|
Fjøra - Veitastrond 3-3

Sidan Veitastrond.com sin utsendte repportar ikkje var utsendt til Sognahallen for å overvara kampen mellom Fjøra og Veitastrond er me så heldige å tilby lesarane våre eit eksternt kampreferat. Vår kjære trenar Emil Heggestad har tatt pennen fatt og gjer oss her ein rapport frå kampen. Her går han igjennom det som skjedde utpå bana og litt av dei inntrykka som trenarduoen sit att med.
Før kampen, var arbeidsoppgåvene frå Kurt like einkle og ryddige som til kampen mot Jølster. Fokus på å skyva i dei to firarane og holda avstanden mellom ledda kompakt.
Kampen starta med litt ta og føla på, men me var verkeleg med frå start og me jobba flott defensivt. Fjøra hadde mykje ball, men sleit med å skapa det heilt store. Kim Andre styrte med jernhand bakerst og saman med Geir hadde dei god kontroll på gode og beveglege fjøraspissar.
1-0 te fjøra kom på corner ved Torbjørn Ylvisåker etter om lag 20 min. 5 min seinare var det utlikning ved Kurt etter flott spel og pasningen frå Frode sette Kurt opp på blank kasse. 1-1 og dette holdt seg til pause.
Ein godt gjennomført omgang, med flott defensivt lagspel, og mykje fine angrep. Me gjorde eit byte til 2.omgang, Arne kom inn for Kenneth, og han gjekk opp på topp for Kurt som gjekk ned som ving og sendte Åsmund ned på back.
Fjøra var best i starten av andre og tok leiinga ved Arild Underdal, men så tok maskineriet til Veitastrond over og det viser seg at to vekers treningsfri er godt for lungekapasiteten. Me jobba godt defensivt og Fjøra slit med å skapa dei store farlegheitane og med Kurt, Frode og Arne i front har Fjøra nok å slita med i bakerste ledd.
Frode skaffar oss straffe, som Helge puttar, og 2-2. Me mel på og på ei kontring er det Fronaldo-show. Han tek ballen på midtbana, køyrer karusell med eit par fjører, før han skyt mellom beina på keepern og 3-2 til Strondi og eg seier fortjent. Etter dette har me fleire gode sjansar, men litt rusk framfor kassen gjer sitt til at me ikkje puttar fleire. I kampens siste minutt får Fjøra utlikninga til 3-3 ved Sindre Kjos Wenjum og dette kunne ha vore det same, men trur den smakte godt i fjøraleiren. Litt surt at me ikkje greier å vinna, men som han Gunnar Bakken sa etter å ha mista eit støvlapar: ”da betyr so lite i dan store samanhengen”
Trenaren si vurdering
I dag startar me kampen med heilt enkle oppgåver og fokuserar på dette gjennom heile kampen og me ser at Kurt sine heilt banalt enkle arbeidsoppgåver verkeleg viser seg gull verdt. Me ligg tolmodig og Fjøra går litt tomme for idear. Me gjennomfører kampen glimrande og løpskapasiteten er verkeleg bra så tidleg i oppkøyringa. Fjøra-trenar Bjørn Skjeldestad spurte Kurt om me hadde mykje løpstrening. Svaret var, to veke sidan sist. Dette var eit skikkeleg løft frå kampen mot Jølster og lovar verkeleg bra. Greier me å bygga vidare på dette, er underteikna sikker på at me skal bita godt i frå oss i årets fjerde divisjon.
Kampfakta;
VIL; Even - Kenneth (Arne), Geir, Kim Andre, Frank - Bjørn (Gaute) Helge, Emil, Åsmund (Gøran) - Frode (Jan Erik) Kurt
Ubenytta reservar; Øivind og Øystein
1-0 Tobbe Ylvisåker
1-1 Kurt Heggestad (Frode Kvam)
2-1 Arild Underdal
2-2 Helge Skjælaaen str.
2-3 Frode Kvam
3-3 Sindre Kjos Wenjum
Ingen gule kort
Dommar; Asbjørn Kjetil Grinde Håre (god)
|