|
Veitastrond - Vang 2-2

Veitastrond unngjekk tap for fyrste gong i år då Emil Heggestad heada inn utlikninga til 2-2. Scoringa som kom i kampen siste speleminutt var fullt fortent, og kampen sett under eit burde VIL ha vunne denne kampen. Defansivt fungerte det i dag bra bortsett frå ein periode i 1.omgang, og i tillegg fekk me i gang angrepsspelet vårt for fyrste gong i år. Alt i alt er VIL godt nøgde med dagens gjennomgang.
Laget vart som me annonserte i går, men det mangla eit par mann på benken slik at me berre hadde 2 reservar i dag.
Det var sjølvsagt spanande å sjå kva nivå dagens motstandar holdt. Dette fann me fort ut, og me vart vel ikkje vidare skremde av Vang. I forhold til Sogndal 2 og Kaupanger var dei eit lag som var mykje meir like oss sjølve, og dette passa oss bra då me i dag fekk øva oss på å spela angrepsspel og.
Veitastrond tok tidleg føringa i kampen og anført av kampens beste spelar Kurt Heggestad var me ein konstant trussel frå vår venstreside. 1.omgangen vår var likevel prega av mykje nesten, og dei heilt store sjansane uteblei stort sett.
Kampens fyrste sjanse kom frå nettopp venstre då Kurt la inn til Richard i boksen etter knappe 5 minutt, men sistnemte heada ballen til side for mål.
Kampens fyrste mål kom etter 10 minutt. Morten Hagen spelte langt opp frå midten til Kurt, som tok med seg ballen og lobba den elegant over ein keeper på halvdistanse og dermed årets fyrste scoring og 1-0.
Veitastrond holdt bra trykk i dei fyrste 25 minutta og såg ut til å bra kontroll på kampen. På slutten av omgangen kom imidlertid Vang meir med og tok etterkvart over initiativet i kampen.
Dette skulle visa seg å gje resultat for Vang, som scora 2 nesten like mål på kort tid. Dei angrep frå kant, Even kom ut, ballen vart slått inn i midten der ein Vang spelar fekk stå heilt åleine å pirka ballen i mål. Dermed hadde Vangsingane snudd 1-0 til 1-2 etter effektivt angrepsspel, medan vårt defansive spel ikkje var heilt på høgde her.
Kurt hadde ein susar frå 20 meter rett før pause, men laga gjekk til kvilen med resultatet 2-1. Ein omgang me var slik mellomnøgde med, og som me strent tatt burde ha unngått å ligga under i. Defansivt svikta det litt mot slutten, medan me offansivt er for lite flinke å bruka begge sider. Alt skjedde på vår venstre side, og Bjørn vart til tider gjort til statist på si høgre side.
I pause sette me innpå det me hadde av reserverar, då Øyvind kom inn på backen for Gaute medan Arne kom inn for Øivind. Arne gjekk inn som spiss og Richard ned som midtstoggar.
2.omgang skulle visa seg å bli ei positiv oppleving for VIL-fotball. Me dominerte omgangen stort, og meget gledeleg at me klarde å vri spele mykje meir, og Bjørn fekk lov å komma inn i kampen og svarde med å vera ein av omgangens beste spelarar.
Me kom til mykje fleire sjansar etter kvilen og fyrst ut var Helge som avslutta frå 16 meter, men diverre gjekk det velplasserte skotet i tverrliggaren.
Neste mann ut var Bjørn som møtte eit innlegg frå Kurt på fyrste, men på blank mål klarde han ikkje å pressa ballen ned og dermed framleis 1-2.
Dagens finaste angrep vart leina opp på høgre sida då Øyvind og Bjørn kombinerte fint. Sistnevnte kom seg til slutt fri og kom åleine med keeper, men hass avslutning som samtlege på bana såg i mål gjekk på innsida av stolpen og i armane til keeper.
Bjørn fekk nok ein bra sjanse like etterpå, og i tillegg hadde Helge og Morten eit par skot frå distanse, men ballen ville ikkje inn i nota.
Det såg til slutt ut til at Vang skulle dra med seg ein noko heldig siger i denne kampen heilt til siste speleminutt. Kurt la nok ein gong inn frå venstre og på fryste stolpe møtte Emil som hang i lufta og nikka lekkert inn utligninga til 2-2.
Like etter blas dommar Frode Ølmheim av kampen, og dermed enda det uavgjort i dag.
Alt i alt er me godt nøgde med det spelemessige i dag, og spesielt i 2.omgang stod me i dag fram som det klart beste laget. Gledeleg at me etterkvart klarar å angripa frå både venstre og høgre og dermed gjera vår offansive spel mykje meir slagkraftigt. Med litt meir presise avslutningar og litt meir konsentrasjon i bakre ledd hadde me utvilsamt vunne denne kampen. Dersom dette hadde vore ein seriekamp hadde me nok vore ein smule skuffa over berre å ta med oss 1 poeng.
Vang framstod for oss som eit sympatisk lag, som haldt eit nivå mykje likt vårt eige. Alltid kjekt å spela mot lag me ikkje kjenner til frå før, og me ynskjer dei all lukke og hell til den kommande sesongen.
Kampfakta;
VIL; Even - Gaute (Øyvind), Geir, Øivind (Arne), Frank - Emil, Morten - Bjørn, Helge, Kurt - Richard
1-0 Kurt (Morten)
1-1 x
1-2 x
2-2 Emil (Kurt)
Gule kort; 1 til vang
Dommar; Frode Ølmheim (god)
Sjå bilder frå kampen HER
|