Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Førde 2 3-4

Med tapet mot Førde 2 på Leikvoll i går ser det ikkje vidare lyst ut for Veitastrond sin vidare eksistens i 4.divisjon. Nok ein gong trakk me det kortaste strået i ein jamn duell og når me aldri klarar å vinna slike fotballkampar så blir det tøft. I går leia me kampen 3 gonger, men heilt på slutten snudde Førde 2 og på overtid satte dei inn kampens siste mål slik at dei kunne ta med seg alle poenga heim til Førde.

Me måtte rokkera litt på laget frå det me hadde satt opp. Morten og Bjørn meldte forfall og for dei kom Gaute og Øivind innpå.

I likhet med oss så mangla og Førde 2 ein del folk, og dette gjorde til at Jølster 2 dødaren frå i fjor; Rune Førde, stod i mål i denne kampen og den gamle Norane-helten Tore Evensen spelte sin fyrste fotballkamp på 14 månader.

Veitastrond fekk ein god start på kampen og var det beste laget i innleiinga av kampen. Alt etter 2 minutt vart Kurt spelt åleine igjennom og fekk ein giga sjanse, men hass forsøk på å lobba over keeper mislukkast.

Heimelaget haldt fram med å pressa Førde 2 bakover og etter 15 minutt fekk me uttelling. Eit langt oppspel frå Kenneth havna hjå Emil som avslutta frå 16 meter med ein sleiv som i staden for å ha retning mot mål heller fann Arne på bakerste som banka ballen opp i nærmaste kryss, og dermed 1-0 til VIL. Førde 2 ropte på offside i denne situasjonen, og det skal ein ikkje sjå bort ifrå at det var, men så lenge Ragnar Åmot seier nei så er det lite å gjera med.

20 minutt; Det meldast frå benken at Gøran får vepsastikk og han klagar noko fela. I følge vår referent på sidelinja var dette årets fyrste stikk på Fimreitefingen.

Utover i 2.omgang datt Veitastrond litt bakpå og det unge Førde laget tok meir over banespelet. VIL vart springande ein del i mellom og Tore Evensen fekk stort sett stå åleine på midten og strø ballar utpå kantane. Etter 32 spelte minutt fekk Førde si utlikning då eit innlegg frå høgre havna på bakerste der ein førdianar skalla ballen i mål til 1-1.

Tore Evensen fekk gult kort etter 39 minutt for ei takling på Kurt. Resten av omgangen skreik stort sett Førde 2 på gult kort kvar gong ein VIL-spelar var i duell, men utan at Raggen ville høyra på klagane deira...

Kampens mest omdiskuterte situasjon kom etter 41 minutt. Førde 2 sin keeper Rune Førde tek ballen utanfor 16-meteren og Veitastrond får frispark. Då skulle ein og tru at Førde skulle bli utvist, men neidå. I følge dommar Åmot visste ikkje keeperen kor han stod å då kunne han ikkje visa han ut, dessutan er Åmot dommarobservatør så då veit han best av alle uansett. Ragnar Åmot - ta deg ein bolle!

Frisparket til Veitastrond gjekk knallhardt i muren frå Kurt...

45 minutt; Ein Førde 2 spelar har ballen, men blir kontant stoppa av dommar Ragnar Åmot i det som ser ut som ein soleklar obstruksjon. "Flytt deg då dommar" - Åmot kvitterer; "Ikkje spel ballen der eg står!"

4 minutt på overtid i 1.omgang blir Kurt spelt igjennom og han bli meia ned av Førde sin keeper. Denne gongen dreg dommaren opp det raude kortet og Rune Førde må tusla av bana og ein utespelar må i mål. Veitastrond får og tildelt straffe sjølv om situasjonen nok var like utanfor 16-meterstreken, men dette var nok ikkje lett å sjå for dommaren. Kurt tek sjølv straffa og sjølv om keeper er på ballen går den inn og Veitastrond kan ta pause med 2-1 leiing.

Ein rotete omgang av Veitastrond der me er gode i fyrste halvdel, men på slutten mistar me initiativet i kampen og blir særdeles baktunge. Likevel har me alle sjansar til å ta med oss dei 3 viktige poenger sidan me leiar 2-1 og dei har 1 mann mindre.

Frå Førde sin trenar høyrer me følgande "Dei hakje krefte igjen, kom igjen no kara"

Veitastrond vart enige om å vera kyniske i starten av omgangen og ikkje sleppa Førde til tidleg. Dette lukkast me med mot Lærdal, men ikkje mot Førde 2 i går. Alt etter 2 minutt spelt kom ein Førde 2 spelar åleine igjennom, men berre ein fantastisk redning av vår keeper Even Kvam gjorde at det ikkje vart utlikning.

