|
Veitastrond - Fjøra 1-7

Veitastrond tapte dagens treningskamp mot Fjøra med heile 1-7 oppe i Storhallen. Resultatet gjer eit greitt bilde av kampen, og det var utvilsamt divisjonsskilnad mellom dei to laga. VIL låg tett og kompakt frå start av og haldt nullen fyrste halvtimen, men gjekk på ein sprekk siste halvdel av 1.omgang då fjørene putta 5 ballar i nota. Rett etter Fjøra sin massakre så fekk me vårt mål for dagen då Vidar Vadseth fastsette pauseresultatet til 1-5. 2.omgangen gjekk noko betre og Fjøra putta "berre" 2 gonger slik at kampen til slutt enda med 1-7 tap for vår del.
Veitastrond stilte til start med laget me offentleggjorde i går. I tillegg var Morten Hagen på benken etter at han vendte heim frå krigen tidlegare enn planlagt, men trøytt av dage så kom ikkje Haga-Morten innpå i dag...
Omtrent frå fyrste spark på ballen i dag så skjønte Veitastrond at dette kom til å bli tøft. Fjøra sine spelarar viste seg å vera så mykje meir ballsikre enn oss, og spelet gjekk til tider så snygt at me hadde problem med å henga med i svingane. For oss vart det i store deler av kampen berre snakk om å forsvara seg best mogleg, og når me fyrst fekk tak i kula så fekk me ikkje tid på oss til spela den fotballen me ynskjer og det vart noko panisk angrepsspel på oss. Skilnaden på Fjøra og det Jølsterlaget me møtte forrige helg var mildt sagt stor...
Fjøra kunne tatt leiinga allereie etter 3-4 minutt spel, men tidlegare VIL-spelar Frode Kvam si avslutning frå 10 meter gjekk rett på Even i VIL-buret. Vidare hadde Ronny Einan og Warsame Adams gode forsøk for Fjøra, men til alt hell så hold VIL buret reint fyrste halvtimen.
Veitastrond hadde ikkje heilt det store å by på, og det vart med eit par langskot frå Kurt og nokre fine overgangar der me kom til innlegg frå kant men klarte ikkje å komma til avslutning inne i boksen. I tillegg hadde me og ein fin sjanse då Bjørn og Arne kombinerte fint, men sistnemde vart litt for sein og i staden for ballen så traff knottane hass Fjøra sin unge keeper Patrik Fritzon i ribbebeina. Dette kunne sikkert vorte skummelt, men Fritzon som har plenty strandablod i årene tålte støyten.
Etter 28 minutt kom dagens fyrste scoring. Innlegg frå kant nådde Stian Solberg som trilla ballen i mellom keeper og 2 forsvarspelarar og dermed 1-0.
Like etterpå scora samme mann igjen då Veitastrond ikkje klarde å avverga eit Fjøra angrep, og samme Solberg lobba ballen elegant over dei som stod på streken 2-0.
Solberg fullbyrda sitt ekte hattrick på 6 minutt då elendig markering frå Veitastrond på corner gjorde at han fekk ei tå på ballen også var det piska degen 3-0.
Det gjekk litt for fort for Strondi i denne perioden og i løpet av 2 minutt så scora Ronny Einan 2 kjappe mål til og dermed 5-0 til Fjøra. Ein grusom periode for VIL som slapp inn 5 mål på 12-13 minutt.
Rett før pause så fekk me oss ein liten opptur då Vidar snappa opp ballen inne i Fjøra boksen, runda keeper og satte ballen i mål og dermed kunne dei to laga avslutta 1.omgangen med 1-5 i sekken til Fjøra.
Kva skal ein seia om denne omgangen? Veitastrond låg tett og kompakt fyrste halvtimen, men er likevel heldige at me ikkje får mål i mot i denne perioden og. På slutten raknar det fullstendig og me får litt fleire mål i mot enn me strengt tatt hadde håpa på. Me bestemte oss for å prøva å stå litt høgare i 2.omgang, og prøva å tetta igjen romma mellom forsvarsleddet og midtbana vår - her fekk Ronny Einan litt for fritt spelerom i 1.omgang.

Reint undehaldningmessigt vart ikkje 2.omgangen den heilt store, men sett med våre auge så er me likevel godt nøgde. Me kom meir med i spelet, og klarde å skapa litt meir offansivt. I tillegg så stilna og angrepa til Fjøra, og VIL-forsvaret hadde langt mindre å gjera etter pause enn dei hadde før.
Det vart diverre ikkje noko mål på oss i denne omgangen, men det burde det kanskje ha vore. Kurt hadde og i denne omgangen fleire forsøk og han kom til slutt faretruande nær, men ballen ville ikkje snika seg inn mellom stengene.
Vidar hadde og sine sjansar, og Arne var igjennom eit par gonger utan å klara å overlista keeper.
I tillegg hadde vår bestemann i dag Bjørn Molland sjansen frå langt hold då Fjøra keeperen var på bærtur, men lobben til Bjørn gjekk diverre langt utanfor buret.
Fjøra scora som nevnt ikkje så mange etter pause, men fekk likevel med seg to larkamål til. Det fyrste etter innlegg frå høgre som Roger Birkelund enkelt kunne setta i nota. Kampen siste mål kom heilt på tampen då tidelgare VIL-spelar Frode Kvam omsider viste oss ryggen og putta eit innlegg frå kant mellom beina til Even og i mål. Måtte du berre sova dårleg i natt du vår godeste Frode Kvam...
Kampen enda dermed med 1-7 til Fjøra.
Kan og ta med at Åsmund Øgar fekk sin debut i VIL-trøya då han spelte siste halvtimen på midten for Helge. Åsmund viste fine takter og kjem som ventaleg til å bli ein fin tilvekst i VIL-stallen.
Vanskeleg å seia om me er nøgd eller midnøgd med denne kampen. Å tapa 1-7 er liksom ikkje heilt det store uansett motstand, men likevel er det ingen grunn til å grava seg ned etter denne kampen. Fjøra viser seg som eit langt betre lag enn Veitastrond, og er hakket vassare i dei fleste av kampens fasar. For vår del er det veldig spanande og utfordrande å spela mot lag som er betre, og me ser då lettare kva me må strekka oss etter og kva me må bli betre på. Skulle me hatt noko som helst å stilla opp med mot Fjøra måtte det vera ein forutsetning at me hadde fullt mannskap, men i dag hadde me diverre for mange ute. Med fullt lag hadde me nok teke dei ja....
Me takkar for kampen, og ynskjer Fjøra og spesielt Frode Kvam lukke til med sesongen. Me trur dei kjem til å klara seg bra!
Kampfakta;
VIL: Even - Øyvind, Richard, Øivind (Gøran), Erlend - Emil, Helge (Åsmund) - Arne, Bjørn, Kurt - Vidar.
Ubenytta reservar; Jan Erik
0-1 Stian Solberg
0-2 Stian Solberg
0-3 Stian Solberg
0-4 Ronny Einan
0-5 Ronny Einan
1-5 Vidar Vadseth
1-6 Roger Birkeland
1-7 Frode Kvam
Gule kort; Arne på VIL, muligens ein på Fjøra - hugsar ikkje heilt...
Dommar; Per Barsnes (so flinke atte)
|