|
Saga - Veitastrond 5-1
Veitastrond gjekk i dag på eit usedvanleg fortent 1-5 tap borte mot Saga på Førde Stadion. Me visste på førehand at dette var eit av dei vanskelegaste kampane for sesongen, men likevel reiste me oppover i god tru på å henta med oss heim poeng. Dette håpet forsvann imidlertid rimeleg kjapt etter ein 1.omgang der me ikkje fekk ta del i kampen og gjekk til pause med 0-3 i sekken. Etter kvilen opna kampen seg og me kom meir med i spelet, men me var aldri særleg nær å truga Saga i dag. Dermed må me innfinna oss i å bli verande under streken og me går no inn i ein nervepirrande avslutning på sesongen.
Gøran medlte avbud grunna jobbing slik at me berre hadde to mann på benken. Resten av laget var uendra ifrå det me annonserte før kampen.

Det vart dramatikk på kunstgraset i Førde før kampen kom i gang i dag. Det viste seg nemleg at Saga ikkje skulle spela i sine vanlege raude drakter, men heller nytta sine svarte bortedrakter - årsak; ville ikkje spela med korterma (piiingleee). At Saga skulle spela i svart gjorde til at Even ikkje fekk stå i si svarte "keeperdrakt" og måtte ha på seg ein signalgul vest utanpå. Me vurderte lenge om dette var grunn god nok til ikkje å stilla til start, men bestemte oss etterkvart at når me fyrst hadde tatt turen så kunne me like gjerne spela fotballkamp og...
4 minutt er spelt når dramatikken held fram. Even skal skyta 5-meter, men ber om tid til å laga ein knute på vesten som er i siaste laget. Etter å knota med dette i ca 1 minutt må han til slutt gje opp, og det heile endar med eit strippeshow og han tek heller på seg ein raud Sagagensar. Kanskje burde me allereie her skjønt at dette ikkje var dagen for oss og truleg var det ein slags forbannelse over denne gensaren.
Me går over til det reint sportslege...Saga tok umiddelbart kontroll over denne kampen. Dei trykka Veitastrond bakover og me hadde meir enn nok med å forsvara oss. VIL prøvde seg med ein del lange framspel mot spissane, men duellsterke Sagaspelarar kom som regel seirande ut av desse.
Etter fyrst å ha fått eit annulert mål etter 15 minutt (korrekt avgjersle grunna offside) så fekk Saga hol på byllen i det 19.minutt. Åsmund er uheldig med ein pasning og får den tvilsomme æra av å ha målgivande pasning til Saga sitt fyrtårn på topp som kjem heilt åleine med Even og scorar sikkert. Diverre ein stygg personleg feil som me ikkje hadde råd til på ein sådan dag...
25 minutt er spelt når dagens dommar Rune Haugland kjem med ein kontroversiell uttalelse. Kurt påpeikar til dommaren at han no hadde hatt to tvilsomme offsideavgjersler, der Haugland kvitterte med "den mest tvilsomme situasjonen i år kom nok på Veitastrond". Her siktar han sjølvsagt til saka rundt dei gule korta og poenga som me mista mot Selje. Det skal vera klart at folk må få meina akkurat kva dei vil om Veitastrond sin opptreden i denne saka, men at ein dommar skal lirka ut av seg slike ting i kampens hete er vanvittig provoserande, totalt uaksepteabelt og 100% uproffesjonelt...For denne uttalelsen sender me dommaren 10 KR (=Kraftige Røvaspark)
Saga heldt fram med å trykka Veitastrond og etter ein halvtime spelt får dei straffespark. Geir er tøff i ein duell og etter at Sagaspelarane har ropt høgt og lenge nok så bestemmer til slutt dommaren seg for å dømme straffe - noko som sikkert var greit nok. Straffen vert redda meisterleg av Even, men diverre går returen rett i beina på straffetakaren og han klarar å setta denne i buret. Even er millimeterar ifrå å ta returen og når han ser at ballen går i mål reagerar han med å hoppa og skrika noko fela - ikkje ulikt han dare Karl i Mot i Brøstet.
38 minutt når Saga på ny får straffe. Saga sin spiss går på løp inne i 16-meteren og Geir legg armen rundt han og denne ser veldig korrekt ut ifrå vårt ståsted. Denne gongen vert straffesparket satt kontant i nota også var det pika degen 3-0...
Rett etter 3-0 scoringa fekk Veitastrond sin einaste skikkelege sjanse i 1.omgang. Eit innlegg i boksen havnar hjå Arne, men frå 10 meter får han ikkje kontroll på ballen og Saga får til slutt avklart.
39 minutt - Kim Andre får gult kort for å skrika ein variant av det kvinnelege kjønnsorganet høgt og tydeleg utover Førde Stadion.
44 minutt - ein Sagaspelar headar utanfor på corner og skrik ut det samme ukvemsordet som Kim Andre nettopp gjorde. Denne gongen har dommar Hauglund fått eit akutt tilfelle av igjen grodde øyrer og spelaren slepp unna.
45 minutt - Åsmund vil vera med i banneklubben og skrik og ut det samme ordet. Denne gongen er regelen om at dette tilsvarar gult kort gjeldande igjen og Hauglund dreg opp eit kjeks til Åsmund....so konsekvent å vakse dømt dao du!
Like etterpå blas dommaren av 1.omgangen på stillinga 3-0. Ein svak omgang der me til tider vert utspelt og leiinga er så fortent som det går an. Me bestemmer oss for ikkje å henga med hovudet over dette, men gå utpå til 2.omgang med positive sinn.
2.omgang byrjar med at himmelen opnar seg opp og heile settina oppe i Førde er no noko utriveleg...
