Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Årdal 2 - Veitastrond 7-2

Takka vera dei 9 verste minutta i VIL-fotball si historie tapte me til slutt så det sang mellom fjella inne på Årdalstangen. Ting såg nemleg særs så lyst ut då me gjekk til pause med 2-1 leiing og følte me hadde god kontroll på kampen. Kva som skjedde med oss i pausen er vanskeleg å seia, men i det me hadde spelt 9 minutt ut i 2.omgangen hadde årdølene snudd kampen frå 1-2 til 5-2! Ein total kollaps av heile VIL-laget og me har vanskeleg for å seia kva som skjer i denne perioden. Resten av kampen vart ein parademarsj for heimelaget som putta 2 mål til mot slutten. No er verkeleg lyset sløykt av i VIL-leiren og me har store problem med å finna brytaren...

Før kampen måtte Erlend melda forfall grunna sjukdom. Me ga då Gaute sjansen på backen og trekte Kenneth inn i midtforsvaret.

Det var Årdal 2 som tok initiativet frå start av i kampen og anført av ein god Jonny Aspesæter på venstrekanten var dei konstant farlege. Gaute hadde sin fulle hyre med å hamla opp med den lynkjappe vingen deira. Inne i boksen hadde dei den gamle scoringskongen til Årdal Ole Gunnar Hunderi som med sin autoritet ute på bana er ein trussel for eit kvart 4.divisjonslag. Dei hadde eit par halvsjansar i starten utan at det vart det heilt store ut av det.

Veitastrond kom gradvis meir med i kampen og yppa seg fyrst på ein volley frå Vidar før Kurt dundra til frå 25 meter, men begge forsøka gjekk til side for buret.

Me tok etterkvart over kommandoen i kampen og spelte riktig så fin fotball ute på Cuba. Kurt og Vidar var og i dag meget gode og berre tilfeldighetar gjer at dei ikkje scorar fleire mål. Kurt hadde fyrst ein susar som gjekk i stolpen og ut, før Vidar etter 16 minutt var nær scoring når han vart spelt igjennom av Helge, men avslutninga gjekk diverre rett på keeper.

Så etter 19 minutt får me dagens vakraste angrep. Ein corner vert avverga og etter litt klabb og babb får Helge ballen i returrommet. Han lobbar ballen elegant over forsvaret til Årdal 2 og ballen havnar hjå Bjørn som går på nydeleg løp og dunkar ballen i buret. Dermed 1-0 til gjestene frå Veitastrondi!

Me satsa på å ligga kompakt og spela kynisk bakover, og Årdal 2 sine spelarar gjekk surarare og surare. Difor er det ekstra surt at me etter 26 slepp dei innatt i kampen. Heimelaget har corner som blir slått på bakerste, og her er det total markeringssvikt av Veitastrond og Årdal 2 takkar og bukkar og nikkar ballen i buret. Då var me altså like langt og 1-1.

Etter 38 minutt får nok ein gong Vidar nesten nettkjenning. Han får ballen med mann i rygg, brukar kjempekreftene sine til å dra seg forbi ein årdøl eller to før han avsluttar frå 16 meter, men ballen går diverre i stolpen. Meget synd!

2 minutt seinare kunne Årdal 2 ha fått seg eit mål til, men Even er vaken i buret og kjem ut og reddar forsøket åleine med keeper.

Etter 43 minutt kjem nok eit magisk augneblink sett med Veitastrond, og særleg med Bjørn Molland sine auge. Kurt slår ein kort corner til Bjørn som tek med seg ballen inn i 16-meteren og avsluttar frå skrått hald nydeleg og ballen duppar ned i motsatt kryss. Meir slik som ein ser det på TV, og Veitastrond kunne med dette gå til pause med 2-1 leiing.

Så absolutt positive takter av Veitastrond i 1.omgang. Me har god kontroll bakover, og framover er Kurt og Vidar alltid farlege. Det hjelp sjølvsagt og på at Bjørn spelar som ein gud på midten. I pausen vart me eininge om å vera kyniske bakover og ikkje sleppa Årdal 2 innatt i kampen.

Jeu, kyniske mi røv. Aldri har vel eit mindre kynisk og meir tafatt lag entra Cuba-stadion enn det Veitastrond laget som gjekk utpå til 2.omgang i kveld.

1 minutt og 23 sekund er spelt når Årdal 2 kjem seg fri på høgrekanten legg inn på bakerste der ein årdøl får stå mutters åleina og breisida ballen i mål til utlikning 2-2.

