|
Veitastrond - Hafslo 1-5
Veitastrond sendte ikkje akkurat noko varsku her til dei andre laga i 4.divisjon, då dei i dag tapte heile 1-5 mot Hafslo i generalprøven. Etter ein ok start så fall laget totalt i saman, og ein kunne like gjerne plassert 11 hesjastaurar ute på bana den siste timen i staden for blåkledde spelarar. Ein forferdeleg kamp av VIL som er så dårleg gjennomført at me ikkje ein gong orkar å vera skuffa.
Ein ting skal vera klinkande klart - det blir ikkje rare referate me giddar å skriva frå denne kampen.
Det vart ingen stor oppladning før dagens kamp då omtrent halve laget melde forfall. Kim Andre, Morten, Gaute, Kurt og Emil var alle utilgjengeleg til å spela og dette svekka oss naturlegvis mykje. Spelande trenar Emil tok i dag rolla som trenande dommar...
Det byrja greit for VIL. Etter ein jamnspelt fyrste halvtime så scora Richard på pasning frå Øyvind og me tok ei oppskriftsmessig leiiing.
Så slutta eigentleg det positive me kan melda frå denne kampen. Hafslo utlikna rett før pause og laga tok seg ein kvil på stillinga 1-1.
Ein 1.omgang som stort sett var jamnspelt, men som var prega av utruleg laber kvalitet. Dårleg tempo, lite finspel og fråværande duellspel. Dette har me kontroll på berre me tårer å spela ballen snakkte me om i pausen.
Jaggu sa eg smør! Etter ca 2 min av 2.omgang tok Hafslo leiinga 2-1, og etter det var dei det beste laget på bana. I periodar kunne ein nesten tru dei var det einaste laget på bana...
I løpet av omgangen var dei effektive og sette inn 3 nye ballar slik at sluttresultatet til slutt vart 1-5, og noko pinleg for kjepphøge 4.divisjonsspelarar på Veitastrond.
Det som vart vist ute på bana i dag var så til dei grader det ein kan kalla feriefotball. For den nøytrale tilskodar må dette ha vore noko av det mest begredelege ein kan vera vitne til ute på ein kunstgrasmatte.
Me gjer all honnør til Hafslo i dag som sto på og kjempa oss ut av stilen. Likevel skal det vera sagt at dei heller ikkje spelar noko stor kamp og me er ikkje mållause over kva dei klarar å prestera. Dei spelar ein ok kamp, men når me spelar ein erke-rævva kamp så held det i massevis.
Til helgas seriepremiere mot Lærdal er det eit heilt anna VIL-lag som kjem til å entra bana. Mange spelarar kjem attende, og ikkje minst må kvar og ein gå i seg sjølv og yta litt meir enn det som vart vist i dag. Skal ikkje så fela mykje til.
Ein generalprøve skal ikkje vera vellukka, og me vonar at dette gjeld for oss og...
Me takkar Hafslo for kampen, og ynskjer dei all hell og lykke fram mot den kommande sesongen.
Kampfakta;
VIL; Even - Øyvind, Geir, Øivind, Kenneth (Gøran) - Frank, Erlend - Arne (Øystein), Bjørn, Åsmund (Jan Erik) - Richard
1-0 Richard
1-1,2,3,4,5 XXXXX
Dommar; Emil Heggestad (øydelegg kampen for Veitastrond i dag med sin horrible innsats...)
|