|
Veitastrond - Dale 3-0

Akkurat då det gjaldt som aller mest klarte Veitastrond å løfta seg opp på eit nivå me knapt visste at me hadde inne og tok dei nødvendige 3 poenga. Serieleiar og KM-mestar Dale var sendt heim med 0-3 i sekken og me trur at dei framleis ikkje skjønar kvifor Veitastrond no kjempar ein hard kamp for å unngå nedrykk i motsatt ende av tabellen for dei. Etter at det stod 0-0 til pause så vart gjestene nedkjempa etter kvilen og Veitastrond vann til slutt fullt fortent 3-0. Dermed fekk Dale den tvilsomme æra av å bli det fyrste laget i løpet av dei 6 åra me har hatt seniorlag til å spela 90 minutt på Leikvoll utan å scora mål. Dette var ein fantastisk herleg siger for VIL-fotball og for fyrste gong på lenge er me no på trygg grunn i 4.divisjon - das geschmaken sehr gut!
Veitastrond stilte uendra til start i forhold til det me annonserte på vevsidene våre dagen før.
Det var verkeleg ein fin dag for fotball på Leikvoll Stadion. Ein nydeleg haustkveld på Veitastrond, med ei passeleg mjuk bane som innbydde spelarane til dans og eit engasjert publikum som tydeleg var prega av stundens alvor. I bakgrunn kunne me høyra både kyrne til Konrad som på kyraspråket rauta Veitastrond sangar, og hjortejegarane som avfyrte sin dødelege skot (?)
Det var bortelaget som var best i innleiinga i kampen. Fyrste 10 minutta vann dei det som var av duellar og hadde eit bra trykk på Veitastrond. I denne perioden hadde dei ein stor sjanse som kom etter 2 minutt spel då dei kom åleine igjennom, men avslutninga deira gjekk hårfint utanfor.
Etterkvart meldte Veitastrond seg på i kampen og 1.omgangen vart ein meget jamn affære der det var langt imellom dei store sjansane. Heimelaget måtte venta til det var spelt 23 minutt før dei fekk sin fyrste store sjanse når Bjørn gjorde eit fantastisk forarbeid og spelte Kurt åleine igjennom. Diverre klarde ikkje Kurt å overlista Dale sin meget gode keeper som fekk slått ballen ut til corner.
25 minutt er spelt når Kurt legg inn på bakerste frå sin venstrekant. Ballen havnar hjå Richard som dundrar til på volley, men ballen gjekk like utanfor...synd.
Dale var nær scoring etter 30 minutt då deira høge midtstoppar raga høgast på ein corner, men headinga hass gjekk heldigvis for oss utanfor...
Ny bra sjanse til Veitastrond etter 37 minutt. Frode fekk ballen ute på høgre, dribla bort nokre dalingar før han frå skrått hald avslutta på mål, men nok ein gong ein flott redning av keeper.
Stort meir har me ikkje å melda frå ein 1.omgang som var prega av mykje lange ballar frå dei to keeperane og mange duellar på midtbana. Det var jamt og tett og eit uavgjort resultat var greit nok etter 45 minutt spel.

Publikum på Leikvoll skjønte nok ikkje heilt kva som gjekk føre seg ute på matta då 45 mållause minuttar er sjeldan kost her i gården.
Etter kvilen var det eit aggresivt og sigersinnstilt Veitastrond lag som entra bana. Me har ved nokre høver i år rakna totalt i 2.omgang etter å ha spelt gode 1.omgangar, men dette var ikkje dagen for den slags tullball - i dag skulle det spelast fotball.
Veitastrond tok initiativet med ein gong etter kvilen og etter 52 minutt vart det full jubel på Leikvoll. Emil slo eit frispark inn i boksen der Richard var høgast og heada ballen 2 cm over mål. Samtlege tilskodarar og heile benken til Veitastrond trudde at denne gjekk innanfor stengene og jubla for scoring. Greit nok at det er uvanleg med 50 minutt på Leikvoll utan mål, men me tykkjer kanskje det vert i drøyaste laget å byrja å `lesta` som at sjansar som ikkje går inn er mål...
Likevel skulle det ikkje gå lenge før heimepublikumet faktisk fekk noko å jubla for. Eit par minutt etter sjansen til Richard så pressar Veitastrond framover på nytt. Etter litt klabb og babb rundt Dale sin 16-meter får Kurt avslutta, men keeper får redda skotet hass. Ballen havnar imidlertid på foten til Helge Skjælaaen som på vanleg Helge-vis lobbar ballen arrogant over alle spelarane som er i boksen og inn i tomt bur. 1-0 til Veitastrond og denne gongen er jubelen på Leikvoll av den ekte sorten!
Etter scoringa var Veitastrond påpasseleg på at me ikkje skulle sleppa Dale til med ein gong og dagens solide VIL forsvar spelte kynisk og godt i dei bakre rekker. I staden for at Dale fekk komma inn i kampen igjen så var det Veitastrond som satte inn endå eit ekstra gear og pressa Dale laget bakover.
Kurt fekk sjansen etter 58 minutt når Emil spelte han igjennom, men Dale sin keeper redda på ny. På den påfølgande cornerer er Helge nær å bli 2 målscorar når han luskar på bakerste, men diverre treff han ikkje heilt reint på ballen som går i nettveggen.
Dagens flottaste angrep kom etter 65 minutt. Veitastrond rullar opp på høgrevingen der Frode til slutt fekk ballen og satte fart ned mot linja. Han la 45 grader tilbake til Kurt som frå 13 meter banka til på direkten og ballen gjekk noko heldig i mellom beina på keeper og inn i buret til 2-0! Eit nydeleg VIL-angrep og heilt fantastisk å sjå at denne går inn - YEEEEEEEEEEEEEEEEEZ!!!

