Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Jølster 2-5

Det vart tap 2-5 for Veitastrond i den fyrste treningskampen denne sesongen. VIL hang bra med i 1.omgang og gjekk til pause på stillinga 2-2. Etter kvilen gjorde blåtrøyene mange byter og det vart etter kvart skilnad på dei to laga og Jølster var utvilsamt det laget som orka mest og dei vann kampen fortent. Dette var ein typisk treningskamp og det var vel ikkje akkurat den mest underhaldande kampen tilskodarane fekk sjå. Uansett godt å komma i gang og me ser positivt på det som skal komma...

Veitastrond stilte med dei samme 11 som me annonserte i kampen før reportasjen, og på benken hadde me 9-10 stk.

I garderoben før kampen haldt trenar Kurt Heggestad fram med at det skulle fokuserast på defansive oppgåver og at målsettinga var å halda nullen. Me er ikkje heilt sikre på om spelarane heilt oppfatta kva trenaren sa, for det var spelt 1min og 2 sekund då Jølster slo eit frispark inn i VIL-boksen som Geir heada i eige mål. Dermed 0-1, og målsettinga vår var allereie utanfor rekkevidde.

Etter 7 minutt er det Kenneth som slurvar som bakerste mann, og Jølster sin spiss kjem åleine med keeper. Han rundar Even, men avlsutninga går i stolpen og vert avklara.

13 minutt og Veitastrond får sin fyrste sjanse. Geir spelar langt opp til Helge som kjem åleine med Jølster sin sistekanse, men får ca 14 meter får han ikkje nok høgde på sin lobb og den går rett i klypene på keeper.

Årets fyrste Veitastrond mål kom etter 19 minutt, og ikkje overraskande vart det satt inn av Frode Kvam i sitt comeback. Eit flott VIL-angrep som enda med at Åsmund spelt igjennom til Frode som åleien med keeper banka ballen i mål og dermed 1-1.

Samme Frode viste nok ein gong sin teft for mål etter 30 minutt. Kurt la inn frå venstre, og inne i boksen venta Frode nok ein gong og heada ballen i mål til 2-1 i favør Veitastrond.

2-1 såg ut til å halda seg ut 1.omgang, men rett før pause så vann Jølster sin store spiss ein tøff duell med Geir og fekk avslutta frå skrått hald og ballen gjekk under Even og i mål.

Laga gjek til pause på stillinga 2-2. I pausen kom gjorde Veitastrond 4-5 byter og fleire kom inn etterkvart. Dette gjorde sitt til at VIL mista litt av strukturen i laget, og Jølster tok meir og meir over initiativet i kampen.

Berre 3 minutt ut i 2.omgang scora Jølster då dei kom seg fri på kanten, la inn i boksen der spissen deira breidsida ballen enkelt i mål.

Me har sant og seia ikkje mykje å melda frå 2.omgang, anna enn at Jølster som sagt var det beste laget og dei scora ytterlegare 2 mål og vann til slutt kampen 5-2. Veitastrond hadde lite å by på etter kvilen og det vart mykje springing i mellom og få sjansar vart skapt.

Alt i alt var dette ein grei fyrste treningskamp, der me gjennomførte ein god 1.omgang og var i denne perioden fullt på høgde med jølstringane. Etter kvilen mista me fasongen på laget og gjekk etterkvart tomme mot eit Jølster lag som var noget meir på hogget enn oss sjølve.

Me takka Jølster for kampen, og ynskjer all lukke til med sesongen 2010!

 

Kampfakta;

Even - Kenneth, Geir, Kim Andre, Frank - Bjørn, Helge, Emil, Åsmund - Kurt, Frode.

Desse kom innpå i løpet av kampen; Erlend, Gaute, Øivind, Morten, Richard, Gøran, Arne og Øystein (sikkert gløymt nokon)

0-1 x

1-1 Frode (Åsmund)

2-1 Frode (Kurt)

2-2 x

2-3 x

2-4 x

2-5 x

Gule kort; Frank på VIL.

Dommar; Thor Kristian Sortevik (god)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com