Heim    Nyhende    Spelarane    Årets sesong    Historikk    Underhaldning    Gjesteboka    Lenker  

  "Det er for mange dårlege lag i 4.divisjon"

I forkant av kampen mot Førde 2 09.08.09 gjekk VIL-spelar Arne Nes hardt ut og sa at ingen lag kom til å slå Veitastrond i dei resterande kampane denne sesongen. Til trass for ein god haustsesong har det vist seg at desse spådommane ikkje har slått til 100% og allereie i kampen mot Førde 2 gjekk me på ein smell. No er det slik at den storvokste snauskolten heime på Øyna ikkje er av typen som fornektar seg, og sanneleg min hatt så vart ikkje me i Veitastrond.com innbedt på nytt kaffislabedas. Denne gongen hadde Arne nye friske uttalelsar på menyen, og etter å ha analysert årets sesong så konkluderar han Veitastrond sine variable prestasjonar med at det rett og slett er for mange dårlege lag i årets 4.divisjon.

Det var altså etter sigeren mot Lærdal i fyrste haustkamp at Arne valgte å lada opp mot det viktige botnoppgjeret med denne saftige remsa HER

No er han altså tilbake med fleire teoriar og dersom desse skulle stemma overeins med røynda, ja då trur me at Sandane allereie no kan byrja å skjelva i knehasane.

Fell ned på dei andre sitt dårlege nivå

"Ja no skal du høyra kva eg har funne ut du. Eg er ikkje i tvil om at me i Veitastrond er det suverent beste laget i denne divisjon, men i år har me tapt for mange kampar då motstandarane generelt er for dårlege. Når dei er sopass rævva som dei er så klarar ikkje me i VIL alltid å spela så bra som me kan, men me tek oss i å falla ned på deira elendige nivå. Dette har diverre kosta oss dyrt i år, men heldigvis er det nokre lag i divisjon som har eit nokonlunde ok maxnivå som gjer at me kan visa oss frå si beste side og dermed ta igjen litt av det tapte", uttalar Arne medan bastante ansiktsuttrykk veltar ut av munnvikene og brer seg ut over resten av fjeset.

Arne hadde lenge gått å tygd på denne teorien og etter at me slo Dale 3-0 heime i helga er han ikkje lenger i tvil; "No har me vunne mot både Saga, Selje og Dale som er i toppen av 4.divisjon. Då gjenstår det etter mi meining berre ein av toppskalpane, men den kjem på fredag når Sandane skal grusast!...ja no er det kanskje ein og anna systrending som påberopar seg at Syril er eit topplag òg, men for å legga all tvil til side - det er dei IKKJE. Byråkratiske VEMBE, kallar eg slike som dei der ute", glefsar Arne i mot oss og bit hardt over ei krudlekake så smulane ristar ned over heile stovegolvet til ho Kristina.

Likevel mange tap mot topplaga?

Me i Veitastrond.com tykkjer utvilsamt at teorien er intressant, men me stussar likevel over kvifor VIL har gått på relativt stygge tap mot både Sandane (1-4), Selje (1-5), Saga (1-5) og Dale (1-3). Den som trudde me no sat med ein mållaus teoretikar må tru om igjen;

"Grunnen til det er at me i forkant av desse kampane har spelt mot relativt elendig motstand og me har gått inn til desse kampane med det dårlege nivå til den forrige motstandaren i beina. Då brukar me for lang tid på å komma oss opp dit me skal, og kampen er tapt før me byrjar å dominera. No såg me sist då me tapte 1-5 mot Saga, men når me då kom til Dale kampen etterpå så hadde me nivået til Saga inne og me fekk lett match mot dalingane då. Til helge møter me altså Sandane som vert 3. topplag på rad og alt under 5-målssiger vil verta som ei bombe for min del", seier Arne og nikkar tilfredstillande mot oss, tydeleg godt nøgd med sitt eige svar.

Javel ja. No har du jo uttalt deg ganske bastant før i år utan at dei spådommane heilt slo til. Kva gjer at me skal tru deg denne gongen?

"Altså. No ba ikkje eg deg heim her for å snakka om feil eg har gjort tidlegare. Her fokuserar me kun på framtid og fyrst og fremst Sandane kampen på fredag. Du må ikkje komma her å vera frekk i kjeften du din graokjaka kjelkatjuv borti sofan dar...då er det fort du fer på hovudet og røvi ut herifrå", seier Arne som no har røyst seg og peikar i mot utgansdøra.

Me i Veitastrond.com skjønnar at praten er over for denne gong, og me får nok ein gong håpe på at Arne sine teoriar vil slå ut i full blomst i serieavslutninga...eller kanskje ikkje, me har jo faktisk att to kampar mot lag som etter Arne si vurdering held eit for lågt nivå til det som passar oss best...

 

 

 

Copyright ® 2006 veitastrond.com
VEITASTROND.com
tt