Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sandane - Veitastrond 7-1

Etter sigeren mot Dale forrige helg sat me att med kjensla over at me faktisk kunne handla opp med samtlege lag i denne divisjon, og me hadde eit seriøst håp om poeng i bortekampen mot Sandane. Diverre så viste det seg at me ikkje hadde noko særleg mulighet i dag, og me lyt diverre innrømma at me mot Sandane vart til tider avkledd, utspelt og audmjuka. I løpet av to kampar i årets sesong så framstår sandensarane for oss som divisjonens suverent beste lag og me tykkjer det er synd og skam dersom dette laget ikkje rykker opp til Firdaligaen. Stillinga til pause var 2-0, men VIL reduserte til 2-1 tidleg i omgangen og i 47 sekund var det eit snev av spaning i kampen. Diverre så scora Sandan umidelbart etter vår scoring og særleg betre vart det ikkje når spelande trenar Emil Heggestad vart utvist av dagens dommar....

Ifrå laget som vart annosert før kampen så meldte Gaute avbud og dermed hadde me 4 mann på benken...

Det var ei god innleiing til denne kampen der Veitastrond gjorde seg klare til kamp i to småe utdelte garderobar. Garderobeanlegget låg eit par minuttar busstur ifrå det nydelege kunstgraset til Sandane. Me i Veitastrond tykkjer sjølvsagt at dei beste garderobeanlegga ligg eit stykkje unna kamparenaen...tilfeldigvis likt vårt eige anlegg...

Sandane tok kommandoen i denne kampen frå fyrste sekund og dei kunne tatt leiinga allereie etter 1 minutt, men VIL-forsvaret saman med ein solid Gøran Fimreite i VIL-buret fekk rydda opp.

3 minutt; Kurt med fyrste avslutning for VIL, men diverre 4,5 meter over og utanfor.

Heimelaget med kjempesjane etter 5 minutt frå corner, men Øyvind står på stolpen der han skal og reddar på streken.

2 minutt etter så er Sandane farleg frampå igjen, men ein herleg dobbelredning av Gøran får gitt til corner.

Sandane held fram sitt massive trykk og etter 11 minutt får dei ein ny kjempesjanse. Eit innlegg frå høgre vert heada av vår eigen Erlend mot eige mål, men Gøran i buret får ein finger på ballen så den går i tverren. Ein kjempesjanse med stor K (eller stor S...alt ettersom)

16 minutt; Veitastrond får ein kjempesjanse når Frode dreg med seg ballen frå høgre og inn mot midten og avsluttar mot mål, men diverre går ballen i stolpen og ut. Kanonsjanse for VIL av den typen som på ein sådan dag burde ha gått i mål om Veitastrond skulle hatt noko sjanse.

Etter at Veitastrond yppa seg frampå litt så svarte Sandane kontant etter 21 minutt. Ruben Wie fekk ballen på 14 meter, vendte bort sin forsvarar og knalla ballen kontant i motsatt hjørne og dermed 1-0 til Sandane.

Spesiell situasjon etter ca halvtimen spelt. I ein duell etter at Veitastrond er i angrep så får ein Sandane spelar vondt i foten. Dagens dommar ber spelaren om å forlata bana sjølv om han ikkje treng noko medisnisk hjelp. Dermed må Sandane forsvara seg med 10 mann, og ein kan verkeleg lura på om dommaren i det heile kan reglane i dette spelet....

Etter at Sandane scora 1-0 så roa kampen seg ned litt og ingen av laga skapte dei heilt store sjansane. Veitastrond gjorde eit ærleg forsøk på å vera med i kampen, men mykje takka vera ein solid Ingmar Sægrov i Sandane sitt forsvar så hindra dei Kurt Heggestad og Veitastrond i å tre igjennom deira solide forsvar...

41 minutt når VIL er i angrep med alle mann, og Sandane slår kontra. Mads Wie får ballen på venstrekant og spring i frå det som er av blåtrøyer og bankar ballen i mål til 2-0. Flott prestasjon av unge Wie...

Minuttet etter får Emil gult kort etter ein duell med nevte Sægrov på midten. Særdeles billeg etter ein fair-spelandekamp...

Dommaren bles etterkvart av til pause på stillinga 2-0. Veitastrond er best når dei tør å spela ball, men eit aggresivt Sandane lag hindrar oss diverre i dette litt for ofte, og det er fullt fortent at dei leiar 2-0 til pause. Viktig at me her går ut til 2.omgang med senka skuldrar og ikkje trur at motstandaren er uovervinnelege.

2.omgang startar meget positivt for Veitastrond. Etter 50 minutt får me frispark på hjørne av 16-meteren, som Emil slår hardt mot mål. Ballen vert redda heilt på streken av heimelaget, men dommaren dømmer mål og dermed 2-1. Me lyt vel seia at det er ytterst tvilsamt om denne i det heile er innanfor stengene. Me såg ikkje at linjedommaren vinka for mål, men kva gjer vel det når hovuddommaren hadde full kontroll frå sin posisjon frå 16-meter. 2-1 på Sandane og kampen lever...

