Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Syril - Veitastrond 4-1

Dagens kamp mot Syril vart ein solid nedtur for Veitastrond som i den siste tida har vore relativt sigersvande. Diverre så fekk systrendingane revansje ifrå 6-0 nederlaget me påførte dei i vår, og i dagens kamp var dei det beste laget og vann til slutt kampen fortent 4-1. På ein dag der me hadde dei fleste spelarane våre tilgjengelge så var det lite som stemte både bakover og framover på bana, og då nyttar det ikkje mot eit så heiltent heimelag som me møtte i dag. Som med alle andre tap så lyt me seia at dette var ein kamp me får legga bak oss, og heller sjå framover mot nye oppgåver.

Det var ein flott dag for fotball ute på Leikanger i dag. Så flott at det kanskje hadde vore vel så fristande å vorte igjen heima og kulan på terassen medan lukta frå den nytende grillen seiv opp igjennom naseborene. Så fornuftige var me diverre ikkje, for ut på Leikanger skulle me og kamp måtte det bli.

Det varme været gjorde nok sitt til at det aldri vart særleg høg intensitet på Syril Stadion, og det heilt store spelet uteblei frå begge lag. Det var til tider noko daft og ordet feriefotball må kunne nyttast i ei sådan stund.

Så til sjølve kampen...

Etter ein tam opning der ingen av laga klarde å skapa det heilt store så tok Syril leiinga etter 6 minutt. Heimelaget spelte igjennom til høgrekanten sin som tok med seg ballen mot mål og sette denne enkelt bak vår keeper Gøran. Dermed 1-0, og ikkje noko pangstart for våre menn akkurat.

Veitastrond gjekk sporenstreks i angrep og fekk ein dobbelsjanse minuttet etter scoringa til Syril. Diverre så klarde me ikkje å scora på hverken møljespel framfor mål, eller på langskotet til Emil.

14 minutt og det vert balanse i rekneskapen. Bjørn vinn ballen 30 meter frå Syril sitt mål, og han spelar nydeleg igjennom til Frode. Som så mange gonger før så gjer han ingen feil åleine med keeper og dermed 1-1.

4 minutt etterpå får Bjørn ein god sjanse. Åsmund legg inn rett framfor keeper, men diverre så får ikkje Bjørn hovudet skikkeleg på ballen og den går over målet.

20 minutt og Syril trur dei har gått opp til 2-1 Ein corner vert ekspandert i mål, men linjedommaren har markert for at ballen var bak linja.

Diverre så gjekk det ikkje lenge før det faktisk var 2-1. Flott spel av Syril endar opp hjå Jan Tore Slinde, som elegant lobbar over keeper og i mål til vill jubel for heimelaget.

Resten av omgangen hadde Syril ballen mest utan at dei kom til dei heilt store sjansane. Me hadde nokre halvsjansar, blant anna når Kurt vende bort 4 Syril spelarar på 16-meterstreken, men avslutninga til Kurt gjekk diverre nokre cm utanfor buret.

Laga gjekk til pause på stillinga 2-1 til Syril, noko som må seiast å vera greitt nok sett utifrå spel og sjansar. Erlend måtte gje seg etter 1.omgang grunna skade, og han vart erstatta av Geir.

Det var langt meir sprut over det Veitastrondlaget som entra bana etter kvilen. Me fekk pressa Syril bakover på bana og hadde blant anne 3-4 cornera på rappen, og Bjørn fekk eit mål annulert grunna offside. I tillegg kunne me fått straffe når Syril sin keeper sprang ned Geir inne i boksen, men dommaren var ikkje med oss på dette.

Diverre så makta det oss ikkje å få den viktige 2-2 scoringa, men i staden så måtte me sjå at Syril kontra inn 3-1. Veitastrond klarar ikkje å avklara eit angrep og til slutt vert det eit gjennomspel som vert satt i mål av Syril sin innbyttar Steinar Hjenum.

3-1 målet til Syril vart på mange måtar vendepunktet på denne kampen og Veitastrond klarde aldri å setta heimelaget under noko særleg press etter dette. Me prøvde så best me kunne å endra på formasjonar og spelestil, men det var ikkje dagen der ting stemte for oss.

Etter 62 minutt så scorar Syril igjen. Denne gongen er det ein forsvarsfeil frå oss som gjer at Syril nok ein gong kjem åleine med keeper og dei scorar 4-1.

Resten av kampen er det ikkje så veldig mykje å skriva om. Me kan ta med at Kim Andre hadde eit kanonskot som gjekk i stolpen frå 25 meter og at Bjørn pådrog seg eit gult kort som gjer at han må stå over neste kamp med karantene.

Kampen ebba til slutt ut med ein fortent 4-1 siger til Syril.

I dag var Veitastrond rett og slett ikkje gode nok, og det var ingenting å seia på at Syril vann denne kampen. Me fekk ikkje til spelet vårt offansivt, og ingen av våre spelarar hadde noko særleg god dag på jobben. Bakover var me heller ikkje så solide som me brukar å vera, og det var til tider rufsete forsvarspel i dag. Me klarde heller aldri å bestemma oss for om me skulle ligga lågt eller høgt med laget, og det vart ein slags mellomting som gjorde at det vart for store avstand mellom ledda og ingen balanse i laget.

I tillegg lyt me gje ros til Syril si midtbane, som fekk denne kampen inn i sitt spor og diverre så styrte dei store deler av denne kampen som dei ville.

Av det positive kan me ta med at Frode Kvåle fekk sin re-debut for VIL, og det er godt å få han i gang igjen. Det var ellers bra oppmøte på dagens kamp og dette lovar bra framover mot resten av haustsesongen. Sjølv om det er surt å tapa eit lokalderby med såpass store siffer så blir det ikkje til at me grev oss heilt ned av dette. Me ser no fram til 1,5 veke med fri og lovar å komma sterkare attende i neste kamp...

Me takkar Syril for kampen, som vart halden i ein god tone dei to laga i mellom.

VIL-STJERNA

I dag er det Even Kvam som får dela ut stjernene (han mørke med det store håret veit du...) Han var skada i dag og såg kampen frå sidelinja. Kanskje ikkje den enklaste kampen å plukka ut kven som var gode, men valet hass fall på;

óóó Kim Andre Navarsete
óó Emil Heggestad
ó

Bjørn Molland

 

Kampfakta;

Syril - Veitastrond 4-1 (2-1)

VIL (4-4-2); Gøran - Øivind, Erlend (Geir), Kim Andre, Øyvind (Frank) - Bjørn, Emil, Frode Kvåle (Richard), Åsmund - Frode Kvam, Kurt

1-0 x

1-1 Frode Kvam (Bjørn)

2-1 Jan Tore Slinde

3-1 Steinar Henjum

4-1 x

Gule kort; Bjørn på VIL

Dommar; Asbjørn Grinde (vart vela mykje heimadømming spør du oss)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com