|
Veitastrond - Skavøypoll 4-3

Det vart eit nervedrama av dei sjeldne då Veitastrond i dag drog i land 3 særs viktige poeng mot Skavøypoll. Alt etter 32 minutt var stillinga 4-3 til VIL og mange såg føre seg eit skikkeleg målkalas, men siste timen klarde ingen av dei to laga å scora slik at stillinga til slutt vart 4-3. For Veitastrond scora Kim Andre, Kurt x2 og Helge. Skavøypoll var med på notane igjennom heile kampen til tross for at dei etter rapportane hadde mange spelarar ute. På slutten fekk Polljen ein mann utvist, og måtte då spela resten av kampen med 10 mann.
Ingen endringar på hverken fyrsteellevar eller benk ifrå det me annonserte i Før Kampen...
Kampen opna i eit forrykande tempo og det var berre spelt i 1:07 når Kim Andre sendte VIL i føringa. Ein corner vert slått ut igjen på kanten til Kurt som slår hardt lågt inn i feltet og etter litt klabb og babb endar den hjå Kimmy som kaldt og roleg plasserar ballen i hjørne og dermed 1-0 til VIL. I følge Kenneth fekk han ein fot på ballen som neste siste mann og han tegnar seg difor på med ein assist.
Like etterpå kjem Kenneth på eit djupt løp frå sin midtstopparposisjon. Han avsluttar med å hælsparka ballen igjennom til Kurt som skyt frå 16 meter, men diverre i nettveggen.
4 minutt er spelt når Skavøypoll utliknar. Eit utspelt frå deira keeper blir stussa av Åsmund og ballen går forbi alle til Polljen sin gode høgreving som ikkje gjer noko feil åleine med keeper og dermed 1-1.
8 minutt når Kurt og Helge kombinerar glimrande ute på venstrekanten. Veggspelet endar med at Kurt dreg med seg ballen inn i 16-meteren og avsluttar iskaldt i lengste hjørne og dermed ny VIL-leiing til 2-1.
2 minutt etter kjem Kurt nok ein gong på venstrekanten. Han legg nydeleg inn til Richard som får hovudet på ballen, men diverre går headinga nokre cm utanfor.
Det gjekk verkeleg unna i denne perioden og 14 minutt er spelt når det er Skavøypoll som er på farten. VIL-forsvaret stoppar opp og skrik på offside, men dette vert ikkje blese. Ballen går nok ein gong til høgrevingen til Polljen som rundar Even i VIL-buret og set inn ny utlikning til 2-2.
Ikkje denne gongen heller fekk Polljen-Adam vera særleg lenge i paradis. Uret viser 18 minutt når Kim Andre spelar framover langs sida frå sin venstreback-posisjon opp til Kurt. Han dreg med seg ballen omtrent på identisk vis som på si forrige scoring og ballen sit nok ein gong klistra i hjørne. Dermed 3-2 til VIL...puuuhh!
Veitastrond fekk denne gongen roa seg ned litt og Skavøypoll klarde ikkje å svara som dei gjorde på dei 2 føregåande måla. I staden så klarar VIL å etablera eit press på motstandaren og dette resulterer i 2 målsleiing etter 23 minutt. Flott forarbeid frå Øyvind som kjem seg opp langs høgrekanten og legg flatt inn til Helge som frå 12 meter styrer ballen elegant i nærmaste hjørne og dermed 4-2.

