|
Fotballåret 2008 frå A - Å
Arne Nes. Veteranspissen var ikkje så mykje involvert i årets sesong, men når han fyrst var med så gjorde han det skikkeleg. Scora det viktige 3-2 målet borte mot Kaupanger 2 og skreiv seg for alvor inn i historiebøkene med si utligning til 6-6 borte mot Bjørn på overtid.
Breimsbygda. Laget frå Byrkjelo vart eit meget positivt bekjenskap for vår del, og sjølv om me berre fekk med oss 1 poeng over to kampar mot dei så framstod dei som eit sympatisk og kjekt lag. Flott å sjå at dei og lagde ei skikkeleg ramme rundt heimekampane sine med over 175 betalande tilskodarar.
Congratulations. Etter opprykket vårt fekk me oppsiktsvekkande mange gratulasjonshelsingar, som naturlegvis varma.
Dirty player. Nok ein gong var det Even Kvam som mottok prisen som årets raotass med sine 4 gule- og 1 raudt kort. Neste år skal han etter rykta gå tilbake som keeper, og då vert det kanskje mogleg for andre å ta denne plassen. To som heilt sikkert vil vera med å kjempa om denne prisen er Geir Aardal og Frank Heggestad som i år vart nummer 2 og 4 på denne lista.
Eldsjeler. Dette er noko me er avhengige av i VIL-fotball og heldigivis har me nok av dei. I kiosken har me Ingrid Heggestad, Rakel Molland, John Molland og Hildegunn Heggestad som gjer ein utrøytteleg innsats for oss, og som gjer at spelarane kan nyta den luxusen å kun konsentrera seg om det som skjer på bana.
F-ordet. Det finnes mange ord på F, og eit av desse var det Geir Aardal brukte for å beskriva dommar Rune Haugland sin innsats i borteoppgjeret mot Jølster 2. Dommaren vart på si side ikkje vidare imponert, og svare med å visa Geir det raude kortet.
Gaular. Ein av årets nye bekjentskap for vår del. Etter at me slo dei 4-2 på Leikvoll i vår var det ein noko dårleg tone mellom dei to laga, og på diverse gjestebøker var ikkje stemninga heilt på topp. På haustsesongen svara begge lag med å laga årets målkalas der Gaular vann 9-6, og etter kampen rapporterast laga no å vera gode venner.
Hoppefinten. I sommarpausen presenterte VIL-spelar Gaute Olstad sin ny-oppfunne finte. I følge han sjølv vil denne komma til å revolusjonera fotballverden i dei neste åra.
I siste liten. 3 kampar på rad; Bjørn (B), Breimsbygda (H) og Vadheim/Høyang 2 (H) så scora Veitastrond 4 mål i sluttminutta, som til saman ga 5 verdifulle poeng i årets serie.
Jossn. Vår banemann Johannes Nes la nok ein gong ned ein vannvittig innsats for at Leikvoll Stadion skal vera best mogleg for oss spelarane. Vil sjeldan ha oppmerksamhet rundt jobben sin, men alle partar var både glade og stolte når Johannes mottok julestjerna frå Sogn Avis i desember for sin innsats - vel fortent.
Kuppet. Kurt Heggestad gjekk frå å vera den beste spelaren til Sogndal i Addeccoligaen 2007 til å spela for Veitastrond i 5.divisjon i 2008. Kurt vart akkurat så god som det me hadde rekna med og var blant anna årets assistkonge og stod bak årets mål.
Lustraderby. Dette var sesongen då 3 lag frå Luster; Veitastrond, Hafslo og Bjørn havna i samme avdeling. Dette gjorde til at det vart ekstra prestisje å henta for desse laga, og ikkje særleg overraskande så viste Veitastrond seg å vera best her og.
Magisk stemning. Det var noko magisk over det når Arne Nes satte inn 6-6 borte mot kommunekollega Bjørn på overtid. Ikkje så magisk for dei på gopn-tribuna som pent måtte svelga i seg orda; "hå hå, teink å leda 3-1, men so tapa 6-4"...
Nasabrotet. Det såg stygt ut når Øivind Kristiansen stanga til ein motspelar i heimekampen mot Jølster 2 i vår. "Boltn" sitt nasagrev raukt tvert av, og han måtte ta den turen til legevakta for å beinka den opp igjen. Vår fotograf fekk eit flott blinkskot av Øivind rett etter hendinga, og årets bilde var dermed eit faktum.
Opprykk. Veitastrond naut stor suksess gjennom heile sesongen og krona dette med eit imponerande opprykk til 4.divisjon. Sjølve opprykket var feira betrakteleg på ein søndagskveld på Lægreidspuben - ein kveld me seint kjem til å gløyma.
