|
Veitastrond - Saga 4-2

Etter ein tung periode for Veitastrond i 4.divisjon var det i dag så ubeskriveleg godt at alle 3 poenga vart igjen her i Sogn. For i ein jamnspelt kamp var det til slutt Veitastrond som trakk det lengste strået då me vann kampen 4-2 etter at det stod 2-2 til pause (jepp - me holdt nullen i heile 2.omgang, tru det eller ei). Kampens store spelar vart Helge Skjælaaen som scora hattrick og putta begge måla i 2.omgang og avgjorde denne kampen på eigahand. Med dette tek me eit byks opp frå jumboplassen, og me byrjar så smått å gløtta oppover på tabellen igjen. Dette er ein herleg dag for Veitastrond Fotball!
Me måtte gjera eit byte i startellevaren då Kim Andre meldte forfall grunna skade. Erlend gjekk ned som midtstoggar og Morten kom inn og spelte sentral midtbane.
I eit ausande regnver på Kaupanger møtte me som forventa eit rutinert Saga lag som er glade i spela ball. Når me klarde å svara på dette og viste oss frå ei heilt anna side enn me har gjort dei siste vekene, tør me påstå at dagens kamp vart ein meget sjåarvennleg affære for dei 5 tilskodarane som hadde møtt opp i dag.
Det var Saga som kom til dei fyrste sjansane. Etter 5 minutt presenterte Even Kvam seg i VIL-buret for fyrste gong då han redda med ein beinparade på skot frå 10 meter, og 6 minutt etter får Saga ein stor sjanse når dei spelar seg igjennom forsvaret vårt, men heldigvis for oss gjekk avslutninga svakt utanfor.
Veitastrond fekk si fyrste sjanse etter 14 minutt. Kurt og Helge leina opp på venstrekant og fyrstnevnte slo ballen til Richard, men keeperen slo skotet hass til corner.
Den påfølgande corneren slo Kurt og Morten kort seg i mellom, og Kurt drog med seg ballen innover til spissen av 16-meteren og la ballen mot bakerste og den dalte ganske så lekkert bak ein forfjamsa Saga keeper og dermed 1-0 til VIL - JE JE JE!
Fenomenalt å vera i leiing, og Saga spelarane byrja snygt å kjefta på kvarandre. Dei gjekk noko sure i ca 10 minutt, fram til 26 spelte minutt når dei fekk utlikninga si. Veitastrond fekk ikkje avklara eit frispark skikkeleg og ein Saga spelar tok med seg ballen ned til dølinja på venstrekant, la inn i boksen der ein 2-3 Saga spelarar stod mutt åleine og enkelt pirka ballen i mål til 1-1.
Bortelaget fekk no blod på tann og førte kampen i ein periode. Dei satte oss under trykk og me fekk ikkje etablert noko spel framover. Det lukkast til slutt Saga å få seg endå ei scoring då deira kaptein fekk ballen på høgrekanten og sette fart mot Even. Åleine med keeper gjorde han alt rett og satte ballen under vår keeper og dermed hadde Saga snudd kampen til 1-2 - føbaska drit mann!
Sjølvsagt tungt for Veitastrond som ikkje akkurat gjekk inn til denne kampen med alt for mykje sjølvtillit, og me såg no føre oss ein ny kamp med 0 poeng.

