|
Årdal 2 - Veitastrond 3-4

Det vart diverre ingen live overføring frå Årdal i dag heller. Årsaka var at vevansvarleg ikkje fekk tid og for så vidt hadde me ikkje nokon på sidelinja som kunne ha oppdatert oss heller. Dette var kanskje ikkje så farleg når me no har vore i kontakt med dei som spelte inne i industribygda i kveld og meldingane var oppløftande. Sjølv om det i dag òg var litt i minste laget med folk så vann Veitastrond 4-3 mot Årdal 2. Dagens mann vart som så mange gonger før Kurt Heggestad som scora 3 av måla til VIL.
Frå det laget me opplyste om i går så meldte Geir og Åsmund forfall, og Øivind og Gaute kom inn for desse. I tillegg var det fleire av dei oppsatte reservane som ikkje vart med slik at me berre hadde to mann på benken. I mål fekk me låna med oss ein keeper frå Årdal (har ikkje navn) og me takkar og bukkar for at vår motstandar var behjelpeleg med dette.
Me har ikkje noko detaljar frå dagens kamp så noko fela langt referat vert det ikkje.
Det me veit er at Veitastrond tok leiinga 4 gonger og Årdal 2 klarde å svara på dette 3 gonger. I 1.omgang scora fyrst Kurt 1-0, før Årdal 2 utlikna til 1-1.
Deretter var det Bjørn som var frampå før årdølene fastsatte pauseresultatet til 2-2.
I 2.omgang scora Kurt 3-2 før Årdal 2 nok ein gong utlikna, men når Kurt førde VIL i leiinga for 4. gong klarde ikkje heimelaget å svara og me vann dermed kampen 4-3, og tok vår fyrste siger så langt i sesongførebuinga.
Vår mann inne i Øvre Årdal var Gaute Daniel Olstad, og på telefon etter kampen kunne han stolt meddela at sigeren var sikra og at han sjølv hadde vore blant kampens mest fremtredande spelarar - "Eg herja vilt på høgrekanten", seier ein audmjuk kaupsing til oss.
I følge Gaute var det tidvis mykje bra frå Veitastrond i dag og prestasjonane kan ikkje samanliknast med den begredelege kampen mot Dale i helga. Fokuset var i fyrste rekke satt på å heva seg etter fredagens kamp og få ei positiv oppleving, og dette meinar Gaute at laget lukkast bra med. Han har ikkje så mykje å trekka ned på anna enn at han var skuffa over at det nok ein gong mangla ein del folk.
Me takkar vår mann inne i Årdal og gratulerar dei som var med innover med siger og fin fin innsats.
Kampfakta;
Årdal 2 - Veitastrond 3-4 (2-2)
VIL; xx - Kenneth, Kim Andre, Øivind, Øyvind - Gaute (Jan Erik), Emil (Øystein), Helge, Bjørn - Kurt, Arne
0-1 Kurt
1-1 x
1-2 Bjørn
2-2 x
2-3 Kurt
3-3 x
3-4 Kurt
Kort; uvisst
Dommar; uvisst (sikkert god)
|