|
5.divisjon avd.1 2008 - oppsett
Kretsen har no offentlegjort korleis oppsettet for neste års 5.divisjon blir. Divisjonen vert som tidlegare kjent oppdelt i to avdelingar med 8 lag i kvar. Me er havna i avd.1, og motstandarlaga passar oss meget bra med hensyn til geografien. Sjølve kampoppsettet ser ikkje fullt så bra ut, men me vonar me får retta litt på dette til sesongstart.
Veitastrond er havna i avdeling 1., som består av følgande lag;
- Veitastrond
- Hafslo
- Bjørn
- Kaupanger 2
- Vadheim/Høyang 2
- Breimsbygda
- Gaular
- Jølster 2
Terminliste for sesongen finn du HER
Geografisk er dette så bra som det får blitt for vår del, og det er einaste turen til Gaular som kan virka noko i lengste laget, men me det går nok bra det og. Alt i alt er nok dette den mest spanande avdelinga me har vore i sidan me byrjai 2004, og me gler oss over at me no går tilbake til å spela dobbel serie i staden for trippel. Særleg spannande vert oppgjera mot Vadheim/Høyang 2, Breimsbygda, Gaular og Jølster 2 som alle vert nye bekjentskap for oss. Det skal ikkje vera nokon stor hemmeleghet at me var noko leie av å spela 3 gonger mot SIL3 og Balestrand år etter år.
Lokalt sett er dette og ein meget interessant avdeling, og det vert utruleg moro å ha 3 lag ifrå Luster kommune i ei og samme avdeling. Her vert det heilt klart mykje prestisje inni bildet, og kampen om å vera best i kommunen kjem heilt sikkert til å spissa seg til utover i sesongen. Det siste laget vert då Kaupanger 2, som me kjenner godt ifrå alle treningskampane me har hatt mot dei, og eit lag me gler oss til å spela mot i seriesamanheng igjen.
Den andre avdelinga som heldigvis ikkje me havna i består av; Florø2. Bremanger, Eid2, Dale2, Førde3, Vikane, Oppstryn og Tornado/Måløy2.
Terminlista
Sjølve terminlista som er satt opp er me ikkje like nøgde med. Her er alle kampane satt opp til å spelast søndagar kl 15:00. For oss er dette heilt uaktuelt, og forhåpentlegvis klarar me å få flytta dei fleste kampane til midtvekene. Laget vårt består stort sett av familiefolk eller festglad ungdom, og då passar søndagsfotball heller dårleg.
I eit informasjonsskriv ifrå kretsen legg dei og til rette for at klubbane kan avtala innbyrdes om flytting av kampar, og me vonar at dei andre laga i avdelinga har samme syn på søndagskampar som me har. Einaste som sikkert ikkjer vert aktuelt er laurdagskampar, då dette er dagen 3.divisjon spelar sine kampar, og dei fleste dommarane nok er opptekne.
For vår del så opnar me borte mot Breimsbygda 4.mai og avsluttar heime i ein gysare mot Bjørn 28. september. Andre datoar ein berre kan kryssa av i boka er heime mot Hafslo 7.spetember og borte mot samme lag 8 juni.
VIL-fotball gler seg no for alvor til å ta fatt på 5.divisjonspel i 2008!
|