Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

 Skavøypoll - Veitastrond 4-3

Det vart ein ny nedtur for Veitastrond då me i dag tapte 4-3 borte mot Skavøypoll. Me låg under 2-0 til pause og Skavøypoll gjekk opp i 3-0 tidleg i 2.omgang, men ein utrelg bra siste halvtime gjorde at Veitastrond scora 3 mål og utlikna til 3-3 ved Kurt Heggestad, Åsmund Øgar og Kenneth Mo. I det Veitastrond trykka på for ei ny scoring var det i staden heimelaget som fekk det forløysande 4-3 målet, som gjer at me nok ein gong må ta til takke med tap og 0 poeng. Når ein tapar kampar skal ein sjølvsagt vera varsam med å skulda på andre oss sjølve, men i dag lyt me legga ein del av skulda på dommatrioen som var direkte håplause og dømte alt for mykje i favør av heimelaget. Etter den glimrande 2.omganden var det eit slagent Veitastrond som reiste heim frå Polljen med 0 poeng i sekken.

Veitastrond stilte med samme lag som me annonserte før kampen.

Skavøypoll gjekk offansivt til verks og var det førande laget før pause. Me sleit med å skapa noko trykk framover og me sleit med å komma til dei heilt store sjansane i 1.omgang.

Etter ca 5 min fekk heimelaget sin fyrste sjanse, men deira skot frå 5 meter vart meisterleg redda av vår unge og meget gode keeper Patrik Fritzon. Han var nede som ein katt ved første stolpe og redda den gode avslutninga.

Veitastrond sleit som sagt med å komma til dei store sjansane og me sleit med spretten i bana i starten som gjorde at oppspela i bakrom litt for ofte gjekk til utspel til heimelaget.

Skavøypoll gjekk opp til 1-0 etter 20 min etter at eit innlegg frå kant var ekspandert i mål frå 10 meter. VIL-forsvaret var på etterskot og ein Polljen-spelar stod heilt åleine og hadde ein enkel jobb med å banka ballen i mål.

Ikkje lenge etterpå fekk me vårt fyrste skot på mål, men avslutninga til Richard frå 20 meter var som barnemat å rekna for deira målvakt.

Det er spelt 32 minutt på Polljen-stadion når dommaren markerar seg for fyrste gong. Etter ein duell inne i feltet dømmer han straffe til forundring både for heime- og bortelaget. Ein latterleg avgjerlse, men heldigvis så er rettferdigheta med oss og heimelaget set straffen til side for mål.

Etter 40 minutt er Veitastrond i angrep som endar med at det luktar tilbakespel til eigen keeper lang veg frå heimelaget. I staden for at me får indirekte frispark går Polljen rett i angrep og scorar 2-0 etter innlegg som var mykje likt fyrste målet. VIL protestera, men får ikkje gehør frå dagens dommar. Kurt klagar til mannen i svart som spør om Kurt kan reglane, og han svarar at "Ja, EG kan reglane..." - altså litt meir enn det dommaren tydlegvis kunne...

Trass i 2-0 under gjer me ikkje opp og står på. Rett før pause får me og den utruleg viktige 2-1 reduseinga når Kurt er knalltøff i ein duell, kjem åleine med keeper og bankar ballen i mål. Utruleg nok vert scoringa annulert for offside av linjemannen. Offsiden var ikkje på Kurt, men Richard som stod 5 meter frå situasjonen og var så langt i frå spelets gang som ein kan få det. Forferdeleg anvgjerlse av linjemannen, som snyt oss for eit utruleg viktig mål.

Like etterpå bles dommaren til pause, og VIL-spelarane er over dommaren med sine protestar. Kurt får sjå det gule kortet i denne situasjonen etter velfortent kjeft mot den svake dømminga...

Alt i alt ein dårleg 1.omgang av VIL der Skavøypoll leiar fortent. Likevel er det surt å få dei viktige avgjerslane til dommaren i mot, og me er for å sei det mildt kok forbann i pausa. Uansett må me uavhengig av dommaren gå i oss sjølve og prestera langt betre enn det me gjorde i 1.omgang. Heimelaget var best og me måtte fleire hakk opp for å matcha dei...

2.omgang er berre 5 minutt gammal når Skavøypoll går opp til 3-0. Ei markeringsvikt frå oss gjer at ein Polljen-spelar får stå heilt åleine på bakerste og vedkommande bankar ballen i krysset. Dermed 3 mål under og poeng i dette botnoppgjeret verkar rimeleg langt unna.

Me frykta sjølvsagt at heimelaget skulle få endå meir blod på tann og gå endå meir offansivt til verks etter at dei gjekk opp i 3 målsleiing. Dette skjedde ikkje, og i staden var det me som viste framifrå moral og sakte men sikkert kjempa me oss inn kampen.

Etter 60 minutt spelar Morten igjennom til Kurt som åleine med keeper gjer ingen feil og dermed redusering til 3-1. Nok ein gong kjem dommaren i fokus då dette utvilsamt var ein soleklar offisde...

