|
Veitastrond - Sandane 1-4... fotballfesten utblei på Leikvoll!

Publikum møtte opp i hopetal, rømmagrauten var nydeleg, sola skein og som bygd framstod Veitastrond frå si aller beste side i dag. Ute på bana var det imidlertid berre eit lag som ville vera med på festen og diverre var dette bortelaget Sandane. Etter at dei leia 2-0 til pause vann dei til slutt kampen med 4-1, og me lyt innrømma at sigeren var litt meir fortent enn det me kanskje hadde ønska på førehand. Me kom oss i dag aldri opp på det nivået som kreves for å halda følga med eit lag som Sandane, og berre periodevis i 2.omgang var me ved å truga bortelaget. Me får nok ein gong legga ein kamp bak oss, og heller sjå framover mot neste...
Arne måtte som foventa melda forfall til kampen. Han vart erstatta av Morten som gjekk inn som back og Åsmund som ving. Gaute kunne heller ikkje vera med då han reiste til Egypt for å delta i Dakar Rally, så i dag var me berre to mann på benken.
Sandane starta kampen aggresivt og ga oss ein forsmak på kva me hadde i vente. Dei hadde eit par halvsjansar før dei fekk ein stor sjanse etter 6 minutt. Veitastrond står høgt med laget, Sandane bryt og spelar igjennom, men avslutninga gjekk like utanfor frå ca 16 meters hald.
2 minutt etterpå kjem Sandane på ny. Dei får spelt seg alt for enkelt igjennom og deira gode spiss Mads Wie satte ballen enkelt i mål og dermed 0-1 på Leikvoll Stadion.
Veitastrond klarde ikkje å etablera noko spel og me mista ballen for lett i alt for mange situasjonar. På topp var spissane pakka inn av Sandane sitt forsvar og på midten var dei langt meir aggresive enn oss. Me prøvde tidleg å gjera grep ved at Emil gjekk inn på sentral midtbane og Richard gjekk ut på høgreving, for å prøva å vinna midtbana.
Lykkast ikkje umiddelbart med dette då Sandane gjekk opp til 2-0 etter 15 spelte minutt. Eit Sandane frispark vert slått inn i boksen, og her er det igjen markeringssvikt som gjer at Torgeir Apalseth på bortelaget fekk ei enkel oppgåve med å heada ballen i buret.
Ein tung start på "Nye" Leikvoll framfor eit heimepublikum som haldt på å setta rømmagrauten i halsen over måten laget deira spelte på...
Etter 2-0 målet kom Veitastrond litt meir med i kampen, og me kom oss til sjansar etterkvart. 17 minutt er spelt når me får frispark frå 20 meter. Kurt tek frisparket kjapt, men keeperen er så vidt det er med på notane og får slått frisparket meisterleg til corner.
Minuttet etter får Vidar ein stor sjanse, men frå ca 10 meter bommar han på ballen og lagar eit stort hol i lufta i staden for å laga spaning i kampen...
Det skjedde mykje ein periode her no, og rett etter dei to sjansane til Veitastrond fekk Sandane annulert eit mål for offside. Korrekt avgjersle sjølvsagt.
Siste delen av omgangen roa det seg litt meir. Veitastrond prøvde å skapa trykk på Sandane, men me lukkast ikkje 100% med dette. Det vart mykje nesten og me vart anten stoppa ved forsvarsmuren deira, eller så gjekk innlegga frå kant anten bak mål eller inn til keeper. Rett før pause kunne me ha fått den viktige 1-2 scoringa, men eit raid frå Åsmund vart avslutta med "feil" fot frå 16 meter og keeper redda enkelt.
Like etter blas dommaren for pause på stillinga 0-2. Ein svak 1.omgang av Veitastrond der me sleit stort med å komma i førarsete i denne kampen. Me spring for lite, er for dårlege i duellspelet og somlar ballen bort alt for lett. Her måtte det skikkeleg skjerpings til for at me kunne gå frå denne kampen med eit godt resultat.
Veitastrond gjekk utpå med litt betre innstilling etter pause. Me fekk tidleg ein kjempesjanse når Kurt vart spelt enkelt igjennom, men åleine med keeper klarde han ikkje å setta ballen i mål.
Etter 54 minutt skulle imidlertid Kurt få visa kva han er god for. Han fekk ballen inne i Sandane sin 16-meter, finta eit par mann før han elegant chippa ballen i lengste hjørne bak ein forfjamsa keeper. Dermed 1-2 på Leikvoll og poenga var plutseleg ikkje så langt unna lengre.
Like etter fekk Richard ein stor sjanse då Morten la inn, men frå 12 meter traff han ikkje ballen og den gjekk til utspel frå mål.