...i ca 45 sekund. Sandane sin midtbanespelar Erlend Hammer Laurhammer gjer som han vil og spaserar igjennom VIL sitt forsvar og scorar til 3-1. Eit utuleg slag i trynet , og Sandane kunne like godt tredd ein kniv inn i magen til samtlege VIL-spelarar...

Etter 3-1 var det diverre berre eit lag på bana i Sandane. Etter eit massivt press scora fyrst Ruben Wie 4-1 etter 58 minutt før broder Mads satte inn 5-1 4 minutt etterpå.

Kontroversiell situasjon etter 66 minutt. Nok ein duell på midten endar med frispark til Sandane og nok ein gong dreg dommaren opp det gule kortet til Emil Heggestad som dermed ver utvist. I frå vårt ståsted er det 100% unødvendig av dagens inkompentete dommar å gje raudt kort i ein kamp som dette. Diverre så viser mannen i svart drakt (eller for dagen raudt om du vil) total mangel på spelarforståelse, og begge lag lyt i løpet av 90 minutt riva seg i håret av forargelse over hass dømming...(for dei som har hår på hovudet riktignok...)

Etter utvisning på stillinga 5-1 så kan ein vel seia at Veitastrong overgir seg, og det meste handlar om å unngå fleire baklengs.

Dette klarar me ikkje og Sandane får fyrst 6-1 etter 70 minutt før Ruben Wie avsluttar scoringsballet med 7-1 etter 80 minutt. 6-1 kjem etter ein taktisk blunder av Veitastrond der me gjer eit dobbelbyte, men me klarar her å byta ut to spelarar og berra setta innpå ein. Me manglar i denne situasjonen ein høgreback, og dette utnyttar Sandane til det fulle som igjennom vår opne høgrebackposisjon scorar nok eit mål....meget uproft utført av Veitastrond Fotball.

På slutten får Kurt gult kort på VIL og ein på Sandane lid samme skjebne. Veitastrond gjer og ein del byter mot slutten så flest mogleg får fortent speletid.

Etterkvart bles dommaren av kampen og det endar til slutt fullt fortent 7-1 til Sandane.

I dag er det ingen unnskyldning og me tapar rett og slett for eit betre lag. Over to kampar har Sandane framstått for oss som det klart beste laget i 4.divisjon og me tykkjer dei fortenar å rykka opp. Dei spelar til tider ball i hatt med oss, og me blir springande for mykje i mellom.

Dersom me skulle hatt noko sjanse i dag måtte me ha satt dei fåe sjanse me hadde, og klart å forsvara oss på ein umenneskelg måte. Dette gjorde me diverre ikkje, og då tapar me mot Sandane. Heimelaget verkar utruleg komplette, dei pressar og stressar oss i alle ledd og gjer det vanskelege for oss å få til vårt eige spel. Dei klarar og å setta vårt farlegaste våpen Kurt Heggestad ut av kampen, og det er ingenting å seia på at dei til slutt vinn 7-1. På topp har dei eit spisspar som held eit heilt anna nivå enn resten av divisjon, og me håpar at Mads Wie snart finn seg eit høgare nivå å spela sin fotball på - det fortener han (berre spør Øivind "Bolt" Kristiansen som etter rapportane framleis står i pølsekø etter å ha blitt så til dei grader rundtlurt av unge her Wie mot slutten av kampen  ;)

Veitastrond ligg framleis på 10.plass, men me har no ein kamp meir spelt enn Førde 2 og målskilnaden er ikkje lenger så bra. Me kryssar fingrane for at Skavøypoll tek sigeren mot førdianarane på søndag.

Me kan ikkje unngå å kommentera dagens dommartrio som etter vår meining viser ein totalt mangel på spelarforståelse. Det vert berre morosamt for begge laga etterkvart, men diverre må me lida når vår spelande trenar pådreg seg eit ufortent raudt kort.

Me takkar sjølvsagt Sandane for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i årets sesong. Ikkje berre er dei gode på bana, men dei framstår og som ein flott gjeng som verkeleg er verdige til å klara opprykk. Me både håpar og trur at dei kjem til å spela i Firdaligaen neste år...

VIL-STJERNA

Oppdama Hildegunn Heggestad fekk i dag det vanskelege oppdraget med å dela ut VIL-stjerner. Kanskje ingen som utmerka seg for VIL i dag, men Hildegunn falt til slutt for følgande; 

óóó Kim Andre Navarsete
óó Erlend Sando
ó

Åsmund Øgar

 

Kampfakta;

VIL; Gøran - Øyvind (Kenneth), Erlend (Øivind), Geir, Kim Andre - Bjørn, Emil, Åsmund (Arne) - Frode (Øystein), Richard, Kurt.

1-0 x

2-0 x

2-1 Emil

3-1 x

4-1 x

5-1 x

6-1 x

7-1 x

Gule kort; Kurt på VIL, 1-2 på Sandane

Raude kort; Emil på VIL (2 gule kort)

Dommar; Jeikishan Jegatheesan med linjedommarar (me trudde at tivoliet var sentralisert til Skei i Jølster, men det var altså utvida til Sandana òg...)

 

Diverre ingen bilder frå dagens kamp...

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com