|
Veitastrond - Askvoll/Holmedal 5-6

Det vart ein ny nedtur for Veitastrond då me i dag tapte 5-6 heime mot Askvoll/Holmedal. Etter dei fyrste 45.minutt såg det retteleg så lyst ut og me leia då 2-1 etter at me til tider synte mykje godt spel og hadde rimeleg kontroll på kampen. 2.omgang vart diverre slik som 2.omgangar ofte brukar å vera for Veitastrond og det gjekk totalt bananas framfor begge måla, men diverre var det bortelaget som scora flest og vann denne 11-målsthrilleren. I tillegg til mykje god angrepsfotball og ditto dårleg forsvarsarbeid så fekk og publikum sjå det raude kortet når Arne Nes vart utvist etter 2 gule kort midtveges i 2.omgang.
Vidar Vadseth var ikkje med i dag, men bortsett frå det så stilte Veitastrond med samme lag som me annonserte i går.
Det var bortelaget som byrja best på Leikvoll på denne kokande varme sumarsdagen. Etter berre 1 minutt spel får dei ein kjempesjanse, men skotet frå 5 meter vart meisterleg redda av vår unge keeper Patrik Fritzon. Returen gjekk utanfor...
Etter dette skremmeskotet så fekk etterkvart Veitastrond roa seg litt, og me kom sakte men sikkert meir med i kampen. Askvoll/Holmedal var eit lag mykje likt oss sjølve med mange spelarar godt oppe i 20 åra, men bortsett frå oss var dei ispedd ein og anna kvikkbeint unggut. Dei slo mykje langt i bakrom mot spissane sine, utan at dei lukkast alt for mykje med dette før pause.
Me kom for alvorleg framover på bana etter 10 minutt. Etter litt klabb og babb på 16-metersstreken går ballen til Arne som spelar ut til Kurt, og han gjer som han har hatt for vane å gjort i år og bankar ballen nydeleg i motsatt hjørne og dermed 1-0 til Veitastrond.
Når Veitastrond går opp i leiinga har dei ofte for vane å rota bort denne rimeleg kjapt. Den som måtte tru at dette var dagen for unntak må tru om igjen, og berre 3 minutt etter scoringa vår får Askvoll/Holmedal straffe når Even vert for aktiv med armbruken i ein duell. Straffa set bortelaget sin kaptein Benny Rivedal sikkert i mål og dermed balanse i rekneskapen og 1-1.
Kampen var stort sett jamnspelt etter dette, men me føler likevel at me var hakket vassare før pause. Me fekk ei rekke mulighetar i løpet av omgangen;
23 minutt - Veitastrond kjem 3 mot 2, men Askvoll/Holmedal får fyrst blokkert forsøket på gjennomspel frå Kurt, før samme mann skyt utanfor frå 16 meter.
28 minutt - Åsmund skyt frå 12 meter på skrått hald men keeper får ei hand på ballen. På returen er keeperen på ny på plass og får slått til corner.
30 minutt - Richard slår inn frå venstre og ballen havnar hjå Kurt på 5 meter, men ballen går like til side for mål - stor sjanse!
Askvoll/Holmedal hadde og sine sjansar og var nærmast etter 43 minutt når dei kom i overtall mot forsvaret vårt. Dei kom seg heilt ned til dølinja og la inn i feltet, men utruleg nok klarde ingen å nå ballen og den trilla heldigvis for oss utanfor målet. Ein gedigen sjanse for bortelaget til å ta med seg ei leiing inn til pause.
I staden var det Veitastrond som skulle får det viktige målet før pause. Ei flott kontring frå Veitastrond der Arne slår ballen ut til venstre til Åsmund som tek den med seg inn i boksen og slår nydeleg inn til Kurt som får ein enkel jobb med å skubba ballen i mål frå 3 meter - nydeleg overgangsspel av Veitastrond.
