Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Syril 4-3

Det vart ein ny nedtur for Veitastrond då dei tapte 4-3 heime for Syril fredagskvelden. Til trass for ein jamnspelt kamp var innsatsen nok ein gong for dårleg og laget må heva seg betrakteleg, ellers går dette strake vegen nedatt i 5.divisjon. Dette var vårt 4. tap på rad, noko som er ny klubbrekord (hurra!) Etter denne kampen er me no planta heilt nederst på tabellen og det kan no berre gå ein veg...

Kim Andre måtte melda forfall så Richard gjekk inn i midtforsvaret med Kenneth.

To middels gode lag, eit middels bane på Sogndal Stadion og ein dommar som stort sett blas i hjel alle situasjonar la alt til rette for ein relativt middels 4.divisjonskamp denne kvelden.

Det var berre spelt eit par minuttar av kampen når Øyvind spelte langt opp mot Kurt som plutseleg var åleine med keeper. Han lobba ballen over Syril sin sisteskanse, men diverre like utanfor. Her er me særs nær å få ei pangopning på kampen.

Syril fekk sin fyrste sjanse etter 10 minutt. Vår keeper Even kom ut i ein duell og hadde grep om ballen, men slepte den i god tid før han sklei over 16-metersstreken. Likevel meinte dagens dommar at han hadde hatt ballen i hendene utanfor boksen og dermed frispark til bortelaget. Dette tok Cato Aalen, men skotet gjekk hårfint utanfor krysset.

Ikkje så mykje som skjedde i ein periode etter dette. Lite finspel på ei noko humpete bane og ein fela vind gjorde ikkje dette til noko stor forestilling akkurat.

Etter 25 minutt smalt det på Sogndal Stadion. Eit nydeleg VIL-angrep som starta heilt frå dei bakre ledd vart spelt opp til Kurt som la inn frå venstre på bakerste til Vidar som fekk ein enkel jobb med å setta inn 1-0 til VIL frå 2 meters hold.

No skulle sjølvsagt Veitastrond fått ro i laget og setta Syril under press, men dette klarde me diverre ikkje. I staden går det berre 6 minutt før det er balanse i rekneskapen. Syril får frispark frå ca 20 meter, og nok ein gong er det Cato Aalen som fyrer av. Denne gongen går ballen rett i kassen, heilt nede i hjørnet - eit hjørne som vår ellers så gode keeper Even i Kvam streng tatt burde hatt kontroll på. Dermed 1-1!

Veitastrond gjekk rett i angrep etter utlikning og mer så nær så nær å svara med ein gong. Kurt dreg seg innover frå sin venstrekant og prøver å curla ballen opp i lengste hjørne, men diverre like til side for mål.

På slutten av omgangen tek Syril over kommandoen i kampen og VIL-forsvaret går i oppløysing. Dei fleste trudde det sto 1-2 etter 37 minutt når Syril sin kjappe høgreving kom åleine med Even, chipa ballen over han og i retning mål, men med lange klyv klarde å Øyvind å redda denne på streken. Syril hevda sjølvsagt at denne var inne, men her kan ein lett ta dommaren i forsvar då han umogleg kan sjå om denne er over streken.

Sidan dei ikkje fekk mål på den sjansen var det greit å gje dei eit nytt forsøk. Nesten heilt identisk situasjon der høgrevingen deira, han Olav Selås Hauge, nok ein gong vert spelt igjennom og denne gongen knallar han ballen forbi Even og i mål til 1-2.

Like etter blas dommaren av 1.omgangen og laga gjekk til pause på stillinga 2-1 til Syril. Ikkje ein alt for velspelt kamp der me slit med å skapa trykk framover i bana. Me valgte å leigga om litt på midtbana i pausen for å stå meir samla, og i tillegg måtte Vidar kasta inn handkledet grunna ein hovudskade. Erlend kom inn for han, og gjekk inn på stoggarpass medan Richard gjekk opp på topp.

2.omgang byrja utan dei heilt store sjansane, men der me var litt meir med enn før kvilen. Me fekk vår fyrste sjanse etter 58 minutt når Kurt vart spelt igjennom, men frå skrått hald redda Syril sin keeper meisterleg forsøket frå Kurtn.

62 minutt er spelt når Syril for alvor tek kontroll på kampen og går opp til 3-1. Erkerævva forsvarspel av Veitastrond som inneheld dårleg markering, dårleg avklaring og ubesluttsomhet gjer at ein systrending får ein enkel jobb med å tappa ballen i nettet frå ca 10 meter. 2 mål under og hovuda våre var igjen iferd med å detta ned i fanga våre...

Heldigvis klarde me å røysa oss og svara med ein gong. Berre 3 minutt etter målet deira spelar Helge igjennom Kurt som kjem skrått heilt ned på dølinja, han får lagt 45 grader tilbake til Richard som frå 7 meter set ballen i mål med venstrefoten og dermed 2-3 og ny spaning i kampen.

