Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Frank takkar nei

 

Etter å ha fått eit tilbod om å bli ny VIL-trenar før helga, takka i dag Frank Heggestad nei til å bli trenar for VIL-fotball i sesongen 2007. Frank som seinast var trenar i 2004 og assistent i 2005 oppgjer som hovudgrunn at han prioriterer familie og dommarkarriera i den kommande sesongen. Familien vart auka til 4 då vesle Even kom til verda i fjor, og me har full forståing for Frank sine prioriteringar her.

 

Veitastrond har altså ennå ikkje funne nokon erstattar for Leiv Inge Fimreite, og styreleiar Emil Heggestad hadde håpa han kunne lokka til seg Frank ved at han fekk styra klubben på samme betingelsane som Leiv Inge hadde i fjor. Det vil seie at han kun vart med på torsdagstreningane og at han fekk dei samme økonomiske rammene.

Emil innrømmer at han er skuffa over at Frank takka nei, men ikkje særleg overraska. "Det har vel lege litt i korta at Frank ville prioritera andre ting enn VIL i år, men eg hadde likevel eit håp om at han ville takka ja om forholda låg til rette for det. No er det berre å finkjemma markedet etter andre alternativ, men det er inga tvil om at Frank var vårt førsteval." På spørsmål om han sjølv er ein av kandidatane svarar Emil at han fryktar det....

Hovudpersonen sjølv, Frank Heggestad, stadfestar at han takka nei til eit meget lukrativt tilbod frå VIL-fotball. Han var både overraska og svært smigra over førespurnaden, men etter familieråd i helga valde han å avslå tilbodet. "Den kommande sesongen kjem eg til å prioritera familien og dommarkarriera. Sidan eg forløpig kun dømmer 6.divisjon, må eg anten velja mellom å spela eller å dømma. Valet denne gongen falt på dømminga, og eg er spent på å sjå kor langt eg kan komma. Tilbakemeldingane har so langt våre gode, og eg har som mål å ta nokre steg oppover i divisjonane." Som ein av dei ivrigaste kortsamlarane i VIL si historie skulle Frank ha alle forutsetningar til å veta korleis han skal handtera hissigproppar og kinkige situasjonar i dommardrakta. Det er berre å ynskja lykke til med dommarkarrieren, og sjølvsagt kjempeflott at Veitastrond klarer å stilla med eigen dommar (i motsetnad til Sogndal Fotball )

Frank tibakeviser alle påstandar om at det var økonomiske betingelsar som velta avtalen; "Eg vart tilbydd ein økonomisk pakke som eg var nøgd med utan å gå i detaljar på kva dette innebar, men denne gongen var det andre høve som vog tyngst"

Frank, som under intervjuet stadig vart avbroten av sonen Even, vil ikkje utelukka at han vil takka ja til eit trenarverv i framtida og då gjerne med den nytilsette assistenten Richard Nes ved si side...

Det at Frank no takkar nei betyr at Emil Heggestad og Richard Nes held fram med å ha ansvaret inntil ein permanent trenar er på plass!

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com