|
Dale - Veitastrond 3-1

Etter ein jamnspelt 1.omgang der Dale leia 2-1 var det eit Veitastrond utan respekt for serieleiaren som entra bana etter pause. Me hadde verkeleg heimelaget i kne på Dingemoen, men på grunn av dårlege avslutningar og ein fantastisk Dale keeper så lukkast det ikkje VIL å få meir nettsus i kampen enn det eine målet til Kurt Heggestad etter eit kvarter i 1.omgang. Det var difor ein noko skuffa VIL-gjeng som reiste heim på bussen etter kampen, men likevel tykkjer me at gutane kan gå med heva hovud etter den innsatsen dei la ned i denne kampen. Me har gjort store framskritt som lag dei to siste kampane, og held det fram slik kjem Veitastrond garantert til å plukka mange poeng framover.
Då me kom opp til Dale måtte Geir kasta inn handkledet grunna smerter i topploket. Som om me ikkje hadde nok folk ute frå før så fekk altså ein til, og Øivind vart kasta innpå i siste liten. Kan og ta med at me bomma litt med reisetida i går slik at me kom opp berre 20 minutt før kampstart, og fekk ikkje den heilt store oppvarminga.
Me var spente på kva som ville møta oss på Dingemoen mot serieleiaren i denne kampen, og alt etter 1 minutt fekk me ein forvarsel. Dale spelte seg enkelt igjennom forsvaret til VIL og ein spelar kom heilt ned til dølinja, la inn for mål, men til alt hell slapp me ein skikkeleg kalddusj og fekk avverga til corner.
Det svinga litt fram og tilbake i starten der Dale var konstant farlege når dei kom på si venstreside, og samstundes var me likeeins kvar gong Kurt og Vidar fekk ballen på topp hjå Strondi. Dei to var i dag eit heilt angrep åleine...
Etter 14 minutt vart det stille i fjøset oppe i Dale. Eit langt oppspelt vart stussa vidare av Vidar til Kurt, som frå skrått hald pendla ballen nydeleg i motsatt hjørne og dermed 1-0 til bortelaget Veitastrond - WE HE HEEEEY!
Me la no alt fokus på å vera kyniske defansivt og ikkje la Dale ta over banespelet i kampen, og dette klarde me og til ein viss grad. Likevel var det lite me fekk gjort når klokka viste 17 minutt. Eit oppspel frå midtbana til Dale enda hjå heimelaget sin Kees Erstad på spissen av 16-meteren. Han skaut i steget og ballen for i ein vakker boge i motsatt kryss, ikkje ulikt det målet Van Basten scora i EM-finalen 1988. Alle som er likar fotball må innrømma at dette var ei fantastisk scoring ein sjeldan ser makan til, men dersom ein ser dette med VIL-auger er det rimeleg irriterande at dette "once in a lifetime"-lykketreffet måtte komma mot akkurat oss på dette tidspunket i kampen...
Det skjedde fort på Dale ei stund no, og knappe 5 minutt etter utlikninga scora Dale igjen. Eit frispark 3 meter inne på deira banehalvdel traff (?) Dale spelar Erlend Osland i skjeltao og ballen pressa seg inn akkurat mellom tverrliggaren og hansken til Gøran i VIL-buret. Dermed hadde Dale snudd kampen og leia 2-1.
Resten av 1.omgang var Dale det førande laget i kampen, men Veitastrond var likevel farlege på kontringar. Føler vel eigentleg at det var farleg kvar gong Kurt Heggestad vart borti ballen i dag. Dale hadde sine sjansar i denne perioden, men takka vera ein god Gøran i VIL-buret fekk dei ikkje den viktige 2 målsleiinga dei sikkert så gjerne ville ha med seg inn i pausen. Me var nærmast når Vidar vart spelt igjennom åleine med keeper, men Vadsethen som er kjendt for å vera ein over snittet god avsluttar hadde ein dårleg dag i dei avgjerande augneblinka framfor kassen i dag, og denne gonge sklei ballen av foten til Vidar.
