|
Lærdal - Veitastrond 3-2

Veitastrond gjekk diverre på eit meget surt tap då Lærdal i dag slo oss 3-2. Med siger i denne kampen ville me ha skaffa oss ei verdifull luke ned til laga bak oss på tabellen. I staden så let me no Lærdal komma opp side ved side med oss sjølve og det heile går mot ein meget spanande sesongavslutning. Dagens kamp var ein jamn og tett affære der det like godt var oss som kunne ha stukke av med alle poenga. Ingenting er så kjekt i fotball som å dra i land ein skikkeleg slitesiger, men i dag opplevde me det som kanskje er det verste; nemleg å gå på eit realt slitetap, om ein kan nytta eit slikt uttrykk.
Ein endring på laget til Veitastrond frå det me opplyste i går. Kurt vart att heime på Strondi og Gøran kom inn for han. Me trur ikkje me trakkar nokon på tærne om me seier at Kurt Heggestad er uerstatteleg i dagens Veitastrond lag.
Lærdal var tidleg frampå i dagens kamp og deira heimvendte son Ole Johnny Cirotzki (tidl. Fjøra) skapte ein del trøbbel for Veitastrond sitt forsvar. Allereie i opningsminutta var han igjennom eit par gonger, men vår sisteskanse Even redda meisterleg ein mot ein.
Veitastrond var og farlege når dei angreip med 2 x Frode på topp. Diverre så vart det litt for ofte at me kom oss til gode innlegg frå kant, men me fulgte ikkje opp inne i boksen.
10 minutt; Veitastrond har corner som vert slått inn i feltet. Lærdal får ikkje avklart, og etter litt klabb og babb så avsluttar til slutt Frode Kvam i tverren før heimelaget får avklart. Stort sjanse.
16 minutt er spelt når Lærdal scorar dagens fyrste mål. Eit presist innlegg treff ein umarkert Lærdalspelar inne i boksen, og han headar den i mål. Even kom på feil fot her, og klarde ikkje å henta seg attende tilstrekkeleg slik at ballen gjekk inn.
Etter 1-0 scoringa til Lærdal svinga det mykje fram og tilbake der begge lag hadde sine halvsjansar. Det var spelt i 36 minutt før Veitastrond svarde lærdølene. Eit nydeleg framspel frå Gøran fann Frode Kvam, og som så mange gonger før tok han med seg ballen, runda keeper og scora til 1-1. Lærdal ropte på offside i denne situasjonen, og det var det kanskje òg utan at det brydde oss nevneverdigt.
Like etterpå skreik Lærdal nok ein gong på dommaren då ein av deira spelarar sprang på Åsmund inne i 16-meteren vår. Heldigvis var dommar Åmodt godt plassert og dømte korrekt utspel frå mål.
35 minutt og vår debutant Andreas markerar seg. Lærdal sin keeper fanger eit innlegg inne i boksen, og ca 5 sekund etterpå kjem Andreas som ein villstyren okse på tyrefekting og prøver å stanga ballen ut av hendene på keeperen. Stuntet vart premiert med gult kort.
I minutta etter at Veitastrond utlikna hadde me eit godt grep om kampen. Skuffelsen var difor stor då det var Lærdal som på ny gjekk opp i leiinga. Eit utspark frå Even vart vunnen av ein lærdøl som heada ballen over eit sovande VIL-forsvar til tidlegare nevnte Cirotzki. Han sprang ifrå forsvaret, runde Even og scora 2-1 til Lærdal.
Berre 2 minutt etterpå gjekk det frå vondt til verre for Veitastrond når Lærdal får frispark på 18 meter. Skotet går fyrst i muren, men returen frå samme mann var fint plassert utagbart i høgre hjørne. Dermed 3-1.
3-1 haldt seg ut omgangen, og det var eit skuffa Veitastrond lag som gjekk til pause. Her var me eninge om at me måtte opp eit par hakk i prestasjonane så burde det vere muleg å ta heim poeng i denne kampen.
2.omgang vart langt mindre sjanserik enn den fyrste. Veitastrond var betre defansivt enn før pause, og me prøvde febrilsk å trenga oss igjennom Lærdal sitt forsvar.
55 minutt og Veitastrond har corner. Ballen går forbi feltet og havnar på bakerste til Richard, men han bommar diverre på ballen frå 4 meter.
Det var spelt ca 60 minutt når Veitastrond får frispark på 18 meter. Dette tok Åsmund, og han skrudde ballen vakkert på utsida av muren og inn i mål til 3-2.
Etter 3-2 scoringa fekk kampen for alvor nerve, og det var tydeleg at dette var ein kamp begge ville vinna. Diverre lyt me seia at det vart mykje nesten for Veitastrond i store deler av denne omgangen. Me klarde å skapa eit visst trykk mot Lærdal, men dei heilt store sjansane uteblei. I staden så var Lærdal nær å kontra inn ei scoring mot slutten då dei kom åleine med Even, men vår sisteskanse fekk ei hand på ballen og forsvaret fekk avklara rett framfor det tomme buret.
80 minutt; Kim Andre får eit velforten gult kort då han prøver å boksa ballen i mål frå ein corner.

Dei siste minutta i Lærdal så vart det for alvor hektisk for heimelaget. Veitastrond trykka hardt på, men det lukkast oss ikkje å få den viktige utlikinga. Nærmast var Frode då han fekk eit innlegg på bakerste, men diverre så traff han ikkje skikkeleg og ballen gjekk over mål.
Diverre så ebba det heile ute til 3-2 siger til heimelaget.
Dette var ein kamp me ikkje skulle ha tapt. Sett utifrå spel og sjansar føler me at me skulde ha reist heim med poeng i sekken. I dag var det fyrst og fremst ein dårleg 1.omgang som øydelegg for oss, der det glipp i våre bakre ledd i enkelte situasjonar og me vert straffa nådelaust for dette. I 2.omgang var me noko betre bakover, men det lukkast oss ikkje å få den viktige utlikninga.
Veitastrond står no med 1 poeng på dei siste 3 kampane, og me må snarast finna tilbake til vinnarformelen dersom me har tenkt å forbli i 4.divisjon. Av det positive i dag tek me med oss at Andreas og Olai fekk sine debutar, og me er glade for å ha dei i gang.
Ellers er det på sin plass å nevna at vår eminente banemann Johannes Nes brukte heile sin fredagskveld på å reisa inn i Lærdal for å sjå denne kampen. Me er takksame for at me har ein slik supportar og støttespelar som Johannes med oss på laget.
Me takkar Lærdal for kampen og ynskjer dei lukke til vidare i sesongen. Me nyttar og anledninga til å gje dei ros for ei usedvanleg flott grasmatte på Lærdal Stadion. I desse dagar kor det er pop med kunstgrasbaner lyt me seia at ingenting slår ei skikkeleg god grasmatte som det me spelte på i dag.
VIL-STJERNA
Ubenytta VIL-reserver og barnepassar Gaute Olstad fekk i dag æra av å dela ut stjerner. Valget hass fall på;
| óóó |
Kim Andre Navarsete |
| óó |
Frode Kvåle |
| ó |
Andreas Bjelde |
Kampfakta;
Lærdal - Veitastrond 3-2 (3-1)
VIL (4-4-2); Even - Øivind, Richard, Kim Andre, Andreas - Gøran (Olai), Emil, Bjørn, Åsmund - Frode, Frode
Ubenytta reservar; Gaute
1-0 x
1-1 Frode Kvam (Gøran)
2-1 x
3-1 x
3-2 Åsmund
Gule kort; Øivind, Kim Andre og Andreas
Dommar; Ragnar Åmodt (ok)
|