Strondi festar eit lite grep om kampen frå start, og har god kontroll defensivt. Det er såleis fullt fortjent då comeback-kid Tarjei Nordtveit set inn 1-0 etter ca 10 min. Han mottek ballen ca på 16 meterstreken, og skrur den vakkert inn i lengstehjørnet med høgrefoten.
Dagens høgdepunkt kjem etter ca 15 minutt; Kurt mottek ballen ca på midten forserer 10-15 meter framover å kliner ballen i krysset, utagbart for keeper.
Like etter får Strondi frispark frå ca 25 meter, litt til høgre på bana. Kurt sler eit presis frispark til Frode, som set den enkelt i mål, og 3-0!
Laga går til pause på stillinga 3-0. Strondi var det klart beste laget, og Poljen klarde ikkje skape stort framfor dagens VIL-keeper Frank.
Etter berre 5 min av 2.omgang pressar Kurt ein Poljen forsvarar hardt, og klarar å stjela ballen, han rundar keeper, og sler til Frode som får pirka ballen i mål, 4-0!
Etter dette tek Poljen over noko, og klarer å få inn ei redusering. Etter mykje klabb og babb inne i feltet, får ein Poljen spelar ballen på blankt mål, og skårar enkelt.
Re-debutant Nordveit hadde ikkje kome til Strondi for å vere stallfyll, og etter eit inlegg frå Frode kranglar han ballen i mål, dermed 5-1, og kampen er punktert - er ikkje mogleg å skåre 4 mål på Frank Heggestad på 20 minutt!
Det skal vise seg å bli ein spesiell, og emosjonell dag for familen Nes framme på Øyna i dag. Etter ca 70 minutt har Tarjei gjort sitt og inn kjem Johan Olai Nes! Han debuterer som aktiv fotballspelar i ein alder av 42! år. Ikkje nok med det, han går opp på topp, og dannar ein frykta spissduo med broren Arne, og ein kunne ane i tåre i augekroken til vetlebror når storebror entrar bana. Og det går ikkje lenge før brødrene leverer varene. Johan vinn ein ball på midten, han sler den vidare til Bjørn som sler til Arne som skårar sikkert.
Arne får og æra av å fastsette sluttresultatet til 7-1. Dette måle fekk eg ikkje heilt med meg.
Dette var ein meget godt gjennmomført kamp av Veitastrond. Me viser at me har ein jamn, og god stall, der samtlege gjer ein kjempe innsats.
VIL-STJERNA
Vår referent og dagens målvakt Frank Heggestad får æra av å dela ut dagens stjerner. Han hadde nok fortent stjerner sjølv for sin innsats mellom stengene, men han ga dei i staden til følgande av sine lagkameratar;
| óóó |
Kurt Heggestad |
| óó |
Øyvind Lien |
| ó |
Tarjei Nordtveit |
Kampfakta;
VIL - Skavøypoll 7-1 (3-0)
VIL (4-4-2);
Frank - Øyvind, Geir, Øivind, Åsmund - Tarjei(Johan Olai i 20min), Emil, Kurt, Bjørn - Arne, Frode(Øystein i 10 min)
1-0 Tarjei
2-0 Kurt
3-0 Frode (Kurt)
4-0 Frode (Kurt)
4-1 Kistoffer Djuvik
5-1 Tarjei (Frode)
6-1 Arne (Bjørn)
7-1 Arne (Bjørn)
Gult kort: Geir
Dommar: Kjell Alme (God)
Publikum 140