Laga gjekk til pause på stillinga 2-1, etter ein omgang me så absolutt kan vera nøgde med. "Her e mykje bra", var fyrste kommentar frå trenar Emil og det var det positive me fokuserte på i kvilen. Viktig for oss sjølvkjensla å sjå at me var fullt på høgde med Dale og ingen grunn til å visa meir respekt etter pause.
2.omgangen vart ein spelemessig opptur av Veitastrond. Ein skulle kanskje tru at forhandsfavoritten Dale skulle ta over meir og meir i denne kampen, men i staden var det blåtrøyene frå Strondi som tok over initiativet i kampen og hadde heimelaget i kne i store periodar etter pause. Dale var riktignok farlege når dei kom på kontringar, men dei klarde aldri å etablera noko press mot oss.
Me fekk meir med venstresida og Helge etter pause og me klarde å variera angrepsspelet vårt frå begge kantar.
Me skapte mange store sjansar og fyrst ut var Vidar. Kurt tuppa ballen igjennom forsvaret så han kom åleine med keeper, men avslutninga til Vidar trilla ein meter utanfor buret. Deretter hadde Kurt eit skot som hadde retning mot mål heilt nede ved stolperota, men utruleg nok klarde Dale sin sisteskanse å ta denne og.
Veitastrond trudde eit kort sekund at me hadde utlikna etter 60 minutt når Kurt vakkert skrudde ballen med utsida av høgrefoten og inn i det lengste hjørne, men dagens dommar Kjell Alme hadde vinka for offside - noko som iflg Vidar Vadseth var ei korrekt avgjersle.

Meir diskusjon vart det rundt neste anvgjersla til dommaren når han etter 65 minutt dømte straffe til Veitastrond. Vidar vart felt inne i boksen, og til trass for protestar frå Dale-spelarane trur me på vårt offer i denne duellen som hevda at straffen var soleklar. Richard rista av seg krampen i leggen og gjekk fram for å ta straffesparket, men diverre så gjekk keeper til rett hjørne og redda forsøket frå Richard. Med 2 bom på 3 forsøk denne sesongen så spørst det om ikkje dette var siste straffespark frå denne karen på ei stund...
Nei det var liksom ikkje Veitastrond sin dag dette, som til trass for mange brende sjansar holdt motet oppe. Etter 72 minutt fekk Vidar ein ny stor sjanse når Kurt la inn på bakerste. Vidar avslutta på første touch, men som i 1.omgang sklei ballen av foten og enda i reklameskilta bak mål. Hadde du brukt eit ekstra touch her du min godeste Vidar trur eg du hadde utlikna til 2-2...
Etter 78 minutt testa Helge ut skotfoten frå 16-meter, men som vanleg redda Dale sin keeper meisterleg.
Kva så med Dale? Jeudå, dei hadde sine sjansar etter pause og dei kunne nok ha avgjort denne kampen tidlegare om dei hadde vore litt meir presise i angrepsfasen. Vingane deira kom seg ofte ned til dølinja, men anten gjekk innlegget gjennom heile feltet eller så avverga Veitastrond på fyrstestolpe. Avslutningane deira gjekk mykje rett på vår keeper Gøran og kan betegnast som barnemat for han.
Sin største sjanse fekk Dale etter 80 minutt. Øivind rota bort ballen som sistemann og innbyttar Frank Vik snappar opp og såg ut til å vera åleine igjennom mot Gøran. I det han skal til å avslutta kjem Øivind bakifrå med sine kjempeklyv og set inn dagens desidert beste takling på Dingemoen. Ei presis takling som fangar ballen fyrst og lempar bort Dale-spelaren deretter...
5 minutt før slutt fekk me eit hyggeleg comeback for VIL-trenar Emil Heggestad då han kom inn for Richard på midtbana. Om det var friskheta, eller spelelysta som gjorde at han entra bana får heller vera ein anna ting.
Vår trenar kunne ha blitt den store helten rett etter at han kom innpå. Kurt la inn frå venstre til Vidar på bakerste, han heada inn i feltet til Emil, men diverre vart headinga til Emil for slapp og Dale sin keeper kunne kosta på seg ei publikumsredning og enkelt plukka ned ballen.
Etter 90 spelte minutt falt det endelege slaget på Dingemoen. Dale hadde ballen inne i boksen og ein av deira spelarar finta bort ein 2-3 spelarar og hadde berre å pirka ballen i nettet før Øivind "Bolt" kom bakfrå og brende ned vedkommande - relativt klar straffe. Dale sin veteran Geir Harald Langeland tok straffesparket og scora sikkert til 3-1 til Dale.
På overtid er det eit lite under at Dale ikkje scora endå eit mål då dei fekk ein trippel sjanse som enda med heading i tverren, redning på strek og til sist avslutning i nettveggen.
Like etter blåste dommaren av kampen, og det heile ebba ut til 3-1 siger til Dale.
Ein meget god kamp av Veitastrond dette og me føler ikkje me fekk som fortent. Laget framstod som eit lag som ville vinna, som ville spela offansiv god fotball og lukkast i stor grad med dette. Diverre vart me for dårlege i avslutningsaugneblinken og me klarde aldri å overlista kampens store spelar, Dale målvakt Knut Strand Løseth - dersom 19-åringen spelar slik i kvar kamp bør han snarast komma seg opp på eit høgare nivå...
Spesielt imponerande er innsatsen til Veitastrond i dag med tanke på at me har eit særs redusert mannskap. Me kan rekna opp 7 mann som truleg hadde gått rett inn i startoppstillinga dersom dei hadde vore klare (Even, Kenneth, Kim Andre, Øyvind, Geir, Emil og Morten) Me gjer difor honnør til dei som starta i dag og dette viser at ingen skal føla seg trygge på å komma rett inn i startellevaren framover.
Skal me trekka fram enkeltspelarar så kjem me ikkje utanom Kurt Heggestad i dag. Han hadde vel knapt ein dårleg innvolvering, og ein kan undra seg over kor mange omgangar me måtte ha spelt før Dale-forsvaret hadde fått has på han i dag (kanskje 1000?) Heilt bakerst gjorde nok ein gong Gøran ein kjempe kamp i buret når han kjem inn for Even, og dette viser at me ikkje har noko å frykta når krølltoppen oppe Leite ikkje kan vera med. Nokre rosande ord fortener og Øivind "Bolt" Kristiansen som steppa inn på kort varsel og gjorde ein solid opptreden i midtforsvaret til Veitastrond i dag.
Trass i god innsats mot serieleiaren står me altså attende med 0 poeng og føler oss skuffa og vonbrotne over dette!
Me takkar Stian Neset og hass Dale lag for kampen og ynskjer dei alt vel vidare i sesongen....ja, kanskje bortsett frao han dare julabukken so kom inn pao slutten ao kampen du (vakse menneskje)...
VIL-STJERNA
Denne gongen er det vår bussjåfør Jan Erik "Bøysn" Bøyum som får dela ut stjernene. Me nyttar og anledninga til å takka han for sin innsats som sjåfør, og vonar at du er klar for liknande oppgåver i framtida. Bøysn gjer heider og ære til følgande spelarar;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Erlend Sando |
| ó |
Arne Nes |
Grattis grabbar!
Kampfakta;
VIL; Gøran - Frank, Erlend, Øivind, Åsmund - Arne, Richard (Emil), Bjørn, Helge - Vidar, Kurt
Ubenytta på benken; Gaute (ville ikkje innpå mot slutten), Geir (ilt i hovudet), Jan Erik (berre sjåfør)
0-1 Kurt (Vidar)
1-1 Kees Erstad
2-1 Erlend Osland
3-1 Geir Harald Langeland
Ingen kort
Dommar; Kjell Alme (meget flink)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|