|
Kaupanger - Veitastrond 4-0

Kaupanger viste seg som eit bedre lag enn Veitastrond i kveldens treningskamp, og vann til slutt 4-0 på kunstgraset ute på Skogen. Likevel er VIL godt nøgde med eigen innsats og målet om å sikra den defansive biten i spelet fungerte godt. Heimelaget scora ikkje før det var spelt 60 min, og dei siste 30 minutta tok dei VIL på kondisen og putta eit par til på slutten. Med tanke på treningsgrunnlag og nivåskilnaden desse to laga i mellom var 4-0 som foventa, og alt i alt sit me att med ei god kjensle etter denne kampen.
Morten Hagen tok seg ein litt lengre middagslur og forsov seg til dagens kamp. Dette gjorde at Vidar kom inn som spiss, Arne ned på høgrekant og Emil ned på defansiv midtbane.
Veitastrond gjekk defansivt ut og låg tett og kompakt bakover. Kaupanger hadde ballen klart mest i 1.omgang, men sleit stort med å komma til dei heilt store sjansane. Dei fekk ein del cornerar, men klarde heller ikkje her å putta. Nærmaste dei kom før pause var faktisk eit skot frå ca 18 meter som gjekk ein liten meter utanfor buret.
I staden var det faktisk Veitastrond som hadde den største sjansen i 1.omgang. Bjørn og Vidar kombinerte fint og til slutt kom Bjørn åleine med keeper, men Kaupanger sin målmann Rune Loven redda forsøket meisterleg. Bortsett frå dette skapte ikkje Veitastrond alt for mykje, og me klarde ikkje å skapa noko særleg trykk i angrepsspelet vårt. Lyt ta med at Vidar gjorde ein solid jobb som einsleg spiss, og var meget god med ryggen mot mål. Heilt tydeleg at dei 30 kg som er borte frå forrige sesong ikkje var særleg nødvendige å drassa rundt på...
Bortsett frå dette er det ikkje så mykje meir å melda frå 1.omgang. Kaupanger var heilt klart det beste laget, men sleit med å skapa noko særleg med sjansar mot eit godt defansivt VIL-lag.
Etter pause opna kampen seg litt meir opp. Spelarane vart etterkvar slitne og det vart meir rom i begge endar av bana. Fyrste kvarteret var jamnspelt, der Bjarte Vatlestad som kom inn for pause for Kaupanger var eit friskt pust for deira del. Veitastrond prøvde seg og litt framover og var nær når Richard blas eit skot frå 18 meter over mål.
I 60 minutt haldt Veitastrond stand bakover før dagens fyrste baklengs kom. Kaupanger sin Ole Einar Rebni fekk alt for lette arbeidsforhold då han fekk komma seg fri og lada kanona frå 18 meter, og ballen gjekk utagbart i nærmaste hjørne for Gøran. Dermed 1-0 til kaupsingane.
Like etter kom Øivind og ein no vaken Morten inn for Geir og Vidar.
Siste halvtimen vart tung for Veitastrond og me kjendte no at Kaupanger kanskje hadde trena vel så mykje som oss i vinter.
2-0 kom etter 70 minutt når Vatlestad pirka ballen i mål når han vart spelt igjennom. 3-0 hugsar me ikkje heilt korleis kom medan 4-0 vart satt inn heilt på slutten etter at ein retur frå ein corner vart satt inn via stolpen.
Veitastrond fekk og litt meir rom framover på bana etterkvart, men klarde ikkje å utnytta overgangane sine godt nok. Likevel var me nær scoring når Helge spelte Emil igjennom mot slutten, men frå litt skrått hald satte han ballen like til side for mål.
Alt i alt ein fullt fortent siger til Kaupanger, og 4-0 er eit greit bilde på skilnaden mellom laga. Likevel er det meget positivt at me klarar å halda tett så lenge, og me føler at me langt på veg lukkast med det som var målet vart denne kampen - nemleg å tetta igjen bakover. Så får det heller vera at me raknar litt på slutten, men med tanke på at me knapt har hatt ei skikkeleg trening sidan forrige treningskamp så er ikkje dette så rart.
Framover på bana har me heilt klart mykje å gå på enda, og me lyt jobba med å skapa meir trykk i angrepsspelet vårt. Det er ein realitet at me no står med 180 minutt med fotball i 2009 utan å ha scora - held det fram slik vil det ikkje bli scora nokon mål i heile år.
Det var i dag god innsats over heile fjøla, men skal me trekka fram nokon spesielle vågar me å nevna Geir og Kenneth i midtforsvaret som begge var meget solide. Når me no får alle mann tilbake vil kampen om plassane på laget vera stor, og trenarduoen kjem til å få eit luxusproblem...
Kan og ta med at Øyvind Lien hadde sin debut som kaptein i dag, og i følge han sjølv løyste han denne oppgåve på framifrå vis.
Heilt til slutt kan me nevna at forholda på kunstgraset på Kaupanger var alldeles strålande til å vera i byrjinga av mars, og kveldens kamp gjekk føre seg i ein triviell tone dei to laga i mellom.
Kampfakta;
VIL; Gøran - Øyvind (Gaute), Geir (Øivind), Kenneth, Frank - Emil, Richard - Arne (Øystein), Helge, Bjørn - Vidar (Morten)
Ubenytta reservar; Jon Arne
1-0 Ole Einar Rebni
2-0 Bjarte Vatlestad
3-0 ukjend kaupsing
4-0 ukjend kaupsing
Gule kort; Ørjan Hjellhaug på KIL, ingen på VIL
Dommar; Jonny Skjerven (full kontroll i ein fairspelande kamp)
|