|
Syril - Veitastrond 3-2
Ein heilsvart dag i Veitastrond Fotball si historie vart i kved krona med eit bittert 2-3 tap i lokaloppgjeret mot Syril. Veitastrond var kampen sett over eitt det beste laget ute på Syril-grusen og 10 minutt før slutt leia me kampen 2-1. Mot slutten fekk me imidlertid smaka noko av den samme medisin som me ga Eid 2 på søndag då dei scora 2 mål mot slutten og alle poenga vart dermed igjen på Leikanger. Det var ein nervepirrande kamp i dag og me trur at publikum som møtte opp fekk valuta for pengane sine. Veitastrond fekk på si side ikkje mykje igjen for eigen innsats, og me føler at rullegardina har gått ned for heile klubben i kveld...
Bjørn var ikkje med i dag og Åsmund kom innpå midtbana for han.

Veitastrond tok tidleg kommandoen i denne kampen og framstod etter vårt syn som det beste laget gjennom heile kampen. Medan me hadde det meste av spelet var Syril på si side farlege på kontringar når Terje Kvam fekk stå på midten og senda pasningar i bakrom på deira 3 raske spissar på topp
Kampens fyrste sjanse kom etter 5 minutt spel. Helge spelar opp til Frode som på 16-meteren spelar til Kurt som er åleine igjennom, men frå skrått hald får keeperen deira slå til corner. Ein corner som Kurt sender i nærmaste nettvegg.
Me har spelt dobbelt så lenge, altså 10 minutt når rollane er skifta om. Denne gongen er det Kurt som er servitør til Frode, men sistnevnte avsluttar svakt frå god posisjon og ballen går over og utanfor.
Ny sjanse til VIL 2 minutt etterpå. Emil krigar til seg ballen i duell med Terje Kvam på midten og slår nydeleg igjennom til Frode, men nok ein gong er me for upresise i avslutninga og ballen trillar 3 cm utanfor.
Kva så med heimelaget Syril, var dei med dei og eller?? Svaret er jepsi pepsi...fyrste registrerte sjanse me har til dei gulkledde er etter 13 minutt når Jan Tore Slinde vert spelt igjennom, men i det han skal avslutta frå 5 meter får Kim Andre ei lang tå på ballen og den går ut til corner. Corneren vert slått på bakerste der stopparen deira headar like utanfor krysset.
15 minutt; Even lagar haug av sagflisen som er brukt til å merka bana med, og får dermed sparka laaaangt ut.
Syril får ny corner etter 18 minutt, og nok ein gong vert det farleg. Cato Aalen avsluttar frå 16-meter og ballen har retning mot krøsset, men på streken står Kim Andre og får så vidt avverga - stor sjanse til heimelaget.
Kampens fyrste scoring kjem etter 24 minutt. Syril spelar langt opp mot Slinden, men det ser ut som at Erlend og Even har kontroll på situasjonen. Ein kommunikasjonssvikt mellom dei to gjer til at Even ikkje klarar å fanga ballen og den sprett forbi han og har retning mot mål. Ballen går imidlertid i stolpen og ut til Olav Selås Hauge på Syril som etter litt om og men får avslutta i mål og dermed 1-0 til heimelaget.
Ein nedtur for Veitastrond sjølvsagt, men me skulle heldigvis slå snygt attende. Berre 2 minutt etter scoringa deira legg Kurt inn frå venstre, ballen går forbi alle i feltet og havnar på bakerste hjå Helge. Han dunkar til og ballen går i mål og dermed var det pinadø 1-1 på Syril Stadion, avdeling grus.
Etter ein festleg fyrste halvtime av 1.omgang så stilna det litt mot slutten, og me har berre notert ein halvsjanse til Frode etter 40 minutt. Den vart det ikkje noko av og etterkvart så lakka og lei det mot pause.
Ein meget god 1.omgang av Veitastrond der me spelemessigt var det beste lager og strengt burde me ha leia kampen. Mykje positivt å ta med seg og trua på siger er stor i VIL-leiren.
Veitastrond opna og den 2.omgangen best og etter 49 minutt jublar VIL-benken i 3 sekund før dei ser at dagens dommar har blese for offside på Kurt i det han var igjennom og scora.
Like etterpå får Syril ein bra sjanse, men Geir får blokkert skotet som hadde retning mot mål. Rett etterpå får dei ein ny sjanse når Geir og Even rotar med eit utspel og Slinden er igjennom, men ein framifrå handballredning frå Even Kvam hindrar mål.
54 minutt; Kenneth kjem inn for Geir.
Etter litt klabb og babb inne i Syril boksen dett ballen ut til Helge på 16-meter. Han avsluttar med ein hard lobb (?) på dirren, og ballen dalar ned i krysstonga. Stor sjanse der etter 55 minuttar.
2 minutt etterpå er det Syril sin tur igjen, men Olav Selås Hauge avsluttar like utanfor frå 14 meter etter å ha fyrst snurra rundt med Veitastrond sitt forsvar.
