|
Veitastrond - Eid2 7-4

Endeleg var det slutt på keisame 5 målskampar på Leikvoll Stadion, då Veitastrond i dag vann med småpene 7-4 heime mot Eid 2. Sigeren sat imidlertid langt inne og 5 minutt før full tid var stillinga 2-4 til bortelaget. Ein fantastisk sluttspurt frå VIL snudde kampen og 5 mål på godt og vel 5 minutt er intet mindre enn imponerande. Før dei dramatiske sluttminutta var det eit heimelag som ikkje heilt hadde dagen og som sleit mot tabelljumboen. Heldigvis ordna det seg til slutt og med 3 nye poeng i dag er me berre 2 poeng bak sikker plass på tabellen og me er no optimistiske på avslutninga av årets sesong.
Veitastrond stilte med samme lag som me annonserte i går, og dette innebar då altså at spelande trenar Emil starta kampen. Kan ta med at det i dag sat heile 6 ekte strendingar å varma benken medan berre 3 starta kampen.
Det var utvilsamt heimelaget som tok kommandoen i innleiinga i denne kampen. Dei fyrste 10 minutta køyrte me over Eid 2 og det var klasseskilnad på dei to laga. På dette tidspunktet var det neste som ein berre lurde på kor stor sigeren skulle bli i dag.
Me skapte mange farlege sjansar i desse opningsminutta, men fekk berre ei scoring. Denne kom etter 6 minutt når Helge la inn til Frode som flikka ballen vidare og den gjekk inn bak ein ikkje alt for imponerande Eid2 keeper, og dermed 1-0!
Kanskje var det ein del av spelarane som trudde at dette no skulle gå av seg sjølv, men det skulle Eid2 visa at det ikkje skulle gjera. Dei kjempa oss etterkvart ut av stilen og me hang ikkje saman i ledda. Utlikninga kom etter 11 minutt når dei spelte seg igjennom på høgre sida og spisse deira scora sikkert åleine med keeper til 1-1.
Berre 2 minutt etterpå har Eid2 ein ny kjempesjanse når dei kjem åleine med keeper, men denne gongen reddar Gøran meisterleg.
Det er spelt omlag eit kvarter når Kurt legg inn til Emil som frå 8 meter skyt ballen himmelhøgt over - stor sjanse.
Etter 31 minutt tek bortelaget leiinga for fyrste gong i kampen. Veitastrond sitt forsvar kjem ikkje opp i press og Eid2 sin midtbanespelar får lada kanona frå 20 meter og skyt vakkert i mål til 1-2..
7 minutt etterpå er VIL forsvaret nok ein gong på gyngande grunn og Eid2 sin kraftspiss får kontroll på ballen på 16-meter og lobbar elegant over Gøran som står på halvdistanse og dermed 1-3. Veitastrond har gitt i frå seg initiativet i kampen og det er fortent nok at Eid2 leiar kampen med 2 mål.
Rett frå avspark tek Kurt med seg ballen og forserer ein motspelar før han vert klypt ned av Eid2 sin midtstoppar. Ein grisestygg takling og det gule kortet som vart gitt hadde ein slik besyndarle raud farge i seg. Kurt ligg lenge på grasmatta og må ut på sidelinja å ha på is, men til alt hell kjem han seg etterkvart på beina igjen.
Kurtn krøypnar til igjen og kjem på eit flott raid etter 43 minutt, men åleine med keeper frå skrått hald skyt han nokre få centimeter utanfor.
Heilt på slutten av omgangen er det Eid2 som kjem på ny. Det luktar offside lang veg når dei kjem åleine igjennom mot Gøran, men nok ein gong er vår sisteskanse på plass og avvergar situasjonen.
Laga gjekk til pause på stillinga 1-3. Etter ein fin start vart det etterkvart ein rotete omgang av Veitastrond. Me vert liggande litt for djupt og midtbana vårt vert liggande alt for langt ned i bana og deira spelarar får for mykje tid til å strø igjennom ballar. I pausa gjer me to byter då Arne og Bjørn kom inn for Richard og Åsmund.
Bjørn har vore på bana i 2 minutt når han pådreg seg gult kort etter ei takling. Relativt billeg gult kort spør du oss....(men no ekje da so ofta dei spøre åss dao vait diu)
Etter 51 minutt får Eid2 ein kjempesjanse då dei skyt i stolpen frå 5 meter. Veitastrond får avklara situasjonen og går rett i angrep der ballen havnar hjå Helge som frå 18 meter skyt i stolpen. Altså kvar sitt stolpeskot på under 1 minutt, puh!
59 minutt er spelt når det på ny smell i treverket. Kurt får ballen ute på venstrekanten, fintar elegant bort to stk eidarar i samme heta før han avsluttar frå spissen av 16-meteren, men diverre går ballen i morsatt kryssstolpe. Dette hadde vore ei praktscoring dersom den hadde snike seg inn og det er synd og skam at me ikkje får uttelling på denne.
Veitastrond pressa Eid2 hardt igjennom heile 2.omgang. Me skapte flust i sjansar, men måla sat langt langt inne i dag. Etter 63 minutt anar me at dette er ein av desse dagane då alt går i mot når Eid2 bryt eit VIL angrep og går rett i angrep. Etter litt klabb og babb inne i boksen får dei til slutt avslutta og ballen går i mål. Ei flott utført kontring av Eid2 og det verkar no håplaust for Veitastrond i det stadionuret som me ikkje har viser at 30 minutt gjenstår.
Arne får ein kjempesjanse etter 67 minutt når Kurt legg inn, men avslutninga til snauskolten framme på Øyna går rett på keeper. Berre 2 minutt etterpå kjem samme scenario igjen, men denne gongen med betre utfall. Kurt legg inn frå venstre og inne i boksen ruvar Arne ein halv meter høgare enn alle andre og stangar vakkart inn redusering til 2-4...ay ay ay, det er håp i hengande snøre...
