Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  Årets spelar og toppscorar 2006

Nei, det er ingen skrivefeil i overskrifta vår, og denne reportasjen skal faktisk handla om prisdryss frå sesongen 2006. For dei som føl med Veitastrond Fotball så hugsar dei nok at Bjarte Pedersen var kåra til årets spelar dette året medan Richard Nes fekk tittelen som årets toppscorar. Det vart imidlertid med tittelen for desse to då det synlege beviset i form av ein pokal aldri vart utdelt grunna at arrangementskomiteen hadde rota det til. Dei to pokalane har no stått på premiehylla til VIL-guru Emil Heggestad i 2 år, men mot hass vilje så måtte han no levera desse i frå seg slik at rette vedkommande fekk pokalane til odel og eige.

Årets spelar

Bjarte Pedersen fekk berre med seg ein sesong i VIL-trøya. Under Leiv Inge Fimreite sitt regime så spelte han i 2006 samtlege 12 kampar for VIL, der dei fleste var som venstreback. Bjarte utførde ein nærast prikkfri sesong der han kanskje ikkje var den spelaren som var mest fremtredane, noko 0 mål og 0 gule/raude kort skulle tilsei. Likevel gjorde han sakene sine utmerka, og i ei tid der det som regel er dei som utmerker seg framover på bana var det flott å sjå at Bjarte fekk denne prisen for sin innsats som venstreback.

Tidlegare denne veka så var VIL-styret representert med Frank Heggestad på kontoret til "Bjarte Pedersen Fan Club" for å dela ut den etterlengta pokalen. VIL-fotball møtte ein særs godt nøgd prisvinnar under overrekkinga, og han innrømma samstundes at dette var etterlengta;

"Etter 2 års lang ventetid er endeleg pokalen på plass, og eg føler no at ein verkebyll i livet mitt er borte. Det var utruleg stort for meg å få denne utmerkinga i 2006, og eg hugsar ennå avslutningsfesten det året. Eg vart då lova at pokalen skulle bli utdelt nokre dagar seinare, men dagar vart fort til månadar og seinare til år. I starten trudde eg dette berre skuldast ei vanleg forseinking, men etterkvart byrja det å ploppa opp rykter om at dei ikkje ville gje meg pokalen sidan eg var fyrste ikkje-strending som mottok denne prisen og lokale krefter innad i klubben tok visst dette forholdsvis tungt. Desse rykta vart på mange måtar bekrefta når Emil Heggestad fekk prisen året etter, og sjølvsagt då mottok prisen på avslutningsfesten"

Så det er med ein viss bismak du no mottek denne prisen altså?

"På ein måte ja, men på ein annan måte har eg jo jekla lyst på denne pokalen. Er eit fint statussymbol som kjem til å ta seg godt ut på hylla i stova - ei hylle eg kjøpte i 2006 og som av naturlege grunnar har stått tom sida. I tillegg har eg stor tru på at pokalen kan verta ein innertiar å ha med seg på innerlomma når ein er på jakt nede på SoHo, om du skjønar kva eg meinar"

Trur me skjønar ja...Vart du overraska over at du i det heile vann prisen som årets spelar i 2006?

"I grunn ikkje. Slik eg vurderte situasjonen så var det ingen andre spelarar som kom opp mot mitt nivå. Difor valgte eg og å stemma på meg sjølv som årets spelar. Dette kan kanskje virka noko blærete på somme, men så lenge eg såg på meg sjølv som den beste spelaren hadde eg absolutt ingen baktankar med dette"

Kva har du gjort etter at du fekk prisen og slutta som aktiv fotballspelar?

"Bortsett frå å venta på denne pokalen har eg spelt litt på kompislaget Leite Mix, og i tillegg fekk eg nokre kampar for moderklubben Norane i 6.divisjon i fjor"

Kan det vera aktuelt med eit comeback for Veitastrond Fotball i framtida?

"Tja, det får me sjå på når eit eventuelt tilbod skulle komma. Ei forutsetning for at eg skulle gjera dette comebacket trur eg må vera om dei som sit i dagens VIL-styre går av. Etter 2 års ventetid på ein pokal ville det vorte umogleg for meg å samarbeide med den gjengen der igjen..."

Med desse orda så avslutta Bjarte samtalen med Frank Heggestad, og dei oppmøtte på kontoret til "Bjarte Pedersen Fan Club" ga hovudpersonen ståande applaus - noko som sjølvsagt er vel fortent!

Årets toppscorar 2006

I tillegg til Bjarte så fekk og Richard Nes ein pris denne veka for årets toppscorar 2006. Dette vert 4.gongen han mottek denne prisen då han og vart toppscorar i 2004, 2005 og 2007. Veitastrond.com var så heldige å få ein prat med den sympatiske storscoraren til Veitastrond.

Gratulerar med velfortent pris?

"Åå, jeu takk for det. Hadde nesten gløymt denne prisen. Du veit, når ein har så mange slike prisar frå før så er det ikkje alltid så lett halda oversikta over kva ein har motteke og ikkje motteke"

Så du har ikkje gått å venta på prisen i desse 2 åra altså?

"Nei nei, det har eg nok ikkje. Som sagt så er premieskåpet fullt frå før, men me får sjå om me får pressa endå ein til inn i samlinga. Hadde eigentleg tenkt å ikkje motta fleire prisar, og det var forsåvitt hovudgrunnen til at eg ikkje gadda å bli toppscorar i årets sesong (2008) - har rett og slett ikkje plass til fleire premiar"

Så du gjordes på å ikkje bli toppscorar i år fordi du ikkje har plass til fleire pokalar?

"Ja det vil eg faktisk seia. I tillegg merkar eg at når ein har motteke eit visst antall premiar vert ein metta på suksess, og stasen over å motta prisar forsvinn. Slik sett er det og greitt å få ein pause frå å motta prisar, men no kjem de altså med denne. Verkar som prisdrysset over meg aldri skal ta slutt."

Javel ja. Så me skal ikkje sjå bort ifrå at du vert toppscorar i 2009?

"Det får me sjå på. Kjem heilt an på korleis motivasjonen min til å motta pokalar er..."

Gratulerar

Med desse to intervjua av dei to hyggelege prisvinnarane så rundar me av denne sekvensen. Heile klubben er no glade for å setta ein strek over alt som heiter 2006, og me kan på ny sjå framover.

Veitastrond Fotball nyttar naturlegvis anledninga til å gratulera dei to vinnarane, og me beklagar samstundes at utdelinga har lete venta på seg.

 

Sjå fleire bilder av vinnarane HER

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com