|
Årets treningsfantom - Bjørn Molland

Veitastrond hadde i går sin siste trening for sesongen og etter søndagens kamp mot Askvoll/Holmedal luktar det no ein lengre vinterferie lang veg for våre staute spelarar. Sidan det ikkje vert fleire treningar kan me no ta ei oppsummering av årets treningsstatistikk, og ikkje minst annonsera årets vinnar; Bjørn Molland. Han har vore i tet stort sett heile sesongen igjennom og det er utvilsamt fortent at han på siste trening til slutt drog i land sigeren. Av oss i Veitastrond.com får berre Bjørn nokre rosande ord, medan det vankar premiering på avslutningsfesten seinare i haust.
Bjørn Molland er 27 år og er ein erkeekte strending. Han har vore med Veitastrond sidan starten i 2004 og har spelt over 80 kampar for klubben. Ein kan trygt seia at Bjørn er ein av bærebjelkane i VIL-fotball.
I tillegg til å vera ein av laget mest betydningsfulle spelarar opp igjennom åra har han og vore ein av dei som har utmerka seg mest på treningsfeltet. Han vann treningsstatistikken seinast i 2007, og etter ein litt dårleg fjorårsesong er han altså igjen attende på toppen av treningstrona i år.
Det har i år vorte gjennomført 32 fotballøkter der Bjørn har møtt opp på 30 og vore på vinnarlaget 14 gonger. I tillegg hadde me 7 joggeøkter i vår og på desse møtte han opp 6 gonger. Dette gjer til saman 50 poeng for årets vinnar.
Me gratulerar Bjørn som årets vinnar av treningsstatistikken, og oppmodar alle andre om å følga hass eksempel til neste sesong!
Etter Bjørn fulgte Gøran Fimreite på 2.plass med 47 poeng og Richard Nes på 3.plass med 45 poeng...
Kurt flest gonger på vinnalaget
Hovudingrediensen for å komma høgt opp på treningsstatistikken er å møta opp på treninga, men me deler ut like mykje poeng for å vera på vinnarlaget. I år er det ikkje mykje tvil om kven som har utmerka seg mest her, då Kurt Heggestad har vore flest gonger på vinnarlaget sjølv om han berre har vore på 20 av 32 treningar.
Heile 18 av 20 gonger har Kurt vore på vinnarlaget og dette gjer han ein imponerande vinnarprosent på 90%. Det var truleg ikkje mange fleire treningar Kurt skulle ha vore på for at han hadde forbetra sin 6.plass på årets treningsstatistikk.
Etter Kurt er det Gaute Olstad (64,71%), Vidar Vadseth (64,29%), Åsmund Øgar (63,16%) og Kenneth Mo (61,11%) som har utmerka seg ved å vera på vinnarlaget i forhold til antall oppmøtte treningar.
Av dei som har utmerka seg på den andre sida av denne tabellen kan men nevna Emil Heggestad (26,67%), Øivind Kristiansen (29,17%) og Frank Heggestad (31,75%). For Emil sin del kan me nevna at han vore ute med sjukdom i fleire månadanr og i denne perioden stod han på sidelinja på treningane og fekk då berre poeng for oppmøte.
Det skal sjølvsagt seiast ar det er mykje tilfeldighetar ute å går på treningane og vinnarprosenten gjengjer ikkje nødvendigvis treningsinnsatsen til vedkommande. Det kan vera at dei som kjem dårleg ut berre har vore uheldige med å komma på lag med dei svakaste heile tida...
Månadens spelarar
Me har kvar månad kåra månadens spelar basert på treningsstatistikken vår.
Til saman 11 ulike spelarar har fått denne utmerkinga i år, der Åsmund Øgar er den som har fått den flest gonger. Han har fått utmerkinga heile 5 månadar, og har vore med å utmerka seg stort på treningsfletet sidan han slutta seg til VIL i slutten av mars månad.
Sjå kven som har blitt kåra til månadens spelar denne sesongen HER
Tal og statistikkar
Det har altså i år vore 32 fotball- og 7 joggeøkter, noko som skulle gje 39 treningar til saman i sesongen 2009. Samanlikna med tidlegare år har antall treningar gått ned, der me i 2007 hadde 43 treningar og i 2008 hadde 42 økter. I 2007 og 2008 var det berre reine fotballøkter, og slik sett har eigentleg antall fotballøkter gått drastisk ned denne sesongen.
Dette har nok litt med at me i år har spelt fleire kampar i år enn tidlegare. Saman med treningskampane har me i år spelt 28 matchar. Det vil seia at me til saman med kampar og treningar har samlast 65 gonger frå fyrste trening i byrjingar av januar til siste kamp no i midten av oktober. Dette vil seia at me slik ca har samlast kvar 4.dag for Veitastrond Fotball i denne perioden...
Til saman har det i år vore 34 ulike sjeler innom vårt treningsfelt. På dei 32 fotballøktene har me hatt eit snitt på 14,2 mann pr trening, medan på dei 7 joggeøktene har hatt eit snitt på 7 mann pr økt. Alt i alt har me på dei 39 samlingane våre hatt eit snitt på 13 mann pr trening.
Stort mykje meir er det ikkje å seia om årets treningssesong, og me satsar på at me no avsluttar sesongen 2009 med siger og fornya kontrakt i 4.divisjon på søndag.
|