Kampens kanskje avgjerande augneblink kjem etter 71 minutt. Eid2 er i angrep og eit innlegg frå venstre havnar på bakerste der ein eidar står totalt åleine på 4 meter og har berre å pirka ballen i mål, men utruleg nok skyt han ballen langt over og den havna truleg i elva bak mål. Ein gigantsjanse til Eid2 som truleg hadde avgjort kampen om dei hadde satt denne...men det gjorde dei ikkje, og det skulle dei visst komma til å angra på.
Frank kjem inn for Erlend etter ca 75 minutt.
Veitastrond skapte eit par halvsjansar før kampen etterkvart gjekk inn i sitt absolutte klimaks...
84 minutt; Frode kjem seg ned til dølinja inne i Eid2 boksen, legg 45 tilbake til Arne som scorar sikkert og dermed 3-4.
86 minutt; langt oppspel til Frode som flikkar vidare til Kurt. Frå ca 20 meter set han ballen vakkert i hjørna og dermed er det balanse i rekneskapet og 4-4.
88 minutt; Veitastrond køyrer totalt over bortelaget og fossar i angrep på ny. Helge legg nydeleg inn til Kurt som tek med seg ballen inn i boksen og scorar og skulle du ha sett - Veitastrond har snudd kampen i løpet av 5 små minuttar og leiar 5-4.

Plutseleg vaknar dei på Eid2 benken og dommaren får det glatte laget då dei meinar dei skulle hatt frispark i situasjonen før 5-4 målet. Frank gjer dei imidlertid klar beskjed om å setta seg ned igjen...og det gjorde dei faktisk og ("maokje høyra pao han Frank vait de...")
Stemninga på Leikvoll er no elektrisk.
89 minutt; Frode vert spelt åleine igjennom og scorar, men målet vert annulert for offside. Sjølv dommar Jarle Andersen innrømma etter kampen at dette var ei feil avgjersle.
90 minutt; utspel frå Gøran som Bjørn stussar til Arne, som stussar vidare igjennom til Kurt som kjem åleine med keeper og lobbar elegant over til 6-4. Vaskeekte hattrick på 5 minutt frå Kurt - fantastisk!
92 minutt; corner frå Emil som bokstaveleg dett ned i beina på Helge som pirkar ballen i opent mål og dermed 7-4. Som den gentlemannen Helge er så snur han seg mot store stå på Leikvoll og bukkar elegant - ein verdig avslutning på det som etterkvart vart ein minnerik kamp for alle som er involvert i Veitastrond Fotball.
Like etterpå bles dommaren av kampen og strendingane kunne jubla for ny siger og 3 viktige poeng.
Ja kva skal ein seia etter ein slik kamp. Ein dårleg gjennomført 1.omgang vart avløyst av ein meget sterk 2.omgang der me til tider køyrde over Eid2. Me er både uheldige og udyktige at me ikkje scorar fleire mål før i kampen, men slik som det vart så gjorde det ikkje så mykje til slutt. På siste trening før kampen vart det snakka om at det var på tide med eit skikkeleg målkalas igjen og dette fekk me så til dei grader i dag, og me trur publikumet vårt satte pris på akkurat det. Spelarane skal ha all honnør for at dei står kampen ut til trass for me ligg under, og det er ubeskriveleg herleg at me får lønn for strevet i sluttminutta.
Det var og godt å endeleg ha nesten alle mann klare til kamp og me fekk utnytta til det fulle at me hadde gode folk på benken. Medan Åsmund og Richard ikkje heilt hadde dagen gjekk dei ut i pausa og inn kom Arne og Bjørn som bidrog sterkt på å snu kampen. Så kan ein og berre spekulera i om det var tilfeldigt at me vann 5-0 i det kvartert som Frank var ute på bana (?)
Sjølv om Eid2 ligg som klar tabelljumbo har dei over 2 kampar mot oss ikkje vist seg som så mykje dårlegare enn dei andre laga i divisjon. Dei er eit fysisk sterkt lag og i møte med Veitastrond på intime Leikvoll vart det ein del tøffe bataljar i dag. Spesielt Kurt måtte til tider tåla røff behandling, men samme korleis midlar dei prøvde å bruka mot han kan ein trygt seia at dei aldri klarde å temja storbukken frampå Elvabakkane som nok ein gong var i ein klasse for seg.
Me takkar eidarane for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i sesongen. Det måtte dei nok og trenga då det skal eit lite mirakel til dersom dei framleis skal kunne klara å halda plassen i årets 4.divisjon.
VIL-STJERNA
I dag er det ungdomen som får slippa til i stjernejuryen, og det er han Eivind Molland som får æra. Han er fødd og oppvaksen eit steinkast frå Leikvoll og skulle dermed ha plenty med strandafotball i årene sine. Hass favorittar i dag var;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Arne Nes |
| ó |
Bjørn Molland |
Kampfakta;
VIL; Gøran - Øyvind, Kenneth, Erlend (Frank), Kim Andre - Emil, Richard (Bjørn), Åsmund (Arne) - Frode (Geir), Kurt, Helge.
Ubenytta reservar; Even, Øivind og Øystein
1-0 Frode (Helge)
1-1 x
1-2 x
1-3 x
1-4 x
2-4 Arne (Kurt)
3-4 Arne (Frode)
4-4 Kurt (Frode)
5-4 Kurt (Helge)
6-4 Kurt (Arne)
7-4 Helge (Emil)
Gule kort; Bjørn på VIL, 1-2 på Eid2.
Dommar; Jarle Andersen (som vanleg når Veitastrond vinn er Andersen god)
|