Spaninga i kampen var no plutseleg tilbake og VIL ana at her var det mogleg å få til noko...

Like etterpå er Kurt på farten ute på venstre. Han legg inn på fyrste stolpe, men frå 2 meters hald skyt Richard ballen over mål.

10 minutt etter fyrste redusering kjem eit langt oppspel mot Richard som stussar igjennom Kurt. Han skyt frå 16-meter, men keeper gjer retur. Der er Åsmund fyrst, som frå 10 meter har ein enkel jobb med å setta ballen i det tomme buret.

Dei to reduseinga ga naturlegvis Veitastrond blod på tann og me trykkte heimelaget skikkeleg. 80 minutt er spelt når me får corner, som Emil slår innoverskrudd frå venstre. Inne i boksen svevar Kenneth høgast og stangar ballen utagbart for keeper inn i buret og utruleg nok har me henta opp det som såg ut som ein umogleg 3-0 leiing til å utlikna til 3-3.

Det venta oss no nokon spanande sluttminuttar der me trykka på, men heimelaget var farlege på overgangar og det var og dette som skulle fella oss i dag. Veitastrond har ein corner som me ikkje får avslutta, og heimelaget stormar i angrep. Ballen havnar på høgre hjå Polljen som er åleine igjennom og baknar ballen inn til 4-3. Greit nok det, men her er Polljen soleklart i offisve, men samme linjedommar som snaut oss for ei scoring i 1.omgang let denne gå og heimelaget kan jubla for ny leiing. Forferdeleg dømming igjen...

Veitastrond trykka på for ei ny utlikning mot slutten, men det lukkast oss ikkje. I kampens siste minutt var Kurt nær, men skotet frå 16 meter vart blokka av eit aggresivt Polljen forsvar og heimelaget kunne like etterpå jubla for 3 verdifulle poeng, medan me sat att med null og niks.

Me kan ta det med ein gong.... Dagens dommartrio er utruleg svake og dømmer i favør heimelaget ca 80-20. Likevel er dei så svake at laga seg i mellom berre ristar på hovudet over den skandaløse dømminga, og me er bitre for å ha tilbrakt 12 timar av denne dagen opp i Polljen, for så å føla at me blir snytt av dommartrioen. Mannen i svart opptrer utruleg arrogant, har 0 kommunikasjon med spelarane og viser teikn til total mangel på speleforståelse...

Kampen sett under eit så vinn nok Skavøypoll denne kampen fortent. Dei er jamt over det beste laget, men me er kanongode siste halvtimen av 2.omgang og på bakgrunn av denne føler me at me burde ha reist heim med minst eit poeng i sekken. I dag var det ein heilt anna aggresivitet i laget enn det me såg mot Sandane forrige helg, og me jobba for kvarandre i alle ledd. Slik som kampen utvilka seg hadde dei 12 VIL-spelarane som drog oppover fortent ei betre skjebne enn tap og 0 poeng.

Mange spelarar stod fram i krigen i dag, og det er lett å trekka fram stopparane våre Geir og Kenneth. Dei vinn alt av duellar og det er godt å sjå at ein spelar som Geir veks med å ha kapteinsbindet rundt armen, og er ein levande leiarskikkelse i våre bakre ledd.

Me gjer ei ekstra fjør i hatten til vår innleigde keeper Patrik Fritzon, som til trass for sin unge alder framstår som ein trygg og god keeper som berre vil bli betre og betre etterkvart som han vert eldre og får meir erfaring. Me kan allereie no bekrefta at Patrik og vil stå i mål i kampen mot Askvoll/Holmedal neste helg. I tillegg føler me at Gøran fortener nokre rosande ord for sin innsats som høgreback. Han løyste sine oppgåver på framifrå vis og viste at han er ein spelar som gjer alt for drakta.

Me takkar Skavøypoll for kampen, og ynskjer det unge og sympatiske laget alt vèl vidare i sesongen...

VIL-STJERNA

I dag er det tidlegare VIL-spelar Åge Hamrun som deler ut stjerner. For han var det den mest naturlege sak i verda å tilbringa dagen i Skavøypoll. Han meinar følgande spelarar fortener ekstra ros i dag;

óóó Kenneth Mo
óó Kurt Heggestad
ó

Åsmund Øgar

I tillegg gjer han ekstra kred til Emil som stod på 100% for laget igjennom heile kampen....

 

Kampfakta;

VIL; Patrik - Gøran, Kenneth, Geir, Øyvind - Emil, Bjørn, Morten, Åsmund - Richard, Kurt

Ubenytta reservar; Øystein

1-0 x

2-0 x

3-0 x

3-1 Kurt (Morten)

3-2 Åsmund

3-3 Kenneth (Emil)

4-3 x

Gule kort; Kurt og Bjørn på VIL, 1 på Skavøypoll. (dette er lagt inn rettmessigt etter SFFK sine heimesider der kamprapporten ikkje vart registrert hjå dei før 26.august, 2009)

Dommar; Kaj Inge Fløde med linjemenn (kunne vel ikkje ha vore dårlegare...)

 

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com