Veitastrond prøvde no å setta press på Syril utan å lykkast 100%. Det vart vela mykje nesten sa presten då han gjekk ut på sokkalesten....

76 minutt får Syril ein av sine alt for mange frispark utanfor 16 meteren på deira høgreside. Ballen vert slått inn i boksen der Syril sin minste og spedaste mann Svein Inge Nesset får stå totalt åleine på 5 meter og nikka inn Syril sitt 4.mål for dagen. Nok ein gong slapp markering inne i feltet og nok ein gong 2 mål under.

Berre 2 minutt etter er det VIL som får frispark i innleggsposisjon. I det ballen blir slått blir Geir holdt og lagt i bakken og dommaren dømmer straffe. I følge Geir sjølv var straffen på sin plass og me trur han på det, men me er litt meir usikre på om dommaren faktisk såg dette eller om han fann jungelbrølet til Geir såpass overbevisande at det var nok til å blesa straffe. Sidan Vidar som var oppsett som straffeskyttar var gått ut, gjekk Richard fram for å skyta. Med bommen mot Lærdal friskt i minne gjorde han denne gongen ingenting feil og klistra ballen til venstre for keeper og dermed 3-4.

I dei siste 10 minutta av kampen satsa VIL alt framover, men me klarde ikkje å bita oss skikkeleg fast inne på deira banehalvdel. Dei lange oppspela kom sjeldan og Syril forsvarte seg bra når dei fyrst kom. I staden var kanskje Syril nærmare å kontra inn 5-3 enn det me var å utlikna. Det var nokre anledningar det var farleg inne i boksen til Syril, men me fekk diverre ikkje til nokore skikkeleg avslutningar.

Dermed ebba kampen ut med 4-3 siger til Syril, som dermed tok sin fyrste 3 poengar for året og passerte oss på tabellen.

Nok ein gong ein kamp der me sit att med ei tom kjensle etterpå. Det er mykje som ikkje fungerar for tida, men me klarar ikkje heilt å setta fingen på kva som er problemet. Me føler eigentleg at me framstod som eit betre lag både i fjor og i vinter. Dette kan anten skuldast at motstandarane har vorte betre, eller at me sjølve har vorte dårlegare - me trur mest på det siste. Med 4 tap på rad byrjar det no å sitta ein del oppe i topploket på oss og sjølvkjensla er ikkje på topp. Me trur at ein kamp der me får til spelet vårt og hentar heim 3 poeng kan snu den dårlege trenden me no er inne i.

Dagens kamp er av det jamne slaget og den kunne nok ha vippa begge vegar. Uansett blir nok aldri denne kampen nevnt i historiebøkene som "Kampen", lite festfotball å sjå på Sogndal Stadion denne fredagskvelden. Til sjuande og sist er det Syril som er flinkaste til å scora mål og det er i og for seg greitt nok at dei tek med seg alle poenga utatte på Leikanger. Me takkar dei for kampen og ynskjer dei gulkledde lukke til vidare med sesongen.

VIL-STJERNA

Denne gongen let me det kvinnelege eksemplaret av den menneskelge rasen få sleppa til med å dela ut stjernene våre, og det er i form av ho Vivian Johansdotter Hilleren. I tillegg til å studera kampen og VIL-spelarane nøye var ho og oppteken med å sparka ball med junioravdelinga til Veitastrond. Ho lot seg imponera vel så mykje av dei og ho gjer i dag 4 stjerner til Even Heggestad for sin innsats med ball på sidelinja...dei andre som fekk stjerner av Vivian var;

óóó Richard Nes
óó Øyvind Lien
ó

Even Kvam

 

Kampfakta;

VIL; Even - Øyvind (Øivind), Kenneth. Richard, Frank - Morten, Åsmund - Bjørn (Geir), Helge, Kurt - Vidar (Erlend)

Ubenytta reservar; Gaute, Øystein og Gøran

1-0 Vidar (Kurt)

1-1 Cato Aalen

1-2 Olav Selås Hauge

1-3 Olav Selås Hauge

2-3 Richard (Kurt)

2-4 Svein Inge Nesset

3-4 Richard str.

Gule kort; Kenneth, Morten og Erlend... omtrent like mange på Syril

Dommar; Jeikishan Jegatheesan (OK - skal ha for at han er konsekvent og dømmer likt mot begge lag. Gjer heller ingen store feil, men me tykkjer likevel han bles ihjel kampen - må tåla litt i eit lokalderby i 4.divisjon. Ellers tykkjer me det er direkte hårreisande av kretsen å setta opp ein dommar frå Florø til å dømma kamp i Sogn. Dette gjer klubbane ekstra utgifter me klarar seg fint utan. Kunne mykje heller å satt inn ein dommar frå Syril for vår del...)

Diverre ingen bilder frå dagens kamp

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com