|
Veitastrond - Årdal2 6-4

Veitastrond tok i dag 3 livsviktige poeng i kampen om å unngå nedrykk, då me vann 6-4 heime mot Årdal 2. Sigeren kan me fyrst og fremst takka ein mann for, og medan dei 21 andre spelarane på bana framstod som det dei faktisk er - relativt anonyme 4.divisjonsspelarar, så var i dag (igjen) Kurt Heggestad i ein heilt eigen klasse. Kurtn scora 4 og la opp til dei 2 andre måla til Veitastrond og hass betydning for laget er uvurderleg. I dag såg det lenge ut som at me hadde kontroll på kampen og me leia 5-2 til langt ut i 2.omgang. Mot slutten klarte me likevel på vanleg Veitastrondvis å gjera det spanande, men heldigvis klarte me til slutt å ri det heile inn. Med siger i dag har me på ny kontakt med laga over oss på tabellen og trua om fornya kontrakt i 4.divisjon er tilbake.
Veitastrond stilte med samme lag som me annonserte dagen i forvegen, men på benken var det noko meir slonkent enn det me hadde håpa på.
Heimelaget kom best i gang på Leikvoll Stadion i dag, og alt etter 1 minutt fekk Kurt ein kjempesjane når han kom åleine med keeper. Diverre vart avslutninga for upresis og ballen gjekk til side for mål.
Det svinga litt fram og tilbake det fyrste kvarteret. Dei heilt store sjansane uteblei og det vart litt ta og føle på for dei to laga.
Etter 15 minutt kom kampens fyrste scoring. Richard tok ned ballen på brystet på 30 meter, og spelar den vidare til Kurt som kjem åleine med keeper frå skrått hold. Denne gongen gjer han alt rett og plasserar ballen iskaldt i motsatt hjørne. Finfin scoring og 1-0 til VIL - JUBA JUBA!!!
Veitastrond fekk vera ca 1 minutt i paradis. Årdal 2 gjekk rett i angrep på si høgre side, la inn i boksen der spissen deira var fyrst på ballen og stanga den inn i buret til 1-1.
5 minutt etterpå kunne og burde årdølene ha gått opp i leiinga på Leikvoll. Even må gje retur på eit frispark og ballen dett ned i beina til spissen deira som har ope mål frå 5 meter. Utruleg nok klarar vedkommande å skyta ballen ca 5 meter over mål og Veitastrond har flaks som ikkje ligg under.
Årdal 2 har i denne perioden kommandoen i kampen, men i det dei fleste ventar på ei ny scoring frå bortelaget slår Veitastrond kontra og tek på ny føringa. Bjørn spelar opp til Richard, som skyv ballen ut på høgre til Frode som legg inn i boksen der Kurt får ein enkel jobb med å pirka ballen inn til 2-1. Eit mønsterangrep av heimelaget og nok ein gong er VIL i leiinga - JATTA JATTA!!!
2-1 scoringa gjer VIL blod på tann og like etterpå er Frode nær scoring, men keeper får slått avslutninga hass til corner.
29 minutt når kampens flottaste scoring blir servert for heimepublikumet. Kurt har ballen ute på venstre og slår hardt inn på bakerste. Der ventar Richard som stupheadar ballen inn i buret til 3-1 leiinga. Nok eit flott mål og nok ein gong griseherleg med Veitastrond mål - HEPP HEPP!!!
Endå ein gong så søv Veitastrond etter at dei sjølve har scora. Svikt i dei bakre ledd gjer at Årdal 2 får inn ei redusering minuttet etter at Veitastrond har gått opp til 3-1. Hugsar ikkje i farten korleis dette målet var, men samme kan det forsåvidt vera og altså 3-2.
Veitastrond prøvde å gjera som Årdal 2 og scora rett etter at dei hadde fått mål. Diverre lukkast me ikkje og Kurt avslutta utanfor frå god posisjon etter 33 minutt...