Dagens prestasjon i Sognahallen etter 28 minutt. Skavøypoll er i angrep og ei avslutning frå 10 meter ser ut som den skal gå kontant i mål, men ein fantastisk reaksjonsredning frå Even hindrar dette som får slått ut til corner. Ei fabelaktig redning...
Skavøypoll tok over banespelet i denne perioden og hadde fyrst ein fin sjanse etter 31 minutt då dei avslutta i nettveggen, før dei fekk ei ny scoring minuttet etterpå. Dei legg inn frå høgre og det ser ut som at Even og Øyvind har kontroll på ballen, men bakifrå kjem ein motspelar som snik seg i mellom og nikkar inn til redusering 4-3.
Etter ein forrykande fyrste halvtime så roa spelet seg ned det siste kvarteret. VIL var nærmast scoring mot slutten av 1.omgang etter ein sjanse frå corner i det 41.minuttet.
Ein underhaldane 1.omgang ebba etterkvart ut på stillinga 4-3 til Veitastrond. Lyt seia at dette var ein noko rotete omgang av VIL der me ikkje heng med defansivt. Midtbana vert springande for mykje i mellom og forsvaret får lida for dette. Me bestemmer oss derfor til å spela 4-5-1 når motstandaren har ballen slik at me skal få meir kontroll defansivt. Eit trekk som me i ettertid kan seia at fungerte meget bra...
Veitastrond starta 2.omgang best og etter 47 minutt fekk Richard alle sjansar si mor til å scora. Kurt la flatt inn frå venstre til Richard, men frå 4 meter klarde han ikkje overlista keeper som redda meisterleg...
53 minutt; Åsmund får gult kort. Like etterpå hoppar samme mann inn i ei takling, men til all lukke traff han ikkje på denne då dette truleg ville gitt han det raude.
62 minutt; Helge får gult kort.
Dei heilt store sjansane uteblei i store deler av 2.omgangen. Begge dei to laga kjempa hardt i ein kamp som stod å vippa heilt til dommaren blas av kampen...
70 minutt; Ole Christian kjem inn for Richard.
VIL med corner etter 80 minutt. Etter litt klabb og babb går ballen ut igjen til Ole Christian som legg inn på nytt og denne gongen treff den pannebrasken til Arne som headar i mål, men diverre dømmer dommaren for offside.
Veitastrond hadde og eit par andre gode sjansar det siste kvarteret. På eit nydeleg raid frå midtbana avslutta Kurt knallhardt frå 16-meteren, men keeper fekk slått til corner. Den påfølgande corneren vart slått kort frå Kurt til Bjørn som drog med seg ballen innover, men avslutninga gjekk ein halv meter utanfor krysset. I tillegg hadde Åsmund ei avslutning frå 16-meter som i allefall underteikna såg i mål, men den gjekk diverre nokre cm utanfor.

Dramatikk etter 83 minutt. Ein Skavøypoll spelar får sitt andre gule kort grunna munnbruk og han får dermed marsjordre. I sluttminutta må i tillegg dagens dommar Karl Inge Wolff ta turen til både Polljen- og VIL-benken for å roa ned entusastiske trenarar og spelarar.
Skavøypoll var så absolutt med på notane i 2.omgang og hadde og sine sjansar. Deira desidert største kom etter 85 minutt. Ei avslutning inne i boksen vert nok ein gong redda meisterleg av Even som i tillegg til å redda òg får slått ballen bort frå farleg område (dette var etter rapportane noko han hadde lært av Neville Southall) Etter litt klabb og babb fekk til slut VIL-forsvaret avklart situasjonen.
I sluttminutta fekk Veitastrond ein gigantsjanse til å avgjera kampen ein gong for alle. Åsmund kom åleine med keeper og han hadde valget mellom å avslutta sjølv og sentra til Bjørn. Åsmund valgte å prøva seg sjølv, men diverre fekk keeper redda og slått til corner. Dersom forsøket til Richard tidleg i 2.omg var alle sjanser si mor så må dette truleg ha vore ei tante...
Etter ein 2.omgang der nervene stod i høgspenn så blas etterkvart dommaren av kampen og Veitastrond kunne jubla for 4-3 siger og 3 utruleg viktige poeng.
1.omgangen var prega av mykje bra angrepsspel, men diverre dårleg defansiv struktur. Etter pause fekk me retta på dette og me framstod mykje meir solide og kompakte bakover på bana. Framover skapte me ikkje så mykje som i 1.omgang, men me hadde likevel nok av store sjansar til å avgjera dette.
Etterkvart vart det ein skikkeleg slite siger me drog i land mot eit ungt og entusiastisk Polljen lag. Det gjenstår no altså ein kamp av årets sesong og me ligg framleis over streken med samme poengsum som Førde 2. Me er truleg avhengig av ein ny siger i siste kamp og det er ikkje sikkert det er nok å vinna med berre 1 mål...
Me takkar både dommar og Skavøypoll for ein flott gjennomført kamp, og me vonar at me spelar i samme divisjon som Poljen til neste år òg...
VIL-STJERNA
I dag var det Morten Røstadbotten som fekk æra av å dela ut VIL-stjerner. Han er ein sann Veitastrond venn og har nyleg kjøpt seg hytte på Strondi og er stort sett å finna på alle VIL sine kampar. Han meinte at følgande utmerka seg på VIL i dag;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Even Kvam |
| ó |
Helge Skjælaaen |
Hepp hepp til dykk...
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind, Geir, Kenneth, Kim Andre - Bjørn, Åsmund, Helge - Arne, Richard (Ole Christian), Kurt
Ubenytta reservar; Frank, Gaute, Øivind, Gøran og Øystein.
1-0 Kim Andre (Kenneth)
1-1 x
2-1 Kurt (Helge)
2-2 x
3-2 Kurt (Kim Andre)
4-2 Helge (Øyvind)
4-3 x
Gule kort; Åsmund og Helge på VIL, 1 eller 2 på Skavøypoll.
Raudt kort; 1 på Skavøypoll.
Dommar; Karl Inge Wolff (god)
Diverre ingen bilder frå dagens kamp.
|