|
3 viktige faktorar i årets sesong
For at Veitastrond skal gjera suksess i årets sesong er det mykje som må klaffa. Laget må jobba godt i saman, unngå skadar og vinnar jamne kampar. Mykje snikk snakk og svadaprat med andre. Uansett er det enkelte faktorar som vert viktigare enn andre, og som me truleg er avhengige av dersom me skal gjera det best mogleg. Me har plukka ut 3 faktorar me trur vil bli avgjerande;
1. Formasjonen fungerer

Mange vil kanskje seia at dette burde seia seg sjølv, for utan god formasjon og taktikk vil ikkje noko lag fungera. Likevel ser me på det dette som ekstra spanande for vår del denne sesongen. På hausten i fjor hadde me ein spelestil som gjorde at me scora i bøtter og spann, men i tillegg og slapp inn mykje mål. Det vart mykje hawaii-fotball og det vart mykje på lykke og fromme. Det gjekk bra til slutt i fjor, men me trur ikkje denne taktikken går i år og det faktum at me har mista Frode Kvam gjer til at me manglar ein sentral brikke frå fjoråret.
Difor vil me i år satsa hardt på å tetta att meir bakover, og ligga mykje meir kompakt som lag. Me har mykje gode midtbanespelarar i klubben, og når desse får ligga saman som ein 5`ar i vår 4-2-3-1 formasjon trur me det blir meget bra etterkvart. Denne formasjonen kjem heilt sikkert til å gjera oss bedre bakover, men utfordringa blir kanskje å skapa nok framover. Her vil me nok vera avhengige av at enkeltspelarar har dagen.
2. Kurt Heggestad

...og av enkeltspelarane er me avhengige av at vår juvel Kurt Heggestad held seg skadefri, og held formen inntakt.
Om me vil eller ei så lyt me nok innrømma at Kurtn vert vår viktigaste spelar i år, og kanskje er me meir avhengige av han enn me trur. Han er eit konstant uromoment mot einkvar forsvarspelar i 4.divisjon, og han er det naturlege slagvåpenet vårt i angrepsspelet.
I tillegg til Kurt trur me og det er viktig at trioen Even Kvam, Emil Heggestad og Morten Hagen er med 100%. Desse 4 har alle erfaring frå høgare divisjonar og vil bli våre nøkkelspelarar i år (og).
3. Leikvoll Stadion

I år vert det fleire lag i serien og våre motstandarar er plassert i heile fylket. Dette gjer at det vert lengre reiser på alle, og all erfaring tilseier at lange borteturar gjer fleire forfall enn ellers. Vår eiga Leikvoll er nok ein av dei mest bortgjøymde banene i fylket, og me trur det vil bli ekstremt viktig at me plukkar mest mogleg poeng framfor vårt entusiastiske heimepublikum. I fjor tapte me ikkje ein einste kamp her, og dette lyt me prøva å følga opp i år.
Me har i tillegg bygd ut bana i år, og både spelarar og publikum gler seg stort til å innvia Nye Leikvoll Stadion. Sidan bana vart utbygd i fjor haust er det ein del spaningsmoment rundt kortid den er klar, men forhåpentlegvis så må me ikkje spela for mange heimekampar utanfor Veitastrond.
|