Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Dale 1-8

Eit redusert Veitastrond mannskap fekk det tøft mot Dale og tapte heile 1-8 i kveldens treningskamp. VIL hang brukbart med i starten og det såg lovande ut då Bjørn Molland utlikna til 1-1 tidleg i 1.omgang. Derifrå og ut gjekk det diverre dårleg og på slutten så rann måla inn. Stygge siffer, og me kan ikkje ta dette som noko anna enn ei treningsøkt for dei som var med.

Veitastrond hadde som sagt mange spelarar ute til denne kampen, og frå det me opplyste i Før Kampen så kom det fleire endringar. Gaute, Jon Arne, Morten, Åsmund og Jan Erik kunne heller ikkje vera med. Heldigvis så meldte Erlend seg til teneste og i tillegg fekk me med oss Patrik Fritzon, Andreas Bjelde og Karl Jomar Bruheim som alle stilte opp for eit skadeskote Veitastrond.

Noko langt referat frå denne kampen har ikkje noko føre seg, og me finn ikkje noko grunn til å bruka tid på dette.

Dale gjekk fyrst opp til 1-0, før Bjørn utlikna til 1-1 etter fine kombinasjonar med Frode. Deretter scora Dale to mål og dei gjekk til pause med leiing 3-1.

Dei spelarane som var med i dag kjempa heroisk og stod lenge bra i mot, men utover i 2.omgang rakna det litt og Dale scora 5 mål etter kvilen slik at resultatet til slutt vart heile 1-8. 

Det vart diverre ikkje den treningshelga me hadde håpa på i Sognahallen. I staden for to gode kampar fekk me berre ein med alt for lite folk og det gjekk som det måtte gå mot eit godt Dale lag. Med så mykje folk ute er det vanskeleg å få så mykje ut av denne kampen anna enn ei god treningsøkt for dei som var med.

Me lyt berre legga denne kampen bak oss, og sjå framover på det som skal komma. Uansett var det synd både for Veitastrond og Dale at dagens kamp ikkje vart så spanande som den burde ha vore.

 

Kampfakta;

VIL; Patrik - Karl Jomar, Geir, Øivind, Frank - Helge, Emil, Erlend, Bjørn - Frode, Gøran

På benken (alle med mykje speletid); Even, Andreas, Øystein

0-1 x

1-1 Bjørn (Frode)

1-2,3,4,5,6,7,8 xx

Kort; 1 til Dale

Dommar; Frode Ølmheim (me er nøgde me dagens dømming)

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com