Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Fjøra - Veitastrond 1-1

For andre gong på ein god månad spelte Veitastrond uavgjort i treningskamp mot Fjøra. I gårsdagens kamp ute på Kaupanger enda det 1-1 etter at det var Veitastrond som tok leiinga. Nok ein gong så spelar VIL ein god kamp mot eit lag frå høgare divisjonar, og når me no er byrja å tetta att bakover kan dette bli meget bra når serien sparkast i gang. Diverre var det og i dag litt for få spelarar å velja mellom for trenarane, men dei som møtte opp gjorde ein heroisk innsats for laget sitt.

I forhold til det laget me annonserte så kom Øivind inn for Frank, og i mål lånte me med oss Fjøra målvakt Bjarte Hovland. På benken sat leigesoldat Erlend Hagen i einsam majestet.

Kampen opna med eit forrykande Fjøra tempo og dersom dei hadde haldt oppe det trykket dei hadde fyrste 10 minutta i resten av kampen så kunne det ha blitt stygt.

Heldigvis så sakka Fjøra snygt ned på tempoet sitt og etter 15 minutt var det Veitastrond som tok leiinga på det sleipe kunstgraset på Kaupanger. Kurt raida venstresida, la attende til Emil og etter litt fram og tilbake inne i feltet havna ballen på bakerste hjå Arne, som dunka ballen opp i nettaket. Dermed 1-0 i favør Veitastrond.

Resten av omgangen var det Fjøra som stort sett hadde spelet og skapte det som var av sjansar. Utlikninga kom etter 25 minutt, etter at eit innlegg inn i VIL-boksen vart ekspendert i mål til 1-1.

Utover i omgangen hadde Fjøra fleire store sjansar der den klart største kom på straffespark, men som dagens innleigde keeper Hovland redda meisterleg.

Laga gjekk til pause med 1-1.

2.omgang var mykje lik siste halvtimen av den 1. Fjøra hadde initiativet i kampen og skapte nokre sjansar, men Veitastrond stod godt i lagdelene og jobba knallhardt for kvarandre. Dette gjorde til at Fjøra aldri vart overlegne og så lenge me har Kurt og Frode på topp har me eit konstant uroment for eit kvart forsvar kvar gong ballen går over midtstreken.

Medan Fjøra hadde dei fleste sjansane så fekk me vår største sjanse 10 minutt før slutt då Frode fekk ballen inne i boksen, men etter litt fram og tilbake klarte han ikkje å få stokka beina skikkeleg.

Utan at me skal gå noko meir detaljert inn på kampforløpet så ebba det etterkvart ut med 1-1.

Veitastrond er godt nøgd med dagens kamp og spesielt det defansive spelet vårt var bra i dag. Me står godt i lagdelene og jobbar heroisk, og det er særs nyttig å spela mot eit så bra lag som Fjøra der me verkeleg får trena på dette.

Trenar Emil Heggestad var godt nøgd med kampen og seier at dersom det held fram i dette sporet kan årets sesong bli alvorleg bra. Av enkelt spelarar vil Emil trekka fram banas beste spelar Kim Andre, som var sjef med stor S i vårt midtforsvar. Etter at han gjekk inn som fast midtstoggar har han berre vorte bedre og bedre og det osar kvalitet av Kimmy om dagen. Ellers så stod vår innleige keeper Bjarte Hovland tidvis som ein levande vegg mot sine eigne, og me kan nok takka han for at det ikkje vart fleire baklengs.

God kamp frå VIL, men neste gong vonar me at trenarane får litt fleire å velga mellom når dei skal ta ut fyrsteellevaren.

Etter to velspelte treningskampar mot Fjøra, så nyttar me anledninga til å ynskja dei lukke til med sesongen 2010.

 

Kampfakta;

Fjøra - Veitastrond 1-1 (1-1)

VIL; Bjarte Hovland - Øivind (Erlend) Geir, Kim Andre, Øyvind - Arne, Emil, Helge, Bjørn - Frode, Kurt

0-1 Arne

1-1 x

Gule kort; uvisst...

Dommar; Tommy Skjerven

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com