Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Askvoll/Holmedal - Veitastrond 3-4

Med kniven på strupen framfor årets siste seriekamp så holdt Veitastrond Fotball hovudet kaldt og avgjorde kampen om å unngå nedrykk på eiga hand. Etter ein dårleg start der VIL tidleg kom under med 0-2 så kom me etterkvart sterkt tilbake og det var fullt fortent at me til slutt vann kampen 4-3. Samstundes med denne kampen så braka Lærdal og Førde 2 i saman, og her var me avhengige av at lærdølene fekk eit bra resultat og dette gjekk òg vår veg då dei vann denne med 3-2. Dermed kunne Veitastrond omsider pusta letta ut etter ein lang og tøff sesong og me kan no ta oss ein lang og velfortent ferie med vissheta om at det òg til neste år vil bli spelt 4.divisjonsfotball på Leikvoll.

Årets viktigaste fotballkamp fekk ein trøblete start då ein ifrå før av meget redusert tropp vart endå mindre når Geir, Ole Christian og Morten måtte kasta inn handkledet allereie før avreise. Ifrå det laget me hadde satt opp så gjekk Richard inn sentralt på midten for Ole C, medan Geir vart erstatta av Øivind som då fekk sjansen til å spela mot sine eigne på Aksvoll/Holmedal.

Etter det som var ein overraskande lang tur på tidvis smale og kronglete vegar så fann me etterkvart fram til den nye kunstgrasbana til Askvoll/Holmedal, som skulle visa seg å vera eit av dei beste underlaga me nokon gong har satt våre føter på. Med Vassendgutane og Ungkar og Dobbeltseng rungande på full hyling frå høgtalaranlegget så kunne vel ikkje Veitastrond fått ein betre oppladning (?)

For fyrste gong i år så var det den gamle kjenningen Torstein Kvam som blas i gang kampen og eit aggresivt Veitastrondlag var ivrige på å komma best i gang...

...men det skulle så absolutt ikkje komma til å skje. Etter nokre jamne opningsminutt der me fekk kampens fyrste sjanse når Frode skaut nokre tommar over målet då han møtte innlegget til Kurt på fyrstestolpe, så rota me det etterkvart til for oss sjølve. Emil som i dag starta som midtstoppar hadde vel ingen kanonmatch på sin nye posisjon, og etter 10 min spel så er det nettopp sjefen sjøl som skapar trøbbel for VIL. Fyrst så er han uheldig med ei avklaring så A/H får att ballen og frå ca 20 meter fyrer dei av eit skot som har retning utanfor, men inn på bakerste dukkar Emil opp og får ein fot på ballen så han pirkar den inn i eige mål. Ikkje akkurat den starten me hadde håpa på.

Verre skulle det bli 7 min seinare. Nok ein gong så får ikkje VIL-forsvaret avklart og A/H får ballen ute til høgre, legg inn og inne i boksen står ein grønkledd heilt åleine og trillar ballen enkelt i mål.

I det me hadde spelt i 20 minutt så låg altså VIL under 0-2 og samstundes leia Førde 2 1-0 borte mot Lærdal, og ting såg no rimeleg håplaust ut.

Det var opnebart at Veitastrond trengde ein rakett i røvi, eller eventuelt litt magi for å komma attende i dette dramaet. Heldigvis har me ein trollmann på laget og når han avfyrte ein rakett (ikkje i røvi riktignok...) etter 27 minuttar så kom me oss til hektene igjen. Frode la inn frå høgre til Arne som på 16-meter flikka ballen tilbake til Kurt som regelrett meia ballen vakkert i krysset og dermed viktig redusering til 2-1 - ei kjempescoring!

Like etterpå vart Frode spelt igjennom åleine med keeper, men diverre så gjekk avslutninga hass utanfor frå litt skrått hald.

Det vart balanse i rekneskapen etter 42 minutt og nok ein gong var det ein mykje omtala geitebonde i ein av dei sentrale rollane. Denne gongen må han nok dela ein del av æra med Frode som skaut ein nydeleg pasning frå sin høgrekant til Kurt som på ca 16-meter dempa ballen på brystet, moste ein A/H-spelar i skulder mot skulder (her snakkar me Addeccoligaen vs 4.divisjon) og plasserte ballen utagbart i motsatt hjørne og dermed 2-2.

2-2 holdt seg ut omgangen og laga kunne gå til pause med uavgjortresultat. Greit nok utifrå banespelet der heimelaget var best i starten, men når me etterkvart fekk rista av oss den dårlege starten så tok me meir og meir over. I pausa så måtte Øivind gje seg grunna skade, og Frank kom då innpå. Me gjorde og ein del taktiske endringar der Emil bytta plass med Richard, Frank gjekk ut på høgrebak og Øyvind inn som midtstoppar. Dvs flunkande nytt stopparpar i Richard og Øyvind...

I pausen fekk me nye rapportar frå Lærdal der Førde 2 no låg under 2-1 og dermed hadde alt snudd seg og me var no adskillig nærmare neste års 4.divisjon.

