Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Selje 3-2

(Etter denne kampen leverte Selje inn protest grunna at dei meinte at Kurt Heggestad skulle ha sona kampen med 3 gule kort. Dei fekk medhald i dette av SFFK og resultater vart gjort om til 0-3 og alle poenga gjekk til Selje. Me legg til at spelarstatisikken (mål, assist, stjerner etc.) frå denne kampen vert teljande i våre historiebøker)

I eit høljande regnvær på Leikvoll Stadion tok i dag Veitastrond 3 viktige og til dels overraskande poeng over Selje. VIL vann til slutt kampen 3-2 etter at Selje leia 2-1 til pause. Sigeren var høgst fortent og me hadde eit jamt overtak stort sett igjennom heile kampen. Dette vart ein flott revansje etter at me vart rundspelt og tapte 1-5 i vårkampen og det var ikkje lett å sjå at dette var ein kamp mellom topp og botn i 4.divisjon. Dagens helt for Veitastrond vart Helge Skjælaaen som heada inn det avgjerande 3-2 målet 20 minutt før slutt.

Veitastrond starta i ein 4-3-3 formasjon og frå dei spelarane me annonserte i går vart ikkje Vidar med grunna sjukdom, medan me fekk ha med Kurt då det viser seg at han berre har 2 gule kort og ikkje 3 slik som me feilaktigt opplyste i går.

Heimelaget opna kampen best på Leikvoll i dag og etter å ha skapt nokre halvsjansar i byrjinga av kampen fekk me uttelling etter 13 minutt. Åsmund spelte fint fram til Helge på venstre, som la inn i boksen til Kurt som fekk ein enkel jobb med å breisida ballen i buret og dermed 1-0 til VIL og vill jubel blant dei få supportarane som hadde trossa regnet for å følga laget sitt.

Etter den gode opninga så datt Veitastrond noko i saman og Selje tok meir over banespelet. Etter 20 minutt fekk dei uttelling då deira spiss fekk ballen med ryggen mot mål, venda bort Even og skaut i mål frå ca 16 meter og dermed 1-1.

Like etterpå skulle Selje få ei ny scoring då dei fekk eit frispark nede ved cornerflagget. Det vart lagt inn på fyrstestolpe der ein seljing fekk stå mutters åleine og styra ballen i mål. Meget svak markering av VIL og dermed 1-2 til Selje.¨

Etter 34 minutt spelar Veitastrond langt opp mot Kurt som er i ein duell med ein motspelar. Selje sin forsvarar er fyrst på ballen og sklir ballen tilbake til keeper som tek denne med hendene. Dommdar Jonny Skjerven dømde her tilbakespel til eigen keeper til store protestar frå Selje. Frisparket vart teke av Kurt, men gjekk diverre rett i muren...

Emil la inn frispark frå venstre etter 39 minutt. Ballen havna på bakerste der ein Selje spelar sparka ballen i eiga stolperota og ut til corner. Nesten sjølvmål på Leikvoll.

Veitastrond var det beste laget mot slutten av omgangen og det var på ny nær utlikning 5 min før pause når Emil la inn til Richard som heada over frå 12 meters hald

Laga gjekk til pause på stillinga 1-2 til bortelaget. Sett utifrå spel og sjansar tykkjer me dette var noko ufortent og VIL gjennomførte ein meir enn godkjent omgang. Mykje meir trøkk framover enn det me hadde mot Førde 2 forrige helg og bakover har Kim Andre og Even i midtforsvaret stort sett god kontroll. Ingen vits i å henga med hovudet og heller gå utpå å snu dette til vår favør.

Me gjekk ut til 2.omgang med planar om å vera kyniske i starten og hindra Selje i få ei tidleg scoring.

Tidleg scorign kunne det likevel fort ha blitt då Selje fekk ein gedigen sjanse etter 5 minutt. Ein Seljespelar fekk ballen inne i boksen og det var tendensar til møljespel og Selje sine spelarar stod i kø for å setta ballen i mål, men til alt hell fekk forsvaret vårt avklara situasjonen.

Veitastrond var konstant farlege på corner i 2.omgang og det var og her me skulle få uttelling. Før me fekk den hadde Arne ein gedigen sjanse då Kurt la inn corner og han heada på mål frå ca 2 meter. Utruleg nok spratt ballen ned i den gjørmete bana og over mål - ein gigasjanse for VIL.

Like etterpå kunne imidlertid VIL jubla for utlikning. Nok ein gong er det corner frå Kurt som Arne headar i ein Seljespelar og på returen er Kim Andre fyrst på og bankar ballen i mål og dermed 2-2 til vill begeistring for VIL-leiren.

Etter 70 minutt fall avgjeringa på Leikvoll Stadion. Nok ein gong er det på ein corner frå Kurt, og denne gongen havnar den på bakerste hjå luftens baron Helge Skjælaaen. Han har uno problemo med å stanga ballen inn i buret og dermed har Veitastrond snudd kampen og leiar 3-2 - JE JE JE!!!

I siste delen av kampen prøvde Selje å pressa Veitastrond bakover på bana utan å lykkast noko særleg med dette. I staden var me farlge på kontringar og Kurt hadde fleire store sjansar til å punktera kampen. Han hadde blant anna eit skot i tverrliggaren og på overtid kom han åleine med keeper, men avslutta diverre utanfor.

Kampen ebba etterkvart ut og dommar Skjerven blas av kampen og Veitastrond kunne jubla for 3 verdifulle poeng.

Dette var ein skikkeleg slitesiger og det er intent mindre enn imponerande å nedkjempa eit av divisjon sine beste lag når me i tillegg hadde mange spelarar ute. Dette ga oss viktige poeng i nedrykkstriden og kanskje endå viktigare ga det oss trua på at alle lag er fullt moglege å ta poeng mot.

Den nykomponerte 4-3-3 formasjon vår fungerte bra, men om den vert nytta i neste kamp er tvilsomt. 4 gonger har me prøvd nye formasjonar i år og kvar gong har dette gitt oss 3 poeng, så me kjem nok til å testa ut ny formasjon i kvar kamp heretter.

Ein fin kveld for Veitastrond, og me nyttar og anledninga til å takka Selje for kampen og vonar at dei kom seg heilskinna heim igjen. Me ynskjer dei alt vèl resten av sesongen.

VIL-STJERNA

Me fekk diverre ikkje tid til å finna ein stjerneutdelar før kampen slik at me ba ein av publikumarane om å gjera dette på sparket etter kampen. Valet fall på systrendingen Jonatan Nesset og han tok utfordringa på strak arm. Hass 3 utvalgte i dag var;

óóó Åsmund Øgar
óó Emil Heggestad
ó Arne Nes

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Øyvind, Kim Andre, Even, Frank - Emil (Øivind), Richard, Åsmund - Arne, Kurt, Helge

Ubenytta reservar; Øystein

1-0 Kurt (Helge)

1-1 x

1-2 x

2-2 Kim Andre

3-2 Helge (Kurt)

Gule kort; Åsmund på VIL, 1-2 på Selje.

Dommar; Jonny Skjerven (god)

Diverre ingen bilder frå dagens kamp.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com