Etter mykje fram og tilbake i starten så er det Veitastrond som skal få seg ei scoring i fyrste fase av 2.omgang. Me har spelt i 57 minutt når VIL spelar langt opp på høgre sida. Saga sin forsvarar ser ut til å ha kontroll, men bakifrå kjem Bjørn som gjer ein kjempejobb og får sklidd ballen vidare til Arne som åleine med keeper frå skrått hald scorar sikkert. Dermed redusering og 3-1...Sagaspelarane byrja plutseleg å skjelva i sine langerma trøyet (eller var det kanskje det kalde regnet som var årsaka?)
59 minutt er spelt når dagens bom blir servert dei fåe tilskodarane som overvar dette oppgjeret. Even reddar eit skot, men ballen dett ned i beina på ein motspelar. Frå ca 5 meter har han berre å pirka ballen i opent mål, men i staden vel vedkommande å skyta ballen ca 5,5 meter over mål. Flaks for oss...
Kampens skjebneaugneblink kjem etter 60 minutt. Veitastrond ruller opp eit nydeleg angrep som endar hjå Kurt på venstre. Han legg inn på bakerste til Arne som er fyrst på ballen, men diverre går den utanfor buret. Hadde Arne brukt eit halvt skonummer større hadde denne gått i mål og me ville for alvot fått spaning i matchen.
Divere gjekk det ikkje slik og typisk nok gjekk Saga rett i angrep og scora. Geir og Kim Andre gjekk i samme duell og det enda med ein stuss til ein motspelar som stod på 30 meter med klar bane mot mål. Her kunne han valgt å gått hardt på mål og utfordra Even 1 mot 1, men i staden avslutta han med ein utsøkt lobb som dala elegant over vår sisteskanse og rett i nota. Flott avslutning og dermed 4-1 og løpet verkar til å vera køyrt.
Richard lada kanona frå 20 meter etter 63 minutt, men skotet gjekk ca 35 meter utanfor...
65 minutt; Ole Christian kjem inn for Åsmund.
76 minutt; Øivind kjem inn for Geir.

Kurt vart pakka godt inn av Saga i dag, men etter 78 minutt kom han på eit flott tversover løp og var på veg heilt igjennom mot keeper. I siste sekund vart han stoppa ulovleg på 20 meter og han fekk frispark, men utruleg nok tok ikkje dommaren opp det gule kortet. Kanskje ein fordel å gje gule kort på det som faktisk er gule kort og ikkje fordi ein får ilt i øyrene av ukvemsord?
Arne får ein sjanse etter 81 minutt når Saga sin keeper spelar ballen rett i beina hass. Han får diverre ikkje stokka beina tilstrekkeleg til at han får skyta mot det tomme buret med ein gong og det heile renn ut i den store sanden.
82 minutt når Veitastrond har corner. Inne i feltet ruvar Øivind høgast og headar i retning mål. No er det slik i klubben vår at Øivind aldri har scora og dei andre spelarane på laget har gått saman om å laga ei pakt som seier at han heller aldri skal gjera dette. Denne gongen var det Richard som ofra seg og han fekk akkurat kasta seg framfor mål slik at ballen ikkje gjekk inn. Synd for Øivind, men slik er det no ein gong ;)
Kampens siste scoring kom etter 85 minutt. Dårleg markering på eit frispark gjer at ein Sagaspelar får gå opp åleine og nikka den i mål. Kanskje kunne vår kjære keeper ha avverga denne, men det gjorde han ikkje. Dermed 5-1.
Heilt på slutten køyrde Saga på og hadde blant anna ein heading i tverren og ein annulert scoring, men fleire mål vart det ikkje og det heile ebba til slutt ut på stillinga 5-1.
I dag sit me att med ei kjensle av å tapt mot eit betre lag. Saga består av mange rutinerte spelarar som kanskje ikkje er dei som spring mest, men dei spelar fin fotball og er knallharde i duellspelet. I dag var dette meir enn nok til å dra heim sigeren og me lyt nok finna oss andre jaktmarker å ta våre særs naudsynte poeng på.
Etter den viktige sigeren mot Årdal 2 før i veka vart dagens kamp ein mental utladning og me kjenner oss noko tomme akkurat no. Då er godt at me har ei og ei halv veke på å komma oss før neste seriekamp ventar. Til då skal me klara å komma oss igjen og på ny vera med å kjempa om 3 poeng.
Me takkar det sympatiske Sagalaget for kampen, og ynskjer dei lukke til vidare i kampen om opprykk til 3.divisjon.
VIL-STJERNA
I dag var det Frode Kvam som fekk dela ut stjerner. Han var den spelaren som plukka flest stjerner i fjorårets sesong så han veit alt om kva dette inneber. Fronaldo hadde i kveld tatt turen eins ærend for å følga både oppgjeret Saga vs Veitastrond og ikkje minst kampen i kampen; Værn vs Molland. Følgande spelarar utmerka seg i dag iflg Frode Kvam;
| óóó |
Arne Nes |
| óó |
Emil Heggestad |
| ó |
Øyvind Lien |
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind, Geir (Øivind), Kim Andre, Åsmund (Ole Christian) - Bjørn, Emil, Helge - Arne, Richard, Kurt
1-0 x
2-0 x
3-0 x str.
3-1 Arne (Bjørn)
4-1 x
5-1 x
Gule kort; Kim Andre og Åsmund (the pu**yboys)...so vidt me hugsar ingen på Saga
Dommar; Rune Haugland (dømmer generelt sett ein ok kamp, men bommar litt i enkelte avgjersler og ikkje minst i enkelte kommentarar...)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|