|
Andreas Bjelde takkar nei til spel for Veitastrond

Det er den tida på året då spelarstallen skal spikrast og i den anledning er Veitastrond Fotball for tida aktive på transferfronten der me leitar etter aktuelle nyervervelsar. Andreas Bjelde er ein av dei me har hatt i kikkerten ei stund og han har òg vore med oss på trening i ein periode, men denne veka valgte kaupsingen diverre å takka nei til spel for Veitastrond. Den rutinerte forsvarspelaren ville truleg ha passa som hand i hanske til VIL-fotball sin profil og det var med vemod me tok i mot beskjeden frå Andreas.
Andreas Bjelde er 29 år, busett i Sogndal men er opprinneleg frå Kaupanger. Sidan han var ca 7 år har han spelt for moderklubben ute på Skogen, og det var mange som heva augnebryna då Veitastrond la inn ein forespurnad på Andreas.
I ein samtale med Veitastrond.com fortel Andreas at det har vore ein hektisk og til tider turbulent periode sidan VIL-fotball tok kontakt; "Det har utvilsamt vore ein del dagar med ulike tankar som har vore innom topploket. Spel for Veitastrond frista heilt klart, men samstundes var eg i dus om eg kunne svikta moderklubben min etter over 20 år i grønt"
Reaksjonane i nærmiljøet har heller ikkje late venta på seg og han har for alvor fått kjenna på kroppen at det var ein av rivalane i årets 4.divisjon som ville henta han; "Ja folk ute på Kaupanger har vore veldig engasjert i denne saka, og eg vedgår at eg har motteke enkelte trugsmål dersom eg skulle bli å sjå i Veitastronddrakt i 2010. Heilt klart ubehageleg, men eg lyt berre heva meg over den slags", uttalar Andreas medan han klør seg betenkningsfullt på den etterkvart så tynngrodde hovudskallen sin.
Satsar på sykkel
Likevel er det ikkje press frå moderklubben som gjer at han har valgt å takka nei til Veitastrond. Andreas har slått seg på den populære sykkelbølgja som herjar for tida og til sumaren har han ambisjonar om å trekka på seg åletrange sykkelbukser så snygt anledninga byr seg.
"Det var så mange som reiste stad å kjøpte seg dyre syklar og tilhøyrande utstyr at eg dette ville eg prøva og. Så til sommaren blir det ein del tråkking og kanskje eg hyv meg med på nokre sykkelløp rundt omkring.", seier ein engasjert syklist.
Muligens haustsesong?
Sidan sykkelsesongen ikkje varar evigt vil ikkje Andreas utelukke at han kan ta opp igjen fotballkarierra si til hausten. Han vil likevel ikkje røpa for mykje om dette blir ute på Skogen, eller frampå Leikvoll "Den runden får eg eventuelt ta med meg sjølv om det skulle bli aktuelt. Eg må uansett få skyta inn at eg er veldig smigra over tilbodet frå Veitastrond, og eg kan ikkje utelukka ein overgang ved ein seinare anledning", avsluttar Andreas til Veitastrond.com sin utsendte reportar.
Det vart altså ikkje napp for leiinga i Veitastrond på Andreas Bjelde i denne anledninga og jakta på nye spelarar er langt ifrå avslutta...
|