60 minutt er spelt når Veitastrond tek leiinga i kampen. Emil gjer ein fantastisk jobb på midten og slår langt i bakrom på Kurt. Kurtn tek med seg ballen inn i boksen, lobbar elegant over keeper og dermed 2-1 til Veitastrond - jeeeeeeeeeeeee!!!!
Etter 2-1 scoringa til Veitastrond tok me fullstendig over banespelet og hadde verkeleg denne kampen i vår hule hånd. Kampens beste spelar etter vår meining - Emil Heggestad, styrde no heile kampen frå sin midtbaneposisjon og eit Syril som vart meir og meir frustrerte vart springande i mellom. I denne perioden skulle me ha scora fleire mål og punktert heile kampen, men det gjorde me diverre ikkje.
64 minutt; Richard kjem inn for Åsmund... og dermed stoppar og våre notatar frå kampen, resten tek me på gefülhen...
Det vart mykje stillingskrig etterkvart der VIL sitt forsvar stort sett hadde full kontroll på dei lange oppspela til Syril. Veitastrond prøvde seg mest på venstrekanten til Kurtn, men anten var han stoppa eller så fann ikkje innlegga hass noko medpselar inne i Syrilboksen.
80 minutt spelt og Syril kjem innatt i kampen. Veitastrond får ikkje avklara i eiga sona og det er ei lita økt med ping pong før ballen havnar hjå Selås Hauge som dunkar ballen på direkten inn i mål og dermed 2-2.
Veitastrond nektar å lata seg knekka og går sporenstreks i angrep igjen. Kurt blir felt rett utanfor 16-meteren, 2 meter frå dølinja etter 82 minutt. Emil slår frisparket hardt innoverskrudd, men ballen går diverre i tverren og ut...synd Alis!

85 minutt når avgjeringa i kampen kjem. Kenneth ser ut til å ha kontroll på ein ball og har berre å skjerma den ut. Jan Tore Slinde kjem inn på blindsida og får snappa ballen akkurat ved dølinja og han legg inn i midten der Stejnar Henjum får ein enkel jobb med å setta inn 3-2 til Syril. Alt før bille...
Kontroversiell situasjon rett etter scoringa. Syril sin keeper Eivind Røysum har ballen og skal skyta ut, men før han gjer det så spring han først ned Kurt Heggestad før han bevist sparkar han. Han slepp unna med kort, og me kan forsvara dommaren i denne situasjonen som truleg ikkje såg kva som skjedde. Me kan imidlertid ikkje forsvara den handlinga som Røysum gjer, som er direkte idioti av eit vakse mennekskje...skam deg!
Veitastrond satsa alt framover mot slutten, men til trass for uttallige cornera og bra press mot Syril sine bakre ledd lukkast det oss ikkje å få ballen i mål. Dermed måtte me til slutt innsjå at me gjekk på eit meget bittert 2-3 tap mot Syril.
Det var liksom ikkje dagen vår dette. Etter å ha vorte trekt 3 poeng tidlegare på dagen så hadde me håpa å i det minsta komma ut i null etter kampen mot Syril, men slik vart det altså ikkje. Alt i alt gjennomførte me ein meget god kamp der me fekk til mykje av det spelet me ynskjer å spela. Diverre klomsar me det til i nokre situasjonar defansivt og dette er i dag nok til at Syril scorar 3 gonger og tek med seg alle 3 poenga.
Framleis er det eit stykke opp til nærmaste lag på tabellen, men me lyt berre ta med oss det positive frå denne kampen. Held me fram slik så må vel poenga komma før eller seinare...?
Kampen i dag vart som venta fysisk tøff, men gjekk stort sett føre seg i ein god tone. Syril er no vorten ein seriøs utfordrar til å rykka opp til 3.divisjon, og me ynskjer dei all hell og lykke i kampen om å klara det.
Kva så med grusbana?? jeu, also, til å vera grus var det ikkje så aller verst du. Her gjekk fint an å spela fotball, og faktisk så trur me det var likt for begge lag utpå der. Når me såg korleis forfatning grasbana deira var i så kan me og forstå kvifor det vart grus. Me veit om banemenn som ikkje hadde fått sova om natta dersom bana dei hadde ansvar for såg slik ut...
VIL-STJERNA
Me plukka i dag ut Bjørn Molland til å dela ut stjerner. Han måtte sjå kampen frå sidelinja og fekk dermed jobben av oss. Han valgte følgande;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Erlend Sando |
| ó |
Helge Skjælaaen |
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind (Frank), Erlend, Geir (Kenneth), Kim Andre - Helge, Emil, Åsmund (Richard) - Arne, Frode, Kurt
Ubenytta reservar; Øivind, Gøran og Morten.
1-0 Olav Selås Hauge
1-1 Helge (Kurt)
1-2 Kurt (Emil)
2-2 Hauge
3-2 Steinar Hejnum
Gule kort; Kenneth på VIL, 1 eller 2 på Syril.
Dommar; Vegard Yndestad (gutongalake)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|