Nok ein gong kunne me gå til pause med leiing og me følte at dette måtte vera dagen der me kunne halda fortet vårt utan rekkevidde for motstanderen. Me hadde tidlegare 2.omgangsblemmer friskt i minne og var enige om å gå utpå med full skjerpings dei siste 45 minutta.
Ja, da kan du tru du...
Omgangen er berre 5.minutt gamal når Askvoll/Holmedal kjem seg igjennom åleine med vår keeper, rundar han og set ballen inn til 2-2. Her lukta det både frispark i forkant og offside lang veg, men dommar Per Olav Erikstad lot det gå. I heta etter målet fekk Geir det gule kortet for munnbruk.
Klokka viser 56 minutt når dei spelar nok ein gong igjennom og set ballen i mål på nyt og dermed 2-3.
Etter henholdsvis 62 og 63 minutt skjer omtrent det samme igjen og Askvoll/Holmedal scorar to ny mål, og i løpet av 19 minutt har me rota vekk det som såg ut som ei trygg 2-1 leiing til å ligga under 2-5 - heilt utruleg, og truleg er me det einaste laget som er i stand til dette. I allefall så er me det einaste laget som gjer det gang etter gang.
I denne perioden kjem og dommaren i fokus og han mistar vel til dels kontroll på kampen. Erikstad er ein typisk dommar som preg av at han aldri har spelt fotball sjølv, men lest litt for mykje i regelboka og føl denne slavisk. Det må til dømes gå an å reagera spontant utan at ein på død og liv må tilkalla seg både spelarar og kaptein og det som verre er for så å dela ut gule kort. Dette gjer det stort sett berre verre og det var akkurat det som hendte med oss i dag. Me lyt nok ta sjølvkritikk i denne perioden òg for me mista totalt fokus på sjølve kampen og det einaste som stod oss i hovudet ei stund var å ta dommaren og stoppa Askvoll/Holmedal sine spelar utansett kva dette måtte kosta. Dette førte til nokre stygge taklingar som til sist enda med at Arne Nes fekk sjå sitt 2.gule og dermed raudt kort etter 65.minutt...
Med 2-5 under og redusert til 10 mann såg det ikkje særleg lyst ut for oss. Me gjorde like etterpå 2 byter når dagens debutant Frode Kvåle kom inn for Richard og Øivind for Geir. Me veit ikkje om det var dei 3 spelarane som gjekk ut som ga dei andre eit løft, men siste halvdel av 2.omgangen var det eit heilt anna VIL-lag som representerte Veitastrond.
Etter 72 minutt får me vår fyrste redusering når me får straffe. Denne gongen er det Kurt som får prøva seg frå krittmerket og han nyttar seg av den gode gamle "Asle Hillestad-metode" og bankar ballen i mål - særs effektivt altså og dermed 3-5.
Dette ga oss blod på tann og etter 39 minutt får me corner. Den legg Emil presist inn boksen og Erlend stupheadar inn sitt fyrste mål Veitastrond og dermed 4-5 og plutseleg vart det mykje meir triveleg og spanande på Leikvoll.

Me haldt fram å pressa framover og etter 82 minutt kjem Kurt stormande mot 16-meteren, men vert takla omtrent på streken. Veitastrond ropte på ny straffe, men dommaren gjorde nok rett når han ga oss frispark. Dette tok Emil, og medan dei fleste venta innlegg prøvde han i staden skotfoten. Han avfyrte eit godt gamaldags luseskudd og dei fleste av spelarane var på veg tilbake då Askvoll/Holmedal sin ellers så gode keeper var uheldig og lot ballen gå mellom beina og dermed hadde me klart det kunstsykket å komma tilbake frå 2-5. Måtte det berre vara...
Det kunne det sjølvsagt ikkje gjera. 2 minutt etter utlikninga til Veitastrond kjem Askvoll/Holmedal seg fri på høgrakanten. Dei legg inn i boksen og der ventar Benny Rivedal som bankar ballen på volley i nærmaste hjørne - ei kanon scoring og dermed 5-6. Vanvittigt surt for Veitastrond som for andre kamp på rad klarar å henta inn ei 3 målsleiing, for så å sjå at motstandaren avgjer kampen etterpå.