Heldigvis var ikkje dette dagen for tunge VIL-hovud. Dette var meir dagen for ein leiken bergensar ved navn Helge Skjælaaen. Etter 42 minutt viste han seg for alvor fram i kampen. Ein perfekt VIL-kontring startar med at Kurt spelar fram til Richard som skyv ballen til Helge på venstrekant. Helge tek med seg ballen inn i 16-meteren, driblar 3 Saga spelarar på røvi før han iskalt set ballen i lengste hjørne for keeper. Ein glitrande prestasjon av Helge, og viktig for oss å få utlikninga rett før pause.
Laga gjekk til pause på stillinga 2-2. Ein jamnspelt 1.omgang der begge lag ville spela ball, og heilt greitt at det står likt til pause. Veitastrond har tidlegare i år vore best i 2.omgangane så dette kunne strengt tatt berre gå ein veg.
2.omgangen var i hovudsak prega av at Saga hadde ballen mest og kom til dei fleste sjansane, medan Veitastrond var farlege på kontringar.
Hugsar ikkje heilt alle sjansane til Saga eksakt, men dei hadde eit par meget feite. At dei ikkje scorar på nokon av dei må seiast å vera ein porsjon uflaks og ein større porsjon udyktighet i avslutningsaugneblinka. I tillegg hadde vår keeper nokre redningar som var av absolutt høgaste klasse.
Etter 55 minutt kom Veitastrond til si fyrste sjanse i omgangen. Richard drog seg fint forbi på høgrekanten og la inn på bakerste til Kurt, men avslutniga hass gjekk i nettveggen.
Etter 70 minutt er Richard nær ei scoring når han kjem åleine med keeper, men avslutninga hass vart slått til corner av deira sisteskanse. Dette var det siste Richard gjorde i dagens kamp og han vart erstatta av Vidar og i samme heta kom og Åsmund inn for Arne.
Om det var byta som gjorde underverk veit ikkje me, men på den påfølgande corneren frå Kurt sat i allefall ballen i nota på ny. Helge er fyrst på ballen inne i boksen og får flikka den utagbart ned i hjørne og dermed er VIL oppe i leiinga igjen til 3-2.
Etter dette fekk me no 20 nervepirrande minutt. Saga prøvde å setta oss under trykk og me hadde vår fulle hyre med å renska unna.

Me tør påstå at dagens prestasjon (sorry Helge) på Kaupanger kom etter 82 minutt. Ein saga spelar blir spelt igjennom og avsluttar frå 12 meter. Ballen har retning mot mål, men på mirakuløst vis får Even ei hand på ballen og slår den til corner. Dei kunne neppe ha gjort det betre på tv...
Saga fekk nokre sjansar til mot slutten, men klarde aldri å omsetta desse til mål. 5 minutt på overtid holdt Veitastrond-benken pusten når Saga fekk corner og pøsa naturleg nok alle mann i angrep. Corner gjekk over alle i feltet og havna hjå Kurt som satte fart mot eit ikkje eksisterande Saga forsvar. Han spelte ballen vidare til Helge som åleine med keeper gjorde ingenting feil, satte inn sitt 3. mål og fastsatte sluttresultatet til 4-2 i favør Veitastrond.
Dette smake så godt som det er mogleg å gjera av 3 poeng i 4.divisjon. Etter ein tung periode var det godt å få bekrefta at me faktisk kan hamla opp med dei beste i denne divisjonen, for det Sagalaget me møtte i dag osa det kvalitet av. Det hadde kanskje ikkje vore noko å sagt på om dei hadde reist heim til Førde med minst 1 poeng, men så lenge dei ikkje klarar å omsetta sine sjansar til mål får dei gå med seg.
Det var heller ikkje tvil om at laget vårt fann seg mykje meir til rette i dagens 4-4-2 formasjon, og mykje av det me fekk til i fjorårets sesong såg me igjen i dag. No ser me igjen lyst på tilværelsen, og me kan ikkje heilt sjå kven som kan slå oss no..
Dagens kamp var spelemessig god, og det vart ikkje delt ut eit einaste kort. Me takkar dei sympatiske karane frå Saga for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare med sesongen.
VIL-STJERNA
Nok ein gong let me damene få dela ut stjerner. Denne gongen var det Jorun Heggestad (med hjelp frå Ingrid Øgar) som hadde ansvaret, og dei to fotballgalne jentene kom til slutt opp med følgande dom;
| óóó |
Helge Skjælaaen |
| óó |
Morten Hagen |
| ó |
Frank Heggestad |
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind, Kenneth, Erlend, Frank - Arne (Åsmund), Bjørn, Morten, Helge - Richard (Vidar), Kurt
Ubenytta reservar; Øivind, Øystein og Gøran
1-0 Kurt (Morten)
1-1 x
1-2 x
2-2 Helge (Richard)
3-2 Helge (Kurt)
4-2 Helge (Kurt)
Ingen kort.
Dommartrio; Jarle Andersen, Thor Kristian Sortevik og Asbjørn Grinde (Meget god kamp av dagens kampleiarar. Lyt og ta med at me denne gongen betalte 1700 kr for 3 lokale dommarar mot 2500 for ein dommar frå Florø sist...)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|