42 minutt er spelt når dei fleste trur at Årdal 2 har utlikna på Leikvoll. Nok ein gong er det rot på defansiven vår og etter litt klabb og babb får dei lagt ballen inn i feltet og heada den i mål. Dommar Frode Ølmheim er imidlertid sikker i si sak om at dette var offside og annulerar målet. Truleg er han den einaste som såg noko tvilsomt med dette målet, og Veitastrond er meget heldig som framleis leiar denne kampen. Tvilsom avgjersle av mannen i svart her.
Rett etter annuleringa fekk Årdal 2 ein ny kjempesjanse. Dei la inn frå si venstreside og inne i midten avslutta ein spelar mot nærmaste hjørne. Vår keeper Even var på veg til motsatt side, men klarar utruleg nok å vri seg om i lufta (omtrent som ein apekatt) og reddar meisterleg.
Årdal 2 kunne fort ha gått til pause med eit uavgjortresultat, men i staden for utlikning så fekk dei ein til i mot i 1.omgang sitt siste minutt. Kurt la corner frå høgre som traff Richard på fyrste som heada ballen inn til 4-2 - JESS JESS!!!
Like etterpå blas dommaren for pause på stillinga 4-2. Ein jamnspelt omgang der Veitastrond var best i dei avgjerande augneblinka og leiinga er grei nok. Framover er me til tider meget gode, men det er litt meir rusk bakover på bana.
Starten på 2.omgang var ikkje like fartsfylt som dei fyrste 45 minutta. Kampen bar no preg av at Veitastrond var nøgde med tingens tilstand og Årdal 2 mangla litt av gløden til å komma seg innatt i kampen.
Etter 55 minutt får VIL sin fyrste store sjanse når Kim Andre headar eit frispark frå Emil i tverren...synd Alis.
58 minutt er spelt når Veitastrond ruller opp på venstre ved Kurt. Han legg tilbake til Richard, men avslutninga hass går ca 1,5 cm utanfor Årdal 2 sitt mål.
Veitastrond har i denne perioden god kontroll på kampen og etter 66 minutt får me straffe når dommaren dømmer for hands inne i feltet - ei avgjersle som virkar grei frå vår ståstad. Straffesparket tek Kurt og han bankar ballen utagbart i nettet og dermed er me innehaver av ei komfortabel 5-2 leiing - EASY!!!
Leiinga kunne vorte endå større etter 65.minutt når Kurt la inn på bakerste til Richard som la igjen til Frode i midten, men diverre gjekk avslutninga hass like utanfor.

Me leiar altså no kampen med 3 mål og virkar til å ha full kontroll. Eit passeleg tidspunkt å sleppa opp gasspedalen og surfa inn dei siste 20 minutta...yeah right (ja riktig)!
Etter ein daud periode i kampen får Årdal straffe etter 82 minutt. Dei spelar seg igjennom og Even går ut og feller deira spelar. Dommaren gjer og Even det gule kortet i denne situasjonen, og det er nok dei som meinar han skulle hatt det raude sidan han var sistemann. Me meinar imidlertid at dommaren gjer heilt rett og at straffe og gult kort er straff nok for eit lag i slike situasjonar. Straffesparket vart satt iskaldt i mål då Even vart sendt til høgre og ballen til venstre. Dermed 5-3 og eit snev av uro er i ferd me å bre seg i VIL-spelarane.
Det svinga no voldsomt på Leikvoll der Årdal 2 trykka litt meir framover og Veitastrond var hissige på sine kontringar. Kurt var konstant farleg på si venstreside og det er godt gjort at me ikkje fekk oss ei scoring i denne fasen av kampen.
I staden skulle Årdal 2 redusera på ny etter ein meget kontroversiell situasjon. Årdølene angrip på høgre, men det ser ut som at ballen har vore over sidelinja. Her skulle Årdal 2 hatt ein mann til å vinka om ballen var ute eller ei, men sidan dei hadde brukt alle byta sine hadde dei ingen som tok ansvar for dette. Sidan heller ikkje dommaren såg at ballen var ute så haldt spelet fram og typisk nok så scorar Årdal 2 på denne situasjonen. Dermed er det 5-4 og Veitastrond anar at heller ikkje dette skal vera dagen vår.
I etterkant av scoringa er det høg temperatur og dommaren har si fulle hyre med å få dei to benkane (ja, ikkje sjølve benkane altså, men dei som skal sitta oppå benkane) og spelarane på begge lag tilbake på rett plass.
