|
Eid 2 - Veitastrond 5-4

Nok ein horribel 1.omgang av Veitastrond må ta skulda for at me måtte ta den tunge turen heim utan poeng i dag. For 3.kamp på rad gjekk med til pause med 0-3 i sekken og trass i ein god 2.omgang så holdt det ikkje heilt inn. Dermed lyt me erkjenna at me pr. dags dato er eit botnlag i 4.divisjon og me lyt no kjempa knallhardt framover slik at me kan byrja å kapra poeng og forhåpentlegvis klatra oppver på tabellen.
Samme lag som me annonserte i går bortsett frå at Øivind meldte forfall grunna sjukdom. I fråvær av kaptein og visekaptein tok i dag Kurt på seg kafteinsbindet.
På ein meget flott kunstgrasbane, men med ein fela vind så kom Veitastrond godt i gang oppe på Nordfjoreid. I det fyrste kvarteret hang me bra med og hadde eit par gode sjansar der Richard var nærmast når skotet hass strauk stolperota etter 12 minutt.
Eid 2 var og farleg frampå i innleiinga og dei kom seg alt for lett igjennom vår defansive mur. Etter 18 minutt fekk dei uttelling då VIL-forsvaret ikkje fekk avklart og etter litt klabb og babb inne i feltet så gjekk ballen bak Gøran og dermed 1-0 til heimelaget.
Etter scoringa så overtok Eid 2 banespelet medan me vart ståande med lua i handa å sjå på. Likevel fekk me ein stor sjanse etter 23.minutt spel, men skotet til Morten frå 20 meter vart meisterleg redda av Eid 2 sin keeper. Dei fleste såg nok denne i nota...
Diverre klarde me ikkje skapa noko særleg meir framover før pause og det såg ut som at me mista meir og meir trua på oss sjølve. Hovuda vart tunge å halda oppe og det vart mykje kjefting på kvarandre. Dette utnytta Eid 2 til det fulle som nok i periodar i 1.omgang må ha trudd at det var Jente-14 dei spelte mot. Etter 32 minutt scora dei sin andre for dagen etter nok ein gong å ha glidd igjennom alle våre lagdeler.
Om ikkje det var nok så fekk me og denne gongen det obligatoriske 0-3 målet i mot rett før pause. Hugsar ikkje heilt korleis dette kom, men samma kan det vera.
Me gjekk dermed til pause med 0-3 i sekken og skal ein oppsummera omgangen med 3 ord gjer nok rævva, rævva og rævva eit greit bilde av vår innsats. Alt for mange pasningsfeil, null press i ballførar og ingen som ofrar seg for laget. Sanninga er at me var heldige som kunne gå til pause med "berre" 0-3, og me kunne i det minste gå ut til 2.omgang og vita at stort verre kunne det ikkje bli.
Trenar Emil gjorde nokre grep i pausen for å prøva å betra på ståa. Arne og Frank kom inn medan Helge og Erlend gjekk ut. I tillegg gjekk Vidar opp på topp og Richard gjekk ned som stoppar.
Det var eit heilt anna VIL lag som entra bana etter pause. Viljen til å jobba saman og den offansive slagkrafta var no tilstades. 0-3 er sjølvsagt tungt å henta tilbake, men det er lov å prøva.
Frispark etter 50 minutt av Morten frå 20 meter. Ballen dundra i tverren og i handa på keeper som slo den i eige mål, og dermed redusering til 1-3. Nokon vil kanskje hevda at dette var for sjølvmål å rekna, men etter ein kjapp vurdering av juryen i Veitastrond.com så krediterast Morten for dette målet.
Ny giv i VIL laget som no augna poeng i det fjerne, men diverre kom me oss snygt ned på jorda igjen. Eid 2 sin venstraback fekk gjera som han ville og gjekk forbi ein 3-4 VIL spelarar nede på høgresida vår og la inn der 2 Eid spelarar sto mukk åleina og fekk ein enkel jobb med å heada inn 4-1 til heimelaget. Elendig press på ballførar og elenedig markering av oss.