Etter 2-0 scoringa roa det seg litt ned for ein periode. Dale prøvde å komma seg inn i kampen, men eit hardtarbeidane Veitastrond lag nekta dei dette og kjempa dei regelrett ut av stilen.
80 minutt; Arne kjem inn for Richard.
82 minutt; Ole Christian kjem inn for Helge.
Dramatikk på Leikvoll etter 84 minutt. Dale er i angrep og inne i boksen sklir Erlend i det han skal avklara, og ballen havnar hjå ein Dale spelar. I eit forsøk på å retta opp sin eigen feil går Erlend i ryggen på motspelaren som går i bakken og dagens dommar Kjell Alme dømmer eit korrekt straffespark. Dermed får Dale ein eventyrleg sjanse til å redusera til 2-1 og gje ny spaning i kampen. Straffen vert slått hardt til høgre for keeper, men som ein panter er Even nydeleg nede og ikkje berre reddar han, men han held og ballen. Vanvittig viktig matchvinnarredning som åleine forlengar karriera til Even med minst eit par sesongar...Me trur og at denne redninga forlenga livet til Johannes Nes med nokre år!
87 minutt; Frank kjem inn for Øyvind og Øivind kjem inn for Geir.
Med 0-2, straffebom og 5 minutt igjen å spela så kan ein vel seia at Dale ga opp håpet om poeng. Dei siste minutta jobba Veitastrond iherdig og Dale spelarane fekk ikkje ro eit sekund. I det 89. minutt ga dette resultat i ny scoring når Frode på ny legg inn frå sin høgrekant. Denne gongen går ballen forbi alle i boksen til Arne som står heilt åleine på bakerste, og frå 5 meter får han ein enkel jobb med å setta inn 3-0.
Heilt på slutten fekk Veitastrond frispark på 20 meter. Veteran og gammal frisparkspesialist Frank Heggestad vifta bort andre aktuelle skyttarar og tok sjølv kommandoen. Diverre gjekk skotet hass i muren og returen frå Emil gjekk ca 10 meter utanfor og 5 meter over. Dersom frisparket til Frank hadde gått i mål trur eg at underteikna hadde gjort i broki av vill begeistring...
Like etterpå blas dommaren av kampen og nøgde og stolte Veitastrond spelarar kunne jubla for 3 særs viktige poeng.
Dette var ein kamp som Veitastrond truleg ikkje kunne tola å tapa og berre 3 poeng var godt nok i dag. Med tanke på at motstandar var Dale som kom til Leikvoll med 16 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap før denne kampen er det intet mindre enn imponerande at me klarar å slå dei så overbevisande som me gjorde i dag. Me vil ikkje sei at me spelte ut Dale i denne kampen, men det er meir rett å seia at me kjempa dei ut av denne kampen. Det har nok knapt vore eit så heiltent Veitastrond lag som har entra bana nokon før og i dag spelte alle med hjarta utapå drakta.
Ingen enkeltspelarar utmerka seg spesielt då alle som ein spelar ein kanonkamp. Me har matchvinnarar i begge endar av bana som er med å bidreg til denne sigeren.
Dette var eit utruleg løft for Veitastrond som no verkeleg har fått trua på ny kontrakt i 4.divisjon. For fyrste gong på lenge er me over nedrykkstreken og etter å ha haldt pusten i fleire månadar var det godt å komma seg opp å trekka inn litt frisk luft...
Viktig no at me nullar ut til neste kamp og ikkje brukar dagens siger som noko kvilepute til neste kamp. Gjer me det så tapar me truleg 1-8 mot Sandane neste helg.
Midt i vår eigen sigersrus nyttar me høvet til å takka Dale for kampen og gratulerar dei med både opprykk og KM-tittel. Dei framstår som verdige vinnarar av årets 4.divisjon og i tillegg til suverene resultat så har dei eit sympatisk lag som det er kjekt å spela mot. Me ynskjer dei lukke til vidare i årets sesong og ikkje minst til livet i 3.divisjon neste år.
VIL-STJERNA
I dag var Det Heidi Iren Nes som delte ut stjernenen. Ho er søster til Veitastrond spelar Richard Nes og kom eins ærend frå Stavanger for å følgja denne kampen og ikkje minst sjå den tøffe broderen i aksjon. Etter nøye vurderingar falt valget hennar på følgande spelarar;
| óóó |
Even Kvam |
| óó |
Geir Aardal |
| ó |
Bjørn Molland |
(bror`n dao du...?)
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind (Frank), Geir (Øivind), Erlend, Kim Andre - Bjørn, Emil, Helge (Ole Christian) - Frode, Richard (Arne), Kurt
Ubenytta reservar; Gaute og Gøran.
1-0 Helge
2-0 Kurt (Frode)
3-0 Arne (Frode)
Gule kort; Ingen på VIL, 1 eller 2 på Dale.
Dommar; Kjell Alme (på slike dagar kan nesten ikkje dommaren bli god nok =)
Sjå fleire bilder frå kampen HER
|