Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Lærdal 3-1

Veitastrond kom endeleg inn på vinnarsporet igjen, då me i dag vann 3-1 heime mot Lærdal. Dette vart ein utypisk VIL-kamp med lite mål, og der heimelaget ikkje rota bort leiinga si og hadde til dels kontroll i 90 minutt. Med 3 poeng i dag fekk me kontakt med laga framfor oss og det var godt å endeleg ha marginane med seg i ein kamp. Veitastrond sin nykomponerte formasjon fungerte bra der me låg tett og kompakt bakover. Framover fungerte det òg bra, og Kurt Heggestad (x2) og Frode Kvåle sikra måla våre. Ein flott dag for fotball for Veitastrond og endeleg fekk vårt trufaste publikum valuta for pengane.

Frå det laget me annonserte i går så kom Åsmund inn på venstreback for Frank Heggestad med ryggproblemer.

Det var noko daft preg over kampen i dag der begge laga framleis var ein viss feriemodus. Lærdal fekk kampens fyrste sjanse etter 5 minutt når dei spelte seg åleine igjennom mot Even, men vår sisteskanse redda meisterleg med ei hånd.

Me fekk vår fyrste sjanse etter 8 minutt spel då Kurt spelte lekkert igjennom til Bjørn, men Mollansguten klarde ikkje å stokka beina skikkeleg så avslutninga diverre gjekk over buret.

Lærdal ropa på straffe etter 14 minutt, men det var det sjølvsagt ikkje...

Veitastrond gjekk opp til leiing etter 16 minutt når Frode Kvåle for alvor presenterte seg for heimepubliken på Leikvoll. Etter litt klabb og babb så fekk Frode ballen på 16 meter og knalla ballen på heilvolley nydeleg opp i krysset. Utagbart for Lærdal sin keeper og 1-0 til Veitastrond - JIPPI KA JEE!!!!

Etter målet fekk Veitastrond senka skuldrane og tok etterkvart meir og meir over kontrollen på kampen. Lærdølene spelte for det meste langt opp på sine spissar når dei fekk ballen, men vårt forsvar hadde for det meste overtaket.

Frode fekk ein fin sjanse til å bli tomålsscorar etter 26 minutt. Kenneth spelte igjennom, men avslutninga til Frode vart redda av Lærda sin keeper.

Kampen mest omdiskuterte situasjon kom etter 31 minutt. Lærdal vart fyrst spelt igjennom på noko som lukta offside langt ned på Klubben. Dommaren blas ikkje på dette så Lærdølene kom åleine med Even, men vår sisteskanse kasta seg ned i beina og fanga ballen. Her meinte Lærdal at Even var utanom 16-meteren og tok ballen, men dette var i allefall heilt på grensa. Tvil skal komma forsvarande lag til gode, og frå vårt synspunkt gjer sjølvsagt dommarane heilt rett i å ikkje dømma frispark og visa ut Even ;)

Med framleis 11 mot 11 så haldt Veitastrond fram med å føra kampen og etter 41 minutt dobla me leiinga vår. Nok ein gong scorar me på ein kort corner der Emil slåt til Kurt som dreg med seg ballen inn mot midten og bankar ballen i nærmaste hjørne. Innøvd trekk frå heimelaget og 2-0 leiing - GIVE IT TO ME BABY!!!!

Minuttar etterpå var me så nær så nær å gå til pause med 3-0 i sekken. Frode fekk ballen på 16 meter og avfyrte ein susar som dei aller fleste på stadion såg inne, men skotet gjekk på innsida av stolpen og utatt på bana. Synd..

Like etterpå blas dommar Jarle Andersen for pause og me kunne for fyrste gong kvila med 2 målsleiing. Ein god 1.omgang frå vår del der me stort sett har bra kontroll bakover, men likevel skal me vera glade for at Lærdal var ineffektive/Even var god på sine sjansar. Framover var me farlege når fekk til spelet vårt...

Me fekk ta til med 45 nye minutt og me var skjerpa på at me ikkje skulle byrja denne 2.omgangen med å sleppa inn ein 4-5 mål i opninga. Dette lukkast me med og det var me som var farlegaste i starten. Frode og Kurt var eit konstant uromoment for Lærdal sitt forsvar og hadde framspela våre betre hadde me truleg putta eit mål eller to i byrjinga av omgangen.

Etter 50 minutt så sparka Morten ballen relativt hardt midt i origo på ein motspelar, og det er nok ei ungjenta i Lærdal som går ein "turre" kveld i møte... 

Lærdal fekk sin fyrste sjanse etter 54 minutt. Nok ein gong kom dei åleine med keeper, men nok ein gong redda Even "isi".

