Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Veitastrond - Nord Hordaland 11-4

Veitastrond tok i dag ein knusande siger mot Nord Hordaland og vann til slutt med heile 11-4, etter å ha leia 8-1 til pause. Me var spente på dagens motstandar og det viste seg at det nærast var eit reint junior lag me møtte. Litt uvant å spela ein kamp der me er så totalt overlegne, men nyttig å få ei slik gjennomkøyring å sjå at det offansive spelet vårt fungerar.

Bortsett frå gledeleg resultat var det eine og åleine Øystein Heggestad som vart dagens helt inne i Sognahallen. Øystein kom innpå mot slutten og fekk æra av å setta inn kampens siste mål med ein utsøkt lobb over keeper. Når Øystein scorar mål betyr det litt meir enn det meste anna me driv med innanfor fotballen og me gler oss stort på hass sine vegne i kveld.

Det var eit par spelarar som meldte avbud frå dei spelarane me håpte skulle vera med. Inn kom Erlend Hagen, som har vore med å trent med oss i vinter, og han fekk sin debut for VIL i dag. Laget var ellers som fylgjer; Patrik - Øyvind, Øivind, Kim Andre, Frank - Erlend, Helge, Emil, Bjørn - Kurt, Frode. På benken sat; Øystein og Karl Jomar.

Det viste seg tidleg at dette var ein kamp der det vart spel mot eit mål. Veitastrond køyrde kampen frå start av og med Kurt og Frode i spissen herja med til tider vilt med dei unge hordalendingane.

Til pause leia Veitastrond heile 8-1 etter scoringar av Frode x 4, Kurt x 3 og Kim Andre 1.

Etter kvilen satte Nord Hordaland innpå eit par spelarar med litt meir erfaring og det vart ein langt jamnare kamp. Likevel vart det aldri særleg spanande med tankte på den store leiinga me hadde med oss.

Kim Andre og Kurt fekk kvar sine mål i tillegg til at motstandaren fekk 3 mål før Øystein Heggestad tok over showet.

Frode vart felt like utanfor 16-metern og VIL fekk frispark. Kurt og Helge stod ved ballen og det var sistnevnte som slo pasning til Øystein som stod på 14 meter. Han lot seg ikkje be to gonger og sendte avgårde ein herleg lobb som gjekk i boge over keeper og sat så godt som klistra i krysset. Dette utløyste sjølvsagt elleville jubelscener blant heile VIL-leiren og hovudpersonen skal vera glad han har øyrer, ellers hadde nok smilet gått heilt rundt.

Veitastrond.com har snakka med Øystein på telefon i kveld etter at den verste rusen hadde gitt seg og det var ein tydeleg glad og stolt målscorar med snakka med. Me veit kor mykje dette betyr for Øystein, og i kveld feirar me alle for han.

Dette var det fyrste spelemålet Øystein har scora for Veitastrond. Tidlegare står han bokført med eit mål på straffe mot Hafslo i 2007.

Dette var ein ubetydleg treningskamp, men takka vera Øystein si scoring vart det ein kveld me kjem til å hugsa lenge. Hovudtrenar Emil Heggestad uttalar òg at det fyrst og fremst var det siste målet som står att som det viktigaste etter kveldens kamp, men han tykkjer og at Veitastrond fekk ei meget god gjennomkøyring. Ikkje verdas beste motstandar, men godt å få banka inn mykje mål og få spela på seg sjølvtillit.

Til veka ventar Fjøra, og då vert det truleg langt tøffare.

 

Kampfakta;

Veitastrond - Nord Hordaland 11-4 (8-1)

Patrik - Øyvind, Øivind, Kim Andre, Frank - Erlend (Karl Jomar) Emil, Helge, Bjørn - Frode (Øystein) Kurt.

Mål for Veitastrond;

Kurt x 4

Frode x 4

Kim Andre x 2

Øystein x 1

Dommar; veitsj...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com