Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Sogndal 2 - Veitastrond 7-0

Veitastrond tapte ikkje overraskande mot SIL2 i årets fyrste treningskamp. Sogndølene vann til slutt kampen med 7-0, og vann kampen relativt fortjent sett utifrå spel og sjansar. Dei unge spelarane på Sogndal framsto som litt bedre i alt og då vinn ein gjerne fotballkampar. Likevel er det ingen grunn for Veitastrond å grava seg ned etter dette tapet, då me på ingen måte vart rundspelt og tapet kunne fort ha vore mindre. Me tek dette som eit ledd i treninga og er glade for å no vera i gang.

Veitastrond stilte uendra frå start i frå det me annonserte i går.

I frå fyrste spark på ballen så viste Sogndal 2 korleis dei ville ha kampen. Kvar gong deira keeperen hadde ballen satsa dei på å spela seg ut igjennom forsvaret, og dette gjorde at Veitastrond måtte legga seg lågare så me ikkje vart springande i mellom og springa oss tomme. Det vart med andre ord lite utspark og midtbaneduellar i dagens kamp.

Etter ein jevn opning av kampen så scora SIL2 sitt fyrste mål etter ca 10 min. Fint spel enda med innlegg frå kanten og inne i midten venta spissen deira som fekk til ein lite stilfull brasseliknande avslutning som enda med ein sleiv som diverre for oss sneik oss inn. Flott spel av SIL2, men ein noko heldig avslutning.

Mål nummer 2 kom midtveges i 2.omgang, og denne må nok vår ellers så solide midtstoppar Øivind Kristiansen ta på si kappe. Ein tversoverpasning i farleg sone vart snappa opp av motstandaren, som fekk ei enkel jobb med å setta inn 2-0.

3-0 kom rett før pause. Ein sogndøl kom seg ned til dølinja, og fekk lagt 45 tilbake der ballen vart banka i mål. Denne var vår keeper Even Kvam særs nær å redda, men diverre for han og VIL så gjekk ballen inn.

Bortsett frå dei 3 måla hadde ikkje akkurat SIL2 lassevis med sjansar, og me tykkjer vel kanskje at ein del av måla deira er noko lettkjøpte.

Veitastrond på si side hadde og sine sjansar i 1.omgang, men var ikkje like dyktige framfor kassen som SIL2. Emil Heggestad var nærmast for oss då han to gonger kom igjennom frå skrått hold, men uheldigvis gjekk ingen av avslutningane hass i nota.

Me såg ingen grunn til å henga for mykje med hovudet etter 1.omgang, og fann mykje positivt å ta tak i. Me gjorde 2 skifter ved at Kenneth Mo gjekk inn på backen for Øyvind Lien medan Vidar Vadseth kom inn for Øivind Kristiansen. Vidar gjekk då opp på spiss og Richard Nes gjekk ned som midtstoggar.

2.omgang var nett kommen i gang då SIL2 scora sitt fyrste mål etter ein corner. Kommunikasjonssvikt mellom forsvar og keeper gjorde at SIL2 fekk eit noko undøvendigt mål og dermed 4-0.

5-0 kom etter at SIL2 kom seg ned på dølinja, faktisk så var ballen heilt over linja, men dette har diverre ikkje dommaren sjanse til å sjå. Avslutning gjekk i tverren og på returen sto ein SIL2 spelar heilt åleine og satte ballen inn i tomt bur frå 5 meter.

Mål nummer 6 hugsar me ikkje heilt korleis kom, medan 7-0 målet kom mot slutten etter at ein SIL2 spelar tok med seg ballen med dagens klaraste hands. Heile VIL forsvaret stoppa då opp, men diverre var dommaren den einaste på bana som ikkje såg denne handsen og handsaren fekk ein enkel jobb med å runda keeper og fastsetta resultatet i denne kampen til 7-0.

Veitastrond kom ikkje til så mange avslutningar i denne omgangen, men nokon forsøk hadde me. Bjørn Molland var nærmast då han avslutta eit innlegg på bakerste, men skotet hass vart redda av keeper. Ellers hadde me ein del skotforsøk frå 16-20 meter, men desse med noko vekslande hell. Ellers kom me oss ofte fri på kanten og kom til mange innlegg, men det mangla trøkk inne i boksen. Veitastrond fekk nokre skadar og gjorde fleire byter ut over i omgangen, og dette prega og vårt spel i stor grad.

Alt i alt vinn Songdal 2 kampen vel fortjent og 7-0 gjer vel greit bilde på skilnaden mellom desse to laga. Det skin igjennom at unggutane på SIL2 er adskilligt betre trena enn våre gutar, og dette vinn dei kampen på. Likevel heng me til tider bra med, og ut frå sjansar hadde me fortent å fått med oss ein scoring eller to. Uansett var dette ei finfin treningsøkt, og me gler oss allereie til neste kamp.

Kampfakta;

VIL; Even - Øyvind (Kenneth), Øivind (Vidar), Geir (Jan Erik), Frank (Gøran) - Bjørn, Morten (Øystein), Helge, Kurt - Emil, Richard

Ubenytta reservar; Jon Arne

7-0 (har ikkje oversikt over tidspunkt og målscorarar)

Ingen kort

Dommar; Thor Kristian Sortevik (ok)

Diverre ingen bilder frå dagens kamp - gløymde kamera...

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com