Dette til trass så haldt me fram me å prøva å ta igjen leiinga til Eid 2. Ca 60 minutt (kan her røpa såpass at me ikkje har peiling på eksakt tidspunkt i 2.omgang så dette tek me på gefülen so han sa guten...) er spelt når Åsmund fører med seg ballen mot sekstenmeteren til Eid og passar til Vidar. Han vendar med ballen og set den vakkert i lengste kryss. Ei perlescoring av Vidar og dermed nytt håp for oss.
No var det liksom me for alvor skulle setta inn ein sluttspurt, men nok ein gong fekk me ein i fleisen. Eid 2 skyt frå ca 20 meter og Gøran ser ut til å ha kontroll, men så slenger Richard ut ein fot så ballen endrar retning og går inn til 2-5. Relativt typisk å få sjølvmål i mot på ein dag der ting ellers ikkje stemmer.
Sjølvsagt tungt å byrja på nytt endå ein gong, men me lyt ha ros for at me aldri ga opp. Etter 80 minutt tok Morten corner frå venstre. Ballen gjekk gjennom heile feltet til Arne på bakerste som fekk ein enkel jobb med å låra ballen i buret og dermed 3-5.
Ca 87 minutt når VIL kjem på ny. Denne gongen er det Bjørn som spelar Vidar nydeleg gjennom som fyrst bommar åleine med keeper, men får ein ny sjanse som han denne gongen set i buret. Dermed er me berre 1 mål bak og poeng verkar plutseleg å ikkje vera så langt unna,
Me satsa no alt framover og det vart nokre nervepirrande sluttminuttar. Diverre fekk me ikkje det målet me hadde håpa på sjølv om me var så nær så nær. Inne i boksen fekk Arne lagt ballen tilbake til Bjørn som frå 15 meter avfyrte eit skot som gjekk i stolpen og ut...
Kampen ebba så ut etter at dagens dommar Per Olav Erikstad lot eiderane få drøya tida slik som dei ville. Dermed 5-4 til heimelaget og eit meget skuffande tap for vår del.
Nok ein gong er det ein forferdeleg 1.omgang som øydelegg dagen for oss. Sjølv om me klarar å heva oss etter kvilen er det ikkje mykje hjelp i når me allereie har rasert kampen for vår eigen del før pause. Det må vera klart at Eid 2 ikkje spelar noko stor kamp og ingen vart blenda av deira fantastiske eigenskapar på fotballbana. Det dei skal ha ros for er å gå inn til denne kampen med skikkeleg guts og ei vilje til å vinna alle duellar. Med slike haldningar fekk dei i dag lett match mot eit fråverande VIL-lag og alt i alt så vann nok eidarane denne kampen fortent.
Me tek no ein tur i kjellaren og satsar på å revansjera oss til neste helg når Syril og lokaloppgjer ventar på fredag.
Nyttar anledninga til å takka det unge Eid 2 mannskapet for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i sesongen.
VIL-STJERNA
Einaste som ikkje var aktiv av dei som var med oss opp i dag var vår trenar Emil. Han fekk då ansvaret for å dela ut stjerner og dei som fekk heider og ære frå sjefen sjølv er;
| óóó |
Vidar Vadseth |
| óó |
Åsmund Øgar |
| ó |
Kurt Heggestad |
Kampfakta;
Gøran - Øyvind, Kenneth (Gaute), Vidar, Åsmund - Erlend (Frank), Morten - Bjørn, Helge (Arne), Kurt - Richard
1-0 x
2-0 x
3-0 x
3-1 Morten
4-1 x
4-2 Vidar (Åsmund)
5-2 x (sjølvmål Richard...)
5-3 Arne (Morten)
5-4 Vidar (Bjørn)
Gule kort; Frank på VIL, 1-2 på Eid 2.
Dommar Per Olav Erikstad (vel, vel)
Ingen bilder frå kampen i dag...
|