Diverre skulle den gode opninga til Førde bli melodien i stort sett heile 2.omgang. Veitastrond la seg bakpå og me kom aldri opp i bana, og Førde 2 spelte til tider ut VIL som vart springande mykje i mellom våre motstandarar.

Åsmund fekk gult kort etter 60 minutt.

Me klarde å halda fortet i 20 minutt, men etter 65 minutt kom utliknga. Veitastrond klarde ikkje å avklara ein corner og ballen havna på bakerste der Førde 2 fekk stanga ballen i buret og dermed 2-2.

Veitastrond hang naturlegvis med hovudet, men ikkje så fela lenge. Kurt tok avspark etter 2-2, dytta ballen til Emil som dunka til frå midtbana og ballen fauk i ein nydeleg boge over Førde 2 sin keeper og rett i buret. Ei fantastisk scoring og årets mål vart truleg scora her, og dermed ny VIL-leiing til 3-2.

Heller ikkje denne scoringa ga VIL den ekstra piffen til å flytta laget framover, og Førde 2 haldt fram med å pressa oss inn på vår eigen banehalvdel.

Utover i omgangen fekk Kurt sitt 2.gule kort for sesongen.

Etter 75 minutt vart Kurt spelt igjennom i 16-meteren, men vart sprungen ned av Førde sin forsvarar. Her lukta det straffe, men ein godt plassert dommar Åmot meinte at det var det ikkje.

83 spelte minutt når Førde 2 legg inn frå høgre, Even får ei hand på ballen, men den dett ned i beina på ein Førde spelar som får ein enkel jobb med å setta inn utliknga til 3-3.

Etter 88 minutt avslutta Vidar godt på volley frå 20 meter, men diverre rett på keeper.

93 minutt når Førde 2 får corner. Ballen havnar på bakerste der det er markeringssvikt delux av VIL og ein 2-3 Førde 2 spelarar står i kø om kven som skal skyta og ballen går i mål og eit fortvila VIL lag må sjå at dei er i ferd med å tapa den viktige botnkampen. 3-4 til bortelaget.

Heilt på slutten prøvde VIL å flytta opp laget, men det nærmaste me kom var Åsmund sitt skot frå skrått hald som gjekk utanfor buret.

Like etterpå blas dommaren av kampen, og dermed vann Førde 2 4-3.

Dette var ingen god kamp av VIL. Sjølv om me leiar kampen 3 gonger føler me det er fortent at Førde 2 vinn kampen. Likvel så er me utruleg nær å ta med oss alle poenga sjølve, og som Vidar Vadseth sa etter kampen så må det ikkje alltid vera fortent når ein vinn kampar, men me klarar ikkje å vinna jamne kampar anten det er fortent eller ei. I dag vart me liggande alt for djupt med laget og offansivt vart Kurt alt for åleine, og han vart og pakka inn av eit godt Førde forsvar.

Det er og eit problem at me aldri klarar å få noko kontinuitet i laget vårt. Frå laget som fungerte så bra mot Lærdal måtte me erstatta Morten, Frode og Bjørn og det seier seg sjølv at det ikkje er lett. I tillegg måtte 2 av dei som starta i dag reisa før kampslutt grunna jobb. Dette gjer at me aldri får drilla inn noko som helst og det som fungerer ein dag blir gjerne dårleg den neste.

Me ligg no 5 poeng bak sikker plass, men med 9 kampar og 27 poeng igjen å spela om så er dette framleis opp til oss sjølve så her det er ingen grunn til å gje opp folkens.

Me takkar Førde 2 for kampen og ynskjer dei lukke til vidare med sesongen.

VIL-STJERNA

I dag var det ein av veterane på VIL-tribuna som delte ut stjerner. Per Heggestad, som er far til Frank og Øystein, fekk det ærefulle oppdraget, og han Peremann meinte at følgande utmerka seg i dag;

óóó Emil Heggestad
óó Erlend Sando
ó

Kurt Heggestad

 

Kampfakta;

VIL; Even - Gaute (Frank), Kenneth (Vidar), Geir, Øivind (Gøran) - Erlend - Arne, Richard, Emil, Åsmund - Kurt

1-0 Arne (Emil)

1-1 x

2-1 Kurt (str.)

2-2 x

3-2 Emil (Kurt)

3-3 x

3-4 x

Gule kort; Kurt, Geir og Åsmund på VIL. 1-2 på Førde 2.

Dommar; Ragnar Åmodt (skal ha for at han dømmer likt begge vegar. Bortsett frå det er det heller tynn suppe)

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com