Me prøvde å pressa på mot slutten, men klarde ikkje å skapa dei heilt store sjansane og dermed ebba kampen ut til 5-6 siger til Askvoll/Holmedal.
Det er så tungt så tungt å nok ein gong gå på tap i ein jamn kamp. Det har vore litt for mange av desse i år og anten er me det vesle hakket svakare enn dei andre laga og får som fortent, eller så får me tilbake marginane når me snakkar haustsesong - me kryssar fingrane for det siste, og satsar på ein litt betre poengfangst etter sommarferien.
I dag er me det beste laget i 3/4 av kampen, men når me fell så til dei grader nedpå som me gjer i fyrste halvdel av 2.omgang kan me ikkje rekna med å vinna. Kan heller ikkje rekna med å vinna når me slepp inn 6 mål, men ein skulle nesten tru at når ein scorar 5 så skulle det holda. Lyt sjølvsagt gje ros til spelarane for å komma tilbake i kampen når me spelar med 10 mann og ligg 3 mål under, berre så utruleg synd at det ikkje holdt heilt inn.
For å bruka ein gammal klisje så lyt me berre stå på framover og dersom me spelar like bra som me gjorde til tider i dag er me plent nøydd til å ta poeng utover hauset - me kan i allefall ikkje skjønna noko anna.
Kan til slutt ta med at dagens debutant Frode Kvåle gjorde eit solid innhopp og fekk vist seg fram på den halvtimen han fekk på bana. Dette er utvilsamt ein spelar me vil få mykje glede av framover!
Askvoll/Holmedal framstod som eit jamt godt lag, men var ikkje avskrekkande betre enn oss. Utifrå kampbildet i dag finn me det ganske utruleg at dei tek sommarferie på 2.- og opprykksplass medan me ligg på nest siste- og nedrykksplass. Bortsett frå eit par oppheta situasjonar i 2.omgang var stemninga mellom dei to laga meget god og me sit att med eit positiv inntrykk av dei. Me ynskjer dei lukke til med sesongen og vonar at det er me som sit att med 3 poeng når me gjestar dei i sesongen siste kamp - kan bli ein lang og sieg tur dersom ingen av laga har noko å spela for det...
No tek me oss ein sommarferie de, også får me heller kapra dei 33 poenga som det gjenstår å spela om på hausten! Her er det berre å bretta opp armane og gjera seg klar!
VIL-STJERNA
I dag er det Aina Bruheim som deler ut stjerner. Sjeldan har me sett nokon gå til med denne oppgåva med meir iver og ho tok verkeleg jobben seriøst. Ho tok notatar igjennom heile kampen og det var ikkje på slump at stjernene vart delt ut i dag. Dette tykkjer me i VIL-stjerneforbundet er ekstremt gode haldningar, og me håpar at fleire skal gå til denne oppgåve på samme vis som ho framover. Bra jobba Aina! Dei som fekk seg fortente stjerner i dag var;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Erlend Sando |
| ó |
Åsmund Øgar |
I tillegg gjer ho ros til målvakt Patrik Fritzon for solid innast mellom stengene, men ho hadde diverre ikkje fleire stjerner igjen til han.
Kampfakta;
VIL; Patrik - Frank, Geir (Øivind), Erlend, Even - Arne, Emil, Bjørn, Åsmund - Richard (Frode), Kurt
Ubenytta reservar; Gaute og Øystein
1-0 Kurt (Arne)
1-1 Benny Rivedal str.
2-1 Kurt (Åsmund)
2-2 x
2-3 x
2-4 x
2-5 x
3-5 Kurt str.
4-5 Erlend (Emil)
5-5 Emil
5-6 Benny Rivedal
Gule kort; Geir og Emil på VIL (var det nokon fleire så sei ifrå) + eit par saman på Askvoll/Holmedal.
Raudt kort; Arne på VIL (to gule)
Dommar; Per Olav Erikstad (ute av kontroll)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|