Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Eikefjord 2-2

Veitastrond fekk ein verst mogleg start på dagens kamp då Eikefjord leia 2-0 før me hadde spelt 5 minutt. Etter den dårlege opninga så kom etterkvart heimelaget sterkare tilbake og fekk til slutt med seg 1 poeng på ein relativt grå og regnfull dag. Dette var ein kamp me lyt vera godt nøgde med å ta poeng i når kampen vart som den vart. VIL synte god moral mot eit av divisjonen sine beste lag og me kunne med litt meir tur ha teke med oss alle poenga. Så vart det altså uavgjort kamp for Veitastrond igjen, og det er nesten 2 år sidan sist. Kanskje ikkje så overraskande sidan Veitastrond.com setta fokus på dette før i veka...

Einaste endringa i troppen vår frå det me annonserte før kampen var at Gaute ikkje vart med på benken. Ellers møtte alle mann opp. Lyt seia at det var bra publikumsoppmøte på ein dag då det kanskje ikkje frista mest å stå ute å sjå kamp, og det var og kjekt å få besøk av dagens dommar Torstein Egil Kvam igjen - 2 år sidan sist han dømde oss på Leikvoll no.

Det var ein forrykande innleiing på denne kampen, og det var Veitastrond som byrja best. Me hadde trykke på dei i opningsminutta, og etter 2 minutt vert Kurt spelt fri på 20 meter, men diverre gjekk skotet hass på innsida av stolpen og inn i klypene til keeper.

Like etterpå er det Eikefjord som er på farten. Spissen deira kjempa seg heilt ned på dølinja og la 45 grader inn i feltet der ein medspelar venta og han klinka den i buret. Dermed 0-1 på Leikvoll,

5 minutt er spelt når Eikefjord er på farten igjen. Veitastrond får ikkje avklart eit angrep og ballen havnar til slutt hjå ein eikefjording som plasserar ballen i lengste hjørne og dermed 0-2 før me hadde fått summa oss.

I minutta etter denne kalddusjen så kunne Eikefjord ha scora både 1 og 2 mål til, men til all lukke så klarde dei ikkje dette. Dei var blant anna nære på å skru inn ein corner, men heldigivs hadde me mann på stolpane som fekk avklara.

Kan og ta med at Frank Heggestad fekk eit tidleg gult kort etter ein røff takling ved sidelinja.

Heldigvis så roa trykket frå Eikefjord seg etter ca 15 minutt og me fekk etterkvart bli med i kampen. Resten av omgangen så tør me påstå at Veitastrond var det beste laget på Leikvoll sjølv om det stort sett var jamt og tøft. Som i vårkampen mellom desse to laga så vart det ikkje produsert all verda med sjansar.

25 minutt er spelt når Veitastrond halverar leiinga til Eikefjord. Frode vert spelt opp på høgresida og han legg inn til Kurt på fyrste stolpe som enkelt breisidar ballen i mål til 1-2.

Veitastrond fekk for alvor blod på tann med scoringa og me fekk satt opp trykket ytterlagere. 32 minutt er spelt når Emil slår eit frispark inn i boksen. Der ruvar Kim Andre høgaste og stussar ballen i mål, men diverre så hadde linjemannen flagget oppe for offside og dermed annulert scoring.

37 minutt og Eikefjord er i angrep inne i boksen. Etter klabb og babb og fleire duellar så roper Eikefjord på straffe fyrst ein gong og så to gonger og på det andre så dømmer dommar Kvam straffe til bortelaget. Frå vår posisjon så såg denne grei ut. Det var Geir som var syndaren, og ein kjapp gjennomgang syner at dette var 4.gong Geir laga straffe på Leikvoll i år. Straffesparket vart imidlertid redda av vår meisterlege keeper Even. Han slengte seg til rett side og redda nok ein gong eit forsøk frå krittmerket.

Resten av omgangen skjedde det ikkje så mykje som me kjem på i farten, og Eikefjord leia 2-1.

2.omgang vart langt mindre hendelsesrik enn den fyrste.

Det fyrste me kjem på var at etter 55 minutt kom Øyvind inn på høgrekant for Arne, og Gøran inn som spiss for Richard.

65 minutt er spelt når Kurt vert spelt fram på spissen av 16 meteren til Eikefjord. Der vart han sprungen i senk av bortelaget sin keeper, og dommar Kvam dømde sitt 2. straffespark for dagen og nok ein gong var det korrekt. Straffen vart teken av Frode, men diverre så redda keeper forsøket til vår nyleg heimkomne son. Dermed 2 straffar på Leikvoll i dag, men 0 mål.

Det var forholdsvis god tone mellom dei to laga ute på bana i dag, men blant pulbikum så kokte det til tider over. Ca midtveges i 2.omgang vart Kurt vinka noko tvilsamt av for offside, og ein gammal kjenning for linjemenn flest, Arvid Heggestad, ga grei beskjed til linjemannen om kva han meinte om den avgjersla. Arvid fekk ein advarsel av hovuddommar Kvam om at neste gong rauk han opp på tribuna, men då lurte sidemannen til Arvid på kor tribuna var.. :)

Etter 70 minutt så koka det i hovudet til fleire og Geir fekk gult kort, og før han fekk eit til så vart han bytta ut og inn kom Øivind.

80 minutt; Frank spelar fram Kurt som frå 16 meterstreken på litt skrått hald skyt i det lengste hjørne og ballen kryp akkurat forbi hanskane til keeper og trillar i mål og dermed 2-2 og fortjent utlikning på Leikvoll.

Medan VIL var hakket vassare enn Eikefjord fram til utlikna så var det oransjetrøyene som var nærmast å få med seg alle poenga på slutten.

Dei hadde nokre farlege cornerar der ein traff ryggen til Kenneth på streken, og det vart ropa på straffe når ballen traff handa til Åsmund inne i feltet.

Heldigvis for oss så vart det ikkje fleire mål på bortelaget, og dermed enda det uavgjort 2-2 på Leikvoll Stadion i dag. Sett utifrå spel og sjansar så var dette heilt greitt. Eikefjord fekk ei pangopning på kampen og denne leiinga haldt nesten heilt inn, men Veitastrond skal ha honnør for at dei aldri ga opp og synte god moral ved å snu kampen.

Sett bortifrå dei fyrste minutt så fungerte ting langt betre i dag enn i forrige kamp og det var mykje positivt å ta med seg både i den defansive og offansive delen av spelet. Viktig å hugsa på at Eikefjord er blant dei beste og kanskje mest seriøse laga i denne divisjonen og det er godt å sjå at me klarar å matcha dei fullt ut.

Me takkar Eikefjord for kampen og vonar dei fekk eit godt fyrste møte med Veitastrond sjølv om kanskje ikkje været var det beste i dag.

VIL-STJERNA

Me overlot i dag ansvaret til den suspenderte Bjørn Molland, og ga honnør til følgande;

óóó Kim Andre Navarsete
óó Even Kvam
ó

Kurt Heggestad

 

Kampfakta;

Veitastrond - Eikefjord 2-2 (1-2)

VIL (4-4-2); Even - Geir (Øivind), Kenneth, Kim Andre, Frank - Arne (Øyvind), Emil, Frode, Åsmund - Richard (Gøran), Kurt.

Ubenytta reservar; Øystein

0-1 x

0-2 x

1-2 Kurt (Frode)

2-2 Kurt (Frank)

Gule kort; Frank og Geir på VIL, 1 eller 2 på Eikefjord.

Dommar; Torstein Egil Kvam med 2 assistentar (gode)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com