Etter at dei to laga har krangla ifrå seg så byrjar etterkvar kampen igjen og dei siste 5 minutta kan gjennomførast. Det svingar noko voldsomt og spaningsnivået er på absolutte toppnivå. Begge lag har gode sjansar, men avgjersla i kampen fell 2 minutt på overtid når Kurt blir felt og dommaren dømmer på ny straffe. Nok ein gong er Kurt sikker frå krittmerket og Veitastrond er no oppe i 6-4 - PUUHH!!!
Like etterpå bles dommaren av kampen og Veitastrond kan jubla for 3 viktige poeng.
Rett etter kampen så haldt diskusjonen ang siste scoringa til Årdal 2 fram, og deira trenar og eit par av våre spelarar vil ikkje gje slepp på denne situasjonen. Me i Veitastrond.com vel å tru at dette var eit resultat av kampens hete, og me trur at når dei involverte partane fekk nokre timar på seg så er dette ei gløymd sak. Det er liten tvil om at Årdal 2 skulle hatt ein mann på linja, men når dei mot slutten av kampen hadde gjort alle byta sine skjønnar me og at det vart så som så med dette. Heldigvis fekk ikkje denne situasjonen noko avgjerande betydning for utfallet av kampen, og det trur me alle skal vera glade for!
Veitastrond tok i dag 3 viktige poeng og me er no igjen med i kampen om fornya kontrakt i 4.divisjon. I dag viste laget mykje flott angrepsspel og ei vilje til å vinna kampen. Diverre så vert det litt meir spanande enn det hadde trengt å bli, men mål pregar fotballkampar og når Årdal 2 får 3-5 scoringa brer det seg ei usikkerhet i laget vårt. Heldigivs rota me det ikkje bort i dag, og det kjennes godt å sitta igjen som vinnar i dag.
Me kjem ikkje utanom å skriva nokre ord om kampens store spelar Kurt Heggestad. 4 mål og 2 assist talar eigentleg for seg sjølv, og han har i heile år vore i ein klasse for seg. Det er liten tvil om at det nivået han spelar på ikkje står i stil med dei ferdighetane han har som fotballspelar og me får berre prisa oss lukkeleg for at han har valgt geitene på Strondi framfor fotballen i Sogndal - WAY TO GO HEGGESTAD!!!
No får me eit par daga pause før ny viktig kamp ventar borte mot Saga. Trur pina degen at me tek å vinn den og de??
Det vart ein del tøffe duellar og livlige diskusjonar i dagens kamp, og når både årdøler og strendingar har høgt engasjement og temperament til felles så vert tenningsnivået bra ute på bana. Men me seier som dei brukar inne i Øvre Årdal - e re så nøye ra? Me ynskjer Årdal 2 lukke til vidare i sesongen, og me kryssar alle våre fingrar for at me møter dei igjen i neste års 4.divisjon!
VIL-STJERNA
Sist gong var det Eivind Molland som fekk oppdraget og denne gongen gjer me stafettpinnen vidare til broder Oddbjørn. Interessa hass for VIL-fotball har vore stigande den siste tida og det ryktast at han no legg ifrå seg skiftenøklane og skrutrekkarane kvar gong det er kamp på Leikvoll. Slike gubbar likar me og Oddbjørn gjer i dag ei ekstra fjør i hatten til følgande spelarar;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Kim Andre Navarsete |
| ó |
Even Kvam |
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind, Geir (Øivind), Kim Andre, Åsmund - Bjørn, Emil, Helge (Ole Christian) - Frode (Arne), Richard, Kurt
Ubenytta reservar; Kenneth og Frank
1-0 Kurt (Richard)
1-1 x
2-1 Kurt (Frode)
3-1 Richard (Kurt)
3-2 x
4-2 Richard (Kurt)
5-2 Kurt str.
5-3 x str.
5-4 x
6-4 Kurt str.
Gule kort; Even på VIL...kanskje 1 på Årdal 2 (?)
Dommar; Frode Ølmheim (Så där)
Sjå fleire bilder kampen HER
|