55 minutt er spelt når Richard fyrer av og krampetendesane byrjar for alvor å melda seg. Gaute går i oppvarming.

Kurt la nydeleg inn på bakerste etter 60 minutt, men headinga til Bjørn vart redda og det samme vart returen. Stor sjanse for Veitastrond.

Kampen dabba noko av i intensitet ein periode og det var ikkje all verda som vart vist ute på Leikvoll graset. Lærdal måtte etterkvart til å ofra seg framover og dei kunne fått uttelling etter 72 minutt. Eit kjempeskot frå 25 minutt hadde retning mot lengste hjørne, men uheldigivis for dei så spratt den på innsida i stolpen og utatt på bana. Mykje likt skotet til Frode i 1.omgang og dermed uavgjort i antall stolpeskot.

Lærdal satsa alle klutar framover og me frykta at dei skulle få den viktige 1-2 reduseringa som ville gitt oss nokre nervepirrande sisteminuttar me hadde klart oss utan. Heldigvis slapp me dette, for etter 83 minutt satt me den siste kistespikaren i Lærdalkista. Kurt kjempa til seg ballen på ca 16 meter og avslutta med ein bedritent vakker lobb, som dala over ein sjanselaus keeper og dala ned i motsatt kryss. Kurt gjorde audmjukinga av Lærdal total med eit mesterverk av ein scoring - OH BABY, I LOVE YOU SO!!!

Me var berre 5 minutt frå å halda 0`en bakover for fyrste gong sidan vårsesongen i fjor, og Lærdal kunne faktisk blitt det fyrste laget nokon gong som ikkje makta å scora på Leikvoll Stadion. Akkurat i det me sat å synsa om dette på VIL-benken så sovna VIL-forsvaret og Lærdal sin spiss Ole Jonny Cirotzki kom åleine med Even og lobba elegant inn redusering.

Kampen i dag var fair-spelande, men etter 87 minutt kom dagens einaste gule kort. Lærdal sin spelande trenar og kaptein Øystein Lindested takla slik som ein spelande trenar og kaptein ikkje skal gjera og fekk seg eit velfortent kjeks. På ein god dag kunne kanskej fargen vore ein anna, men gult var forsåvitt greit nok.

Heilt på slutten så trykka Lærdal alt oppover utan å komma til dei heilt store sjansane og i staden var det me som var nærmast ei scoring til då Frode kom åleine med keeper, men han kom diverre for skrått og sjansen gjekk til spille.

Etter heile 5 minutt overtid så blas dommaren av kampen og me kunne jubla for vår fyrste 3 poengar sidan me slo Saga 26.mai.

Alt i alt vann me denne kampen fortent og det vart godt å spela ein "normal" kamp med ikkje alt mor mange mål i begge endar. Me låg godt defansivt og det fungerte meget bra med ein 3-ar på midten der Morten spelte ein kanonkamp som defansivt anker. Heilt bakerst stod Even som ein levande vegg og framfor han spelte forsvaret solid, og me vel å trekka fram Kenneth Mo på høgreback som var både høgt og låg i dag. Framover vart Kurt av og til for åleine på topp, men når midtbana klarde å fylla på så var me og slagkrafitge offansivt.

Me står no ovanfor ein skikkeleg 6-poengar mot Førde 2 neste helg der me med siger plutseleg vil vera over streken. Her er det berre å bretta opp ermane og gjera seg klar.

Dagens kamp var som tidlegare nevnt fairspelande og me takkar Lærdølen for kampen og ynskjer dei lukke til vidare. Me vonar at me begge klarar å halda plassen i 4.divisjon, då lokale lag er noko me treng meir av.

VIL-STJERNA

I dag var det Johan Olai Nes som fekk dela ut stjerner. Han er storebror til VIL-spelar Arne Nes, og er til dagleg busett i Os. Han har denne veka hatt ei skikkeleg draumeveke der han fekk lov til å vera med å trena med Veitastrond på torsdag, fekk sjå kamp i dag og i tillegg fekk han altså dela ut stjerner. Heider og ære frå Johan Olai gjekk til følgande;

óóó Kurt Heggestad
óó Even Kvam
ó

Frode Kvåle

 

Kampfakta;

VIL; Even - Kenneth, Geir, Erlend, Åsmund - Morten - Frode, Richard (Gaute), Emil, Bjørn - Kurt

1-0 Frode

2-0 Kurt (Emil)

3-0 Kurt

3-1 Ole Jonny Cirotzki

Gule kort; Ingen på VIL, 1 på Lærdal

Dommartrio; Jarle Andersen (hovuddommar), Frode Ølmheim og Thor Kristian Sortevik (meget gode)

Sjå fleire bilder HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com