Det vart nokre spanande minuttar etter scoringa vår og kampen låg lenge å vippa. Veitastrond prøvde å trykka Sandane bakover, men lukkast ikkje heilt med dette. Bortelaget hang framleis godt med og var stort sett farlege når dei kom mannsterke i angrep. Eit godt forsvar og ein god Gøran i buret hindra dei i å få uttelling på sine sjansar.

Kampens augneblink kom etter 65 minutt. Vidar vart spelt igjennom og avslutta frå 16 meter, men skotet gjekk diverre i tverrliggaren og Sandane fekk etterkvart avverga situasjonen. Ein kjempe sjanse for oss og det nærmaste me kom i ta med oss poeng frå denne kampen. Med 2-2 kunne me kanskje fått den vitamininnsprøytinga me så sårt hadde trengt, men diverre gjekk det ikkje slik.
I staden avgjorde Sandane kampen etter 74 minutt når dei gjekk opp til 3-1 ved Mads Wie. Kanskje skulle me hatt eit frispark ute på kanten, men dommaren lot det gå og Sandane fekk lagt ballen inn i boksen der Wie enkelt heada ballen i mål frå 5 meter. Sjølv om det var eit kvarter og nok av tid igjen i denne kampen så gjekk den vesle lufta som var i ballongen vår i dag ut når dei på ny gjekk opp i ei 2 målsleiing.
Finn det ikkje for godt å skriva så mykje meir om denne kampen, anna enn at kampens store spelar Mads Wie viste seg endå meir fram mot slutten. Fyrst brassa han ballen over mål før han på tampen av kampen kom åleine med Gøran, lobba ballen elegant over han og fastsette sluttresultatet til 4-1 og sikra seg sjølv sitt hattrick.
Alt i alt tapte me i dag fullt fortent mot eit langt betre Sandane lag. Medan dei gjekk aggresivt til verks vart me ståande med lua i handa og lot dei få styra kampen. Skuffande at me aldri skikkeleg klarde å finna ut av deira lag, og me hadde knapt ein periode i kampen der me verkeleg klarde å setta dei under press. Dette vart heilt klart eit tilbakesteg for oss, då me i dag føler at me ikkje klarar å matcha motstandaren. I dei føregåande kampane har me og tapt, men me har då sete attende med ei kjensle av at dette var lag me burde ha teke poeng mot - den kjensla har me ikkje i dag.
Sandane var kanskje det beste laget me har møtt så langt, og me blir ikkje overraska om dei er med i opprykkskampen når sesongen går mot slutten. Dei hadde eit solid forsvar som klarde å pakka inn vår spissduo og gjorde jobben vanskeleg for dei. Midtbana deira var som nokre kleggar som aldri ga oss tid og heilt på topp har dei ein juvel i Mads Wie som heilt klart har eit stort potensiale som fotballspelar. Det vart nokre tøffe taklingar og duellar ute på bana, men ikkje meir enn det skal vera og laga kunne skiljast som gode vener etter kampen. Me ynskjer Sandane lukke til vidare i sesongen, og vonar me kan gje dei meir kamp når me tek turen opp til dei utpå hausten ein gong.
Kva så med "Nye" Leikvoll? Jeu då, den framstod på beste vis. Framleis er det enkelte parti som ikkje er fullt utvokst og som minnar litt om ei grusbane, men det gjekk heilt fint å spela fotball der. No får ho kvila i 14 dagar til neste heimekamp, og me er sikre på at bana berre vil bli bedre og bedre for kvar kamp me spelar der.
VIL-STJERNA
Me tenkte å gje Johannes Nes anvsaret for dette i dag sidan det var opning av nye bana hass. Han ville imidlertid ikkje noko med det sportslege å gjera, og peikte i staden på Bjarte Frækaland som sat på samme bord. Bjarte er fast feriegjest på Strondi og har då fast tilhaldsstad 50 meter frå Leikvoll. Han tok utfordringa på strak arm, og meinte desse var best i dag;
| óóó |
Bjørn Molland |
| óó |
Kurt Heggestad |
| ó |
Morten Hagen |
Bjarte var spesielt imponert over at Bjørn kunne spela ein så god kamp etter å ha sett tilstanden til guten i 50-års lag kvelden i forvegen. Helt om natta og helt om dagen heiter det seg...
Kampfakta;
Gøran - Frank, Kenneth (Øivind), Erlend, Morten - Emil, Richard, Bjørn, Åsmund - Vidar, Kurt
Ubenytta reservar; Øystein
0-1 Mads Wie
0-2 Torgeir Apalseth
1-2 Kurt (Frank)
1-3 Mads Wie
1-4 Mads Wie
Gule kort; Bjørn på VIL, 2 på Sandane
Dommar; Inge Seglem (stødig...)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|