Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Jølster 4-1

Veitastrond tok i dag ein noko overraskande, men desto meir overbevisande 4-1 siger mot det nyopprykka 3.divisjonslaget Jølster. Etter ein jamnspelt og sjansefattig kamp drog Veitastrond frå mot slutten, og alle dei 5 måla kom i løpet av den siste halvtimen. Emil Heggestad scora 1 mål, medan Kurt Heggestad var kampens store spelar med eit vaskeekte hattrick på 20 minutt. Alt i alt ein meget imponerande opptreden av VIL, som no verkeleg er i ferd med å spissa formen fram mot seriestart om litt under ein månad.

Ingen før-kampen denne gongen så laget var ikkje veteleg hverken for spelarar eller fans før kampen. Veitastrond hadde 7 mann ute til kampen, og dei 11 som starta var; Even - Øyvind, Richard, Kenneth, Frank - Kurt, Emil, Helge, Morten, Bjørn - Arne. På benken sat; Øivind, Gøran og dagens debutant Eivind Sando.

1.omgang var ein jamn affære der ingen av laga kom til så mange sjansar.

Jølster spelte mykje langt opp mot sin raske angrepstrio, men det vart berre mykje nesten. Deira største sjanse kom heilt mot slutten av omgangen då VIL-forsvaret ikkje hang i saman, og deira venstre ving Trond Vegard Ripe fekk avslutta, men vår sisteskanse Even Kvam redda meisterleg.

Veitastrond hang på si side godt med, og vart på ingen måte skremd av nivået som Jølster haldt. Me kom mykje rundt på begge kantar, og både Bjørn og Kurt leverte solide kampar i dag. Nærmaste for oss var og dei to, men avslutninga deira resulterte ikkje i mål.

For å vera ærleg så hugsar me ikkje så mange viktige hendingar før pause, og me reknar med at grunnen til dette var at det heller ikkje skjedde all verda.

Laga gjekk til pause med 0-0, og me følte at me hadde gjort ein god omgang og var så absolutt med i kampen.

2.omgang byrja som den 1. utan dei heilt store sjansane.

Det small ikkje skikkeleg før det var spelt ca 1 time oppe i hallen. På ein Jølstracorner steig minstemann i feltet Trond Vegard Ripe opp og stanga inn 1-0 til grøntrøyene. Utvilsamt dårleg markering og duellspel frå vår side og dermed var me under.

Me fekk no assosiasjonar til treningskampen mot Kaupanger der me og hang bra med i ein time for so at motstandaren tok oss på kondisen, men dette skulle ikkje skje i dag. Berre eit par minutt etter at dei hadde tatt leiinga slo me tilbake. Eit langt oppspel frå Emil vart snappa opp av Kurt som kom seg fri åleine mot keeper og avslutta glimrande nede i venstrehjørne for keeper, og dermed 1-1.

Veitastrond tok no over ein del av spelet og skapte etterkvart ein del sjansar. Arne kom seg fleire gonger igjennom, men klarde ikkje å overlista keeper med avslutningane si. I tillegg hadde Morten ein susar frå langt hald, men denne gjekk diverre i tverren.

Jølster hadde og sine sjansar, og var særs nær då dei hadde eit skot som gjekk på innsida av stolpen og trilla langs linja, men til alt hell så sneik den seg ikkje over streken.

2-1 scoringa kom etter at Jølster sin keeper redda ein avslutning, og Kurt vart fyrst på returen. Han finta bort eit par jølstringar på ferda før han fekk ein enkel jobb med å setta ballen i tomt bur. Skal takast med at Jølster nok skulle hatt frispark i denne situasjonen grunna angrep på keeper frå Kurt si side, men så lenge ikkje dagens ellers så gode dommar Frode Ølmheim såg dette så er det ikkje mykje hjelp i.

Dagens prestasjon i Sognahallen kom like etterpå, og nok ein gong var Kurt Heggestad i fokus. Han fekk ballen ca ved 16-meteren med eit 2-3 forsvarar rundt seg. Kurtn tok med seg ballen, finta og snurra bort det som var av grøntrøyer før han elegant chippa ballen over keeper og dermed 3-1 til VIL og ekte hattrick frå Kurt på ca 20 minutt. Ein fantastisk sistescoring av Kurt, og fleire av Jølsterspelarane vart lurt relativt lang ut i pølseboden og kom attende til avspark med ei pølse med ketchup og sennep i kvar hand...

Etter dette fekk Veitastrond blod på tann og dei siste minutta av kampen vart ein parademarsj for vår del, der Jølster etterkvart vart frustrerte over eigne prestasjonar. Heilt på slutten fekk me og ei siste scoring etter ein corner der Bjørn la inn til Emil som knalla ballen i mål frå ca 11 meter og dermed fastsette sluttresultatet til 4-1.

Me lyt seia at dagens kamp var over all forventing og me er særs nøgd med eigen innsats. I tillegg til eit flott sluttresultat er me minst like godt nøgde med prestasjoanen me gjer, og me framstår som eit lag som faktisk vil spela fotball i dag. Me har ein knallsterk 5`ar på midten som alle gjer ein framifrå jobb, og i tillegg gjer Arne ein god jobb åleine på topp og både Even og forsvaret har bra kontroll bakover.

Sjølvsagg lyt me og trekka fram kampen store spelar Kurt Heggestad. Me i Veitastrond Fotball prisar oss lukkelege for at Kurt ikkje finn det naudsynt å spela på det nivået som ferdighetane hass tilseier, men i staden sparka ball med oss gutta på golvet. Anten han vil det eller ei så er han vår absolutte superstjerne, og me må seia at han kler denne rolla på beste vis!

Nok ein gong måtte me komponera eit nytt midtforsvar, og me ser at det verkeleg vil bli kamp om plassane i forsvaret når Kim Andre og Geir er tilbake frå skade. Skal og takast med at me nok møtte eit noko redusert Jølster lag i dag, men dette legg likevel ikkje noko dempar på det inntrykket me sit tilbake med frå denne kampen.

Sjølve kampen gjekk føre seg i ein god tone, og me ynskjer Jølster lukke til med den kommande sesongen.

 

Kampfakta;

VIL; Even - Øyvind, Richard, Kenneth (Øivind), Frank (Gøran) - Emil, Morten - Kurt, Helge (Eivind), Bjørn) - Arne

0-1 Trond Vegard Ripe

1-1 Kurt

2-1 Kurt

3-1 Kurtinho

4-1 Emil

Ingen kort vart utdelt..

Dommar; Frode Ølmheim saman med linjemenn (god)

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com