Pokalen. Etter å ha beseira Førde 3 i KM-finalen i Jølster mottok Veitastrond pokalen som det synlege beviset på vår suksess. Etter den tid har ingen sett noko til pokalen. Anten står den nede i eit galehus i "nistafjøra" eller i bratta på Leite, eller så sit nok Rolf Bjelde oppe i Fjærlandsbommen og pussar på sølvtøyet vårt.
Que pasa? eller; kva skjer? for dei som ikkje er så inne på spansken. Vel i 2008 var det ganske mykje som skjedde, og nokre av hendingane er det då me prøver å formidla i denne A - Å gjennomgangen.
Rundballe. Helge Skjælaaen skapte furore i den vesle jordbruksbygda vår når han ga uttrykk for at han ikkje visste "kva dei kvite greiene ute på jordene" er for noko. Me er rimeleg sikre på at Helge no veit at dette heiter rundballe, og vert nytta som mat til dyra (som til dømes kyr, geit og sau)
Sporstsrevyen. Nrk og Arve Uglum var framme på Strondi i september å laga reportasje rundt lokaloppgjeret Veitastrond - Hafslo. Dette førte til ein fantastisk reportasje som vart sendt i både Vestlands- og Sportsrevyen, og framstod som framifrå reklame for både fotballaget vårt og bygda.
To raude kort og Tap. Dette var alt Veitastrond fekk med seg heim etter å ha tapt den 6-5 i den viktige bortekampen mot Jølster 2. Berre flax gjorde til at Bjørn då ikkje avgjorde opprykkskampen til sin fordel.
Uybygginga. Det var i sommar stor spaning til kva som skulle skje med Leikvoll Stadion. Dersom me klarde opprykk til 4.divisjon ville ikkje Leikvoll med sin storleik på 90x50 meter bli akspetert, og me måtta å sjå oss om etter alternative løysingar. Til sist var det Johannes Nes sitt råd om å bygga ut Leikvoll som vart brukt, og etter at Johan Hilleren hadde fått nokre dagar med gravemaskina si så var utbygginga eit faktum.
Vossapylso. Sindre Mørkve kom inn som ein av dei litt meir "anonyme" signeringane i vinter. På bana var han ein stor suksess i våre bakre ledd, og når han reiste etter vårsesongen byrja me plutseleg å sleppa utruleg mykje mål. Tilfeldigt? neppe...
W, eller dobbel V, eller V V og initialane til Vidar Vadseth om du vil. Bautaspissen fekk ikkje så mykje speletid som han hadde håpa på sjølv om han stort sett innfridde når han fekk sjansen. Svara med å gå hardt ut mot trenar Emil Heggestad i sommarspausen, og meinte at trenaren hadde for strenge krav. Ryktast no å komma tilbake i 2009 i superform, og dei som har sett han den siste tida er usikre på om det er kroppen som er vorte mindre eller om det er hovudet som er vorte større.
X-faktoren. Veitastrond gjorde stor suksess på transferfronten før sesongen ved å blant anna henta inn Kurt Heggestad, Frode Kvam og Morten Hagen. I ettertid er det lett å sjå at desse 3 var det vesle ekstra som skulle til for at me gjorde suksess og vann årets 5.divisjon.
Yrande folkeliv. Folk møtte opp i hopetal til heimekampane våre, og me låg på eit snitt på godt over 100 tilskodarar pr.kamp. Best var det i siste kamp vs Bjørn då over 300 menneskjer var til stades, og var samstundes med på å samla inn nærare kr.20.000,- til Katrin Lerum sitt Minnefond.
Zzz. Sett utifrå antall mål pr kampar så var Hafslo det mest keisame laget i avdelinga vår. Dette medførte til siste plass og nedrykk til 6.divisjon for våre kollegaer. Veitastrond på si side spelte den mest underhaldande fotballen, og dette medførte då til motsatt ende av tabellen og opprykk.
"Æ e så lei a det maset ditt". Velkjent frasa frå Torstein Egil Kvam, som nok ein gong var mykje å sjå i svart på Leikvoll, og som vanleg vart vennskapet vårt til han satt på prøve nokre gonger. Til sjuande og siste er me likevel glade i Torstein, og held han som klubben sin naturlege favorittdommar ;)
Øyvind Lien. Etter fleire år som lovande ving, så viste Øyvind seg på slutten av sesongen som ein fultt utvikla back. Til neste år er det truleg i dei bakre rekkjer han vil vera med å kjempa om ein plass, anten han då kan bevisa at han er ekte strending eller ei.
Årets spelar og toppscorar. Ny-signeringa Frode Kvam bøtta inn mål for VIL og noterte seg for heile 25 scoringar på 15 kampar. Denne innsatsen vart på avslutningsfesten og premiert med prisen som årets spelar.
|