Der dei fyrste 45 minutta var tidvis jamnspelte så skulle Veitastrond visa seg å vera det klart beste laget etter kvilen. Med Emil opp på sentral midtbane fekk me ein dirigent som styrte spelet og me vart mykje farlegare framover, samstundes som A/H hadde svært lite å stilla opp med offansivt.

Etter å ha skapt ein del farleghetar så løysna det etter 58 minutt. Ein av mange VIL-cornerar vart slått frå venstre og kven andre enn spelande trenar Emil går høgast og nikkar ballen i mål via stolpen. Dermed hadde Veitastrond snudd kampen frå 2-0 til 2-3 og Emil fekk si revansje etter sjølvmålet i 1.omgang.

Frå og med dette målet tør me påstå at me hadde fullstendig kontroll på kampen. Den endelege kistespikaren vart slått inn etter 65 minutt når Veitastrond bryt eit A/H angrep og går sjølv rett i angrep. Bjørn drog med seg ballen frå midtbana og spelte nydeleg igjennom til Frode som gjorde alt riktig åleine med keeper og dermed 2-4 leiing til Veitastrond, og lukta av neste års 4.divisjon var no uhyggeleg nær.

Inne i Lærdal så utlikna fyrst Førde 2 til 2-2, men VIL-spelarane skjønte at Lærdal hadde scora då Øystein jubla på sidelinja utan at noko spesielt skjedde i vår eigen kamp...

Veitastrond hadde fleire sjansar til å auke leiinga og blant anna hadde Emil ein susar frå 20 meter som keeper fekk slått til corner.

Dagens dommar Torstein Kvam kom godt ifrå oppgåvene sine, men me lyt stilla spørsmålstegn til om linjemannen me hadde offansivt i 2.omgang faktisk veit kva ein offside er. Her var det snakk om vinking i hytt og gevær...

I det Veitastrond såg ut til å kontrollera seg til ein 4-2 siger så fekk me eit mål i mot på overtid. A/H sin spiss fekk ballen frå skrått hald åleine med Even. Vår sisteskanse såg ut til å få avklara, men frå nesten dødvinkel så satta spissen deira ballen i mål på returen og dermed redusering til 3-4.

A/H prøvde eit noko halvhjerta forsøk på å trykka oss i sluttminutta, men me var aldri særleg truga og kampen ebba ut med 4-3 siger til Veitastrond. Samstundes fekk me melding om at Lærdal hadde slått Førde 2 3-2 og dermed kunne me jubla både for 3 poeng og ikkje minst fornya kontrakt i 4.divisjon. 

Bortsett frå dei fyrste 25 minutta var dette ein meget god kamp av Veitastrond der me kampen sett under eitt viser oss som eit betre lag enn Askvoll/Holmedal. Me viser og styrke ved å komma attende frå 0-2 og snu kampen til vår fordel. Dei taktiske endringane som vart gjort i pausen viste seg å vera meget gode og dersom Richard og Emil hadde bytta plass frå starten av så trur me at kampen kunne vorte avgjort på eit mykje tidlegare tidspunkt, men dette vert sjølvsagt berre spekulasjonar.

Veitastrond har i år hatt kniven på stupen mange gonger og nesten kvar gong det har gjaldt som mest så har me klart oppgåvene våre. Best når det gjelder heiter det, og ei ubeskriveleg kjensle å reisa frå Askvoll med 3 poeng og fornya kontrakt i 4.divisjon.

Som så mange gonger før i år så vart Kurt Heggestad tunga på vektskåla og han viste seg som vanleg å vera fleire nivå over dei andre på bana. I denne kampen hadde han og med seg Frode på motsatt flanke som var ein konstant trussel og midtbana fungerte og meget bra, spesielt i 2.omgang når Emil kom opp og styrte.

Sjølv om mykje stod på spel så vart det ein fintspelande kamp i Askvoll der me unngjekk stygge duellar. Me takkar Askvoll/Holmedal for kampen og ser fram til å møta dei til neste sesong òg...fritt for å spela bortekampen mot dei på ein fredag eller laurdag då...

Årets kampreferent takkar med dette for årets sesong...!

VIL-STJERNA

Dårleg med tilreisande fans i Askvoll så jobben med å dela ut stjerner gjekk til Øystein Heggestad. Han valgte følgande;

óóó Kurt Heggestad
óó Helge Skjælaaen
ó

Øyvind Lien

Gratulerar med årets siste stjerner...

 

Kampfakta;

VIL; Even - Øyvind, Emil, Øivind (Frank), Åsmund - Bjørn, Richard, Helge - Frode, Arne, Kurt.

Ubenytta reservar; Gaute og Øystein

1-0 sjølvmål

2-0 x

2-1 Kurt (Arne)

2-2 Kurt (Frode)

2-3 Emil (Kurt)

2-4 Frode (Bjørn)

3-4 x

Gule kort; Litt usikker, men meinar det var 1 til Askvoll/Holmedal og ingen til VIL...

Dommar; Torstein Kvam m/linjemenn (god)

 

Sjå fleire bilder frå kampen HER

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com