Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  97 av 97

Veitastrond sin kamp mot Eikefjord på fredag var blåtrøyene sin offisielle kamp (serie+cup) nummer 98, og det nærmar seg med andre ord jubileumskamp. Det var og ein annan som kunne fått sitt jubileum i samme kamp, men då Richard Nes ikkje vart med til Eikefjord på fredag så måtte han stå over sin fyrste kamp for Veitastrond nokon gong. Det var dermed ei lita barriere som vart broten, og Richard må dermed venta minst ein kamp lengre før han rundar sin kamp nummer 100. Men medan laget må ha si markering på bortebane mot Årdal 2, så ligg det an til at Richard rundar 100 spelte kampar heime mot Kaupanger på Leikvoll Stadion.

Richard Nes er 26 år og er ein av dei som har vore med Veitastrond Fotball sidan byrjinga i 2004. Han fekk altså med seg dei fyrste 97 offisielle kampane til Veitastrond, men måtte melda avbud til den 98. Richard hadde lenge 100% oppmøte på alle treningskampar, og før årets sesong hadde han berre gått glipp av ein 1 treningskamp. I vinter var han imidlertid lite med og var fråverande frå dei fleste oppkøyringskampane, og det var kanskje ikkje så overraskande at han ikkje fekk vera med på alle seriekampane i år.

Veitastrond.com var så heldige å få rekordhaldaren på tomannshand, og me nytta anledninga til å fyra av nokre spørmål;

Kor surt er det å ikkje få med seg 100 kampar på rad når du var så nær?

På ein skala frå 1 til 100 så vil eg seia 97.

97 kampar på rad fordelt på 7 sesongar. Korleis har du fått til dette?

For det fyrste så har eg vore heldig å aldri vore noko særleg plaga med skadar, og eg er sopass forsiktig av meg at eg heller aldri har sona karantene (1 gult kort på 97 kampar...) Ellers har det vel mest med prioriteringr å gjera, og det er no slik at det stort sett har passa seg med at ikkje noko har komme i vegen. Dei gongene noko har vore i vegen har det stort sett ordna seg likevel. Kan vel kanskje seia at det ikkje alltid har vore like populært på heimebane når eg har gjort mine prioriteringar, men det har no stort sett gått bra dette og.

Det er ikkje mangel på fritidsaktivetar altså?

Nei det vil eg ikkje seia. Når ein har Veitastrond Fotball treng ein ikkje fleire hobbyar.

Blir det noko feiring når du eventuelt rundar 100 kampar?

Har ikkje tenkt på noko, men reknar med at klubben stelleri stand eit eller anna for meg. Treng eigentleg ikkje vera så mykje. Noko fyrverkeri, ein gåvesjekk og ein jubileumsfest så er eg nøgd.

Blir det no 97 nye kampar på rad?

Det skal vel litt til kanskje. No har eg ikkje fått så mykje speletid under den nye trenarduoen, så det kjem sjølvsagt an på kor mykje tillit eg får der i gården.

Jaha. Er du misnøgd med den nye trenarduoen?

Nei altså, no vil ikkje eg skapa noko splid...men...eg spelte trass alt 94 kampar på rad før årets sesong, men etter berre 4 kampar med dei nye trenarane så var det slutt. Er vel tvilsomt om det berre er tilfeldigetar for å seia det slik.

Høyres noko mistenkeleg ut ja...Men, på tide å runda av her no, og me takkar for den korte praten.

Sjøl takk du..

Veitastrond.com takkar Richard for at han tok seg tid til oss, og ynskjer han og Veitastrond lukke til vidare i jakta på nye jubileum og rekorar.

Fleire spelarar snusar på 100 kampar

Medan Richard er 3 kampar frå 100 spelte kampar så er det og andre spelarar som kan nå denne grensa i årets sesong.

Bjørn Molland står med 89 kampar, og dersom det ikkje skulle skje noko uforutsett så vil truleg han passera 100 spelte kampar i løpet av haustsesongen.

Neste mann på lista som kan klara det i år er VIL-guru Emil Heggestad. Emil står med 84 kampar, og dersom han ikkje går glipp av fleire enn 2 kampar i år vil han passera 100 kampar heilt på slutten av årets sesong.

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com