1 minutt etterpå kjem heimelaget igjen. Upressa får deira midtbanespelar gå langs 16-meter streken før han avsluttar, og ballen går uheldigvis akkurat under Even og før me veit av ordet av det så hadde Årdal 2 snudd kampen og det i løpet av 2 minutt av den 2.omgangen.

Det var tydeleg at dette vart for mykje for oss, og me klarde ikkje å summa oss. 53. minutt er spelt når Årdal 2 på ny kjem alt for lett igjennom og dei får pirka ballen i mål til 4-2, og berre minuttet etterpå skjer det samme igjen og dermed 5-2.

4 mål i mot på 9 minutt må vera ny klubb-rekord og det er heilt utruleg at me kan falla saman som eit korthus på denne måten etter den flotte 1.omgangen me hadde. Rett og slett pinleg!

Resten av omgangen bar preg av at kampen var så godt som avgjort og det vart etterkvart mykje hawaii-fotball på Cuba stadion. Begge lag gjorde mange byter, og det kunne ha blitt fleire mål i begge endar mot slutten. Diverre var det berre den eine enden som hadde fri entrè og mot slutten ga me bort 2 mål til etter dårleg forsvarsarbeid av Veitastrond. Uansett betyr ikkje desse måla all verda då denne kampen alt var avgjort på dette tidspunket.

Veitastrond burde så absolutt ha putta nokre mål til i kampen me òg, men det ville seg ikkje i den 2.omgangen. Nærmast kom me då me fekk straffe etter 75 minutt, men Bjørn fekk ikkje det hattricket han så ærleg hadde fortent og skotet var redda av keeper.

Kan og ta med at Årdal 2 skulle hatt ein mann utvist på stillinga 4-2, men dagens alt for urutinerte dommar hadde ikkje guts nok og tok i staden fram det gule. Han delte og ut eit gult til Kurt for kjeftbruk, noko som i og for seg er greit nok, men då kunne han kanskje gitt Ole Gunnar Hunderi eit for det samme litt tidlegare, men me vil tru Hunderi såg litt skumlare ut enn Kurtn...

Kampen ebba til slutt ut med 7-2 siger til heimelaget. Sett utifrå resultatet tør me påstå at resultatet ikkje gjer eit riktig bilde av kampen, men når me slepp inn 7 mål og tapar 2.omgangen 0-6 kan me ikkje skulda på andre enn oss sjølve. Me kan nesten ikkje fatta at det går an å komma ned på eit så lågt nivå som me hadde i byrjinga av 2.omgangen, og Årdal 2 må verkeleg ha lurt på om det var lilleputtlaget me stilte med tidleg på 90-talet dei spelte mot i denne perioden.

Det er hardt å vera ein del av Veitastrond for tida og me kjenner at dette slit på psyken. Likevel lyt me prøva å ta med dei gode taktene me viste i 1.omgang, og klarar me å gjennomføra 2 gode omgangar på ein kamp er me sikre på at poenga vil komma før eller seinare. Enn så lenge er det hardt å gøyma seg bak heiderlege prestasjonar når poenga uteblir og me er spikra fast i botn av 4.divisjon...

Dagens lyspunkt på Veitastrond var utvilsamt Bjørn Molland som spelte ein kanon kamp på midtbana vår. Han krona spelet sitt med to flotte scoringar, men me trur nok han hadde bytt minst ein av desse mot eit poeng eller 3 i dag.

Årdal 2 framstod som eit jamt og godt lag som heilt sikkert vil vera å finna på øvre halvdel av tabellen i år. Me takkar dei så mykje for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i sesongen.

VIL-STJERNA

I dag er Lars Arne Nes som får æra av å dela ut stjerner. Strendingen som er busatt i Øvre Årdal hadde teke turen ned på Tangen, men han måtte i likhet med oss andre gå skuffa heim. Han meinte at desse var best i dag;

óóó Bjørn Molland
óó Kurt Heggestad
ó Geir Aardal

 

Kampfakta;

VIL; Even - Gaute (Øivind), Geir, Kenneth, Øyvind - Helge (Øystein), Richard, Bjørn, Åsmund - Vidar (Gøran), Kurt

0-1 Bjørn (Helge)

1-1 x

1-2 Bjørn (Kurt)

2-2 x

3-2 x

4-2 x

5-2 x

6-2 x

7-2 x

Gule kort; Kurt på VIL, ein eller to på Årdal 2

Dommar; Vegard Yndestad, med Frode Ølmheim og Thor Kristian Sortevik på linjene (det er sikkert flott med dommarrektruttering, men dette vert rett og slett for veikt spør du oss!)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com