|
Årets spelar 2009 - KURT HEGGESTAD

Under avslutningsfesten til Veitastrond på Lægreid Hotel, vart i går Kurt Heggestad stemt fram som årets spelar 2009. Kurt har utvilsamt vore den beste spelaren både på Veitastrond i år, og kanskje den beste i heile 4.divisjon. Det slo difor ikkje ned som noko bombe då navnet på årets spelar vart lest opp.
Som vanleg vart årets spelar stemt fram av spelarane sjølve. Alle fekk gje 2 poeng til den dei meinte har vore best, og 1 poeng til den nest beste. 17 spelarar hadde avgitt stemme, og Kurt fekk til saman 32 poeng. Dvs at 16 av 17 hadde stemt på han som årets spelar, og den einaste som ikkje hadde stemt på Kurt var Kurt sjølv (sjølv om sikkert han òg eigentleg meinte at han har vore den beste...) Med andre ord var det ein velfortent pris venstrevingen vår tok med seg heim i går.
Bak Kurt fulgte Even med 11 poeng og Helge med 4 poeng.
I tillegg til prisen for årets spelar mottok Kurt òg pokal som årets toppscorar med 26 mål på 22 spelte kampar.
Bjørn Molland fekk eit gåvekort på Matkroken på kr 200,- + 1 flaske med 0,33l Pokal Øl.
Det vart òg delt ut ein haug med andre prisar og utmerkingar, som me kjem attende med snart.
Veitastrond.com gratulerar Kurt Heggestad som årets spelar 2009!
Veitastrond.com hadde for nokre veker sidan eit portrettintervju med Kurt Heggestad. Dette kan du lesa HER
|