaaaaa!
Richard fekk ein ny sjanse heilt på slutten etter flott forarbeid frå Bjørn, men heller ikkje denne gongen klarde han å setta ballen i mål.
Dermed ebba det etterkvart ut til 5-1 siger til Selje.
I denne kampen fekk me verkeleg merka at me har teke eit steg opp og nivåskilnaden var merkbar. Selje har eit jamt og godt mannskap der dei fleste er vandre med å spela 3.divisjon og dei kjem garantert til å vera med å kjempa om opprykk i år. Dersom me skulle ha teke poeng i denne kampen måtte det meste ha klaffa der me måtte ha vore mykje meir kyniske i forsvar og me måtte ha satt sjansane som me fekk.
På tampen kan me ta med at me hadde ein flott tur til Selje i går og til trass for at reisetida var lang så gjekk det smertefritt. På heimreisa var det duka for sosial samankomst og Vidar underhaldt fyrst med sin fotballquiz før Even tok over roret med sin quiz som var av det litt meir lokale slaget. Flotte bidrag frå begge to og me trur at alle dei reisande hadde ein flott tur inkludert bussjåfør Vidar Fardal!
Me ynskjer Selje lukke til vidare i sesongen, og gler oss til å ta i mot dei på Leikvoll til hausten - dersom dei skulle finna fram.
VIL-STJERNA
Geir Aardal var skada, men var med som tilskodar. Han fekk det ærefulle ansvaret med å dela ut stjerner og valget hass fall på følgande;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Even Kvam |
| ó |
Helge Skjælaaen |
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind (Gaute), Richard, Kim Andre, Åsmund (Frank) - Morten, Erlend (Øystein) - Bjørn, Helge, Kurt - Vidar (Øivind)
1-0 x
2-0 x
3-0 x
4-0 x
5-0 x str.
5-1 Kurt (Helge)
Gule kort; Even på VIL, muligens ein på Selje
Dommar; Kjell Alme (god)
Sjå fleire bilder frå turen HER (